OrdførarOrdføraren i Sykkylven kommune er Olav Harald Ulstein frå Framstegspartiet. Olav Harald Ulstein vart valt 02.10.2023 i kommunestyret sitt konstituernade møte. Vervet er for 4 år. SH Sist endra 21.06.2024 12.45 Ordføraren har kontor på rådhuset. Han kan kontaktast per e-post: olav.harald.ulstein@sykkylven.kommune.no eller på telefon: 900 95 687.Ordføraren sine oppgåver: Er leiar i Sykkylven kommunestyre og Sykkylven formannskap. Har møte- og talerett i alle kommunale organ, men har stemmerett og forslagsrett berre om han er vald medlem. Er kommunen sin rettslege representant og skriv under på vegne av kommunen der mynde ikkje er tildelt andre. Kan avgjere saker som ikkje er prinsipielle og som kommunestyret har gitt fullmakt til.