iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: https://web.archive.org/web/20170202033453/http://www.avisa-hordaland.no/henrik-den-andre
Henrik den an­dre - Hordaland
The Wayback Machine - https://web.archive.org/web/20170202033453/http://www.avisa-hordaland.no/henrik-den-andre
DEN ANDRE MANNEN KJEM ATTENDE: Henrik Mestad si førestilling «Den andre mannen i meg» stod på planen under Vossa Jazz 2015, men gjekk ut på grunn av sjukdom. Teaterstykket vert sett opp att seinare. Foto: NRK

Henrik den an­dre

- Skal du gje­ra ein mo­no­log, må ka­non­en vera så mykje meir ladd! Det er så mykje tyng­re enn van­leg te­a­ter.

Publisert 01.04.2015 kl. 18.21. Oppdatert kl. 11.45.

KJEM ATTENDE

Intervjuet med Henrik Mestad vart gjort i forkant av årets Vossa Jazz. Framsyninga måtte avlysast grunna sjukdom. Festivalen kjem til å setja opp Mestad sin monolog ved eit seinare høve. Truleg vil det skje på festivalen i 2016.

Henrik Mestad er 50 år, er gift og har to born.

Han bur i Oslo, og er Skodespelar på Nationaltheatret, freelance på film og scene.

Fredag i palmehelga skulle Henrik Mestad stått på sce­na i Ga­mle­ki­no­en og for­mid­la Olav H. Hauge sine hjar­te­skje­ran­de dagbokstankar i fram­sy­nin­ga «Den an­dre man­nen i meg», saman med sak­so­fo­nist­en Trygve Seim. Dei to har gjort denne na­k­ne og hud­lau­se fram­sy­nin­ga mange, mange gon­ger.

FAR FRÅ TEIGDALEN og mor frå Bømlo, har Henrik Mestad ikkje ber­re di­a­lekt­en og to­ne­fal­let på plass - nei, han har rett og slett vest­len­ding­en i rygg­merg og sjel.

- Eg har evna til å læra meg di­a­lekt­ar og ak­sent­ar frå uli­ke kant­ar av lan­det, men det­te er noko heilt anna. Bak­grunn­en min har gje­ve meg eit as­so­si­a­sjons­grunn­lag eg kan bru­ka. Det er ikkje snakk om noko eg meist­rar på det in­tel­lek­tu­el­le pla­net, men noko eg har «langt ner'i magan».

- Far­far kom frå gard­en Mestad. Han hug­sar eg ikkje, men far­mor som kom frå na­bo­gard­en hug­sar eg godt. Så len­ge far­mor lev­de, var me på Evanger og i Teigdalen kvar som­mar og gjes­ta slek­ta. Eg var mykje saman med sys­ken­bor­na Ola Bjørnar og Svein Inge Styve - eg såg enormt opp til dei, for dei var så sto­re og dreiv med spen­nan­de ting.


Sys­ken­bar­net Svein Inge hug­sar den åtte-ni år yng­re oslo-fet­ter­en godt, mest som eit litt ir­ri­te­ran­de på­heng når han og bro­ren skul­le ut på spen­nan­de moro.

- Det eg hug­sar aller best er likevel at han ikkje var ga­mle kar­en då han sa at han skul­le ver­ta sko­de­spe­lar. Far­mora vart heilt for­tvi­la. - Vert du sko­de­spe­lar, kjem eg til å døy! sa ho. Elles var han med og fis­ka, og om som­ra­ne var me alltid oppe og bada i bas­sen­get på Vangen. Henrik var ein kar som «lev­de i alle en­d­ar».

HENRIK er vak­sen opp i Oslo, der fa­ren Viking var bank­di­rek­tør og te­a­ter­mann. Han var mellom anna sty­re­lei­ar for Det Nors­ke Teatret i 22 år.

- Far var his­to­rie­for­tel­jar, han had­de uen­de­leg mange his­to­rier frå li­vet i Teigdalen i ga­mle dag­ar. Dermed veit og kan eg ting som det had­de vore vans­ke­leg «å researcha» seg fram til. Mor er lei­ken og flink til å her­ma etter folk. Eg er ri­me­leg sik­ker på at på­verk­nad­en heimanfrå har vore med­ver­kan­de til at eg vart sko­de­spe­lar. Når det gjeld Olav H. Hauge, ligg Ulvik både geo­gra­fisk og di­a­lekt­mes­sig midt mellom vossa­di­a­lekt­en og bømlodialekten. Eg lån­te ein ør­li­ten hardingasveip frå far til Herborg Kråkevik, men det var bitte lite.


Fak­tisk snak­kar Henrik Mestad så finslepen ulvikadialekt i «Den an­dre man­nen i meg» at det er ulvikjer som har trudd han kom frå Ulvik.

- Det set eg ver­ke­leg pris på! Slikt er ar­tig å høy­ra.

- SKO­DE­SPE­LAR­YR­KET trud­de eg var eit val eg sjølv had­de gjort i vak­sen al­der, og at eg had­de gått ve­gen som ein kon­se­kvens av det. Men for nokre få år sidan fann mor mi ein stil eg skreiv då eg var 12-13 år, der opp­gå­va var av ty­p­en «Kva gjer du når du er 30 år?». Der skreiv eg fak­tisk at då skul­le eg vera sko­de­spe­lar på Nationaltheatret! Rart, ikkje sant? Eg hug­sa det ikkje ein gong, før mor fann stil­en!

Henrik had­de i unge år også ei lita rol­le i Radioteatret, ein gong dei had­de bruk for dei breie r-ane få an­dre Oslo-gut­ar kun­ne gje­ra Henrik etter.

Trass i spå­dom­men frå bar­ne­å­ra, drøym­de Henrik i åra på Teaterhøgskolen likevel om eit liv utanfor dei sto­re ins­ti­tu­sjons­sce­ne­ne.

- Draum­en var å få job­ba på Torshovteatret - som ligg inn un­der Nationaltheatret - og dri­va med eks­pe­ri­men­telt og ut­ford­ran­de te­a­ter.


Han er sje­le­glad i dag for at han fekk fast jobb på Nationaltheatret di­rek­te frå Teaterhøgskolen - i 1991.

- Eg ham­na midt i den sto­re, tun­ge teatertradisjon­en, og det var ein strå­lan­de skule. Brått var eg kol­le­ga med folk eg alltid had­de sett opp til. Dei fyrste må­na­de­ne gjekk eg ber­re rundt og gjor­de mitt bes­te for ikkje å stå i ve­gen. Eg trur eg fyrst og frem­st skal tak­ka Nils Ole Oftebro for at han drog meg inn i sin svæ­re famn, leikeslåst med meg og fann på an­dre sli­ke barns­le­ge ting som fekk meg til å slap­pa av.

Det fyrste styk­ket Henrik spel­te i på National var Ibsen-dra­m­aet «Hær­men­ne­ne på Helgeland».

Etter tre-fire år på Nationaltheatret, fekk Henrik en­de­leg prø­va seg på Thorshovteatret, og det vart ein in­tens skule dei nes­te sju åra.

- Det var det einaste eg dreiv med, me had­de døgn­drift og spel­te mo­der­ne og eks­pe­ri­men­telt te­a­ter.

MIDT i ALT DET­TE kom «Ves­ta­vind», den sto­re NRK-pro­du­ser­te dra­ma­se­ri­en som på mange vis vart gjen­nom­bro­tet for norsk fjern­syns­dra­ma.


- Ja, det kje­nnest i alle fall slik. «Hei­le» lan­det såg på denne se­ri­en, og fleire år etterpå kun­ne eg knapt gå ut av ein bil utan at nokon rop­te «Joakim!» etter meg.

For yng­re le­sar­ar er det kanskje naud­synt å for­kla­ra at Henrik spel­te Joakim, son til bon­de­dot­te­ra Agnes (Hildegun Riise) og den vel­stå­an­de for­ret­nings­man­nen Georg Ahslen (Bjørn Skagestad).

- Det var ei heilt fan­tas­tisk tid. Hei­le krem­en av nors­ke sko­de­spe­lar­ar var med, det var eit even­tyr. Og eg fekk brukt utru­leg mykje av vest­lands­arv­en min. Etter alle som­ra­ne i Teigdalen, kun­ne eg fak­tisk he­sja, og no fekk eg bruk for det!

- PRI­VI­LE­GERT, sei­er Henrik om seg sjølv.

- Eg har fått job­ba ein god del med film sis­te åra. Det er ein heilt annan måte å job­ba på, og eg set stor pris på det. Men no li­kar eg òg det eg ikkje trud­de eg skul­le lika: å stå på ei ho­vud­sce­ne og lyf­ta fram ein stor og tung tekst.

Som små­barns­pap­pa i godt vak­sen al­der, har Henrik uansett måt­ta leg­gja om må­t­en å job­ba på.


- Å dri­va på med 250 fram­sy­nin­gar i året, slik eg gjor­de på 90-ta­let, går ikkje. Derfor pass­ar det utru­leg godt å job­ba med film. Eg kan vera ver­das mest tol­mo­di­ge pap­pa om mor­gon­en. Me et fru­kost i ro og fred, så sur­rar me oss ned til bar­ne­ha­g­en, eg går heim og les rol­ler og jobb­ar nokre ti­m­ar, så hen­tar eg i bar­ne­ha­g­en att og me kan gjerne bru­ka ein time på heim­veg­en. Heilt per­fekt! Eg kjen­ner at når det gjeld å ver­ta pap­pa, er det bet­re seint enn tid­leg - i alle fall for min del. Eg kun­ne ikkje ha vor­te far som 30-år­ing, ein gong!

EIN KON­SE­KVENS av det ro­le­ga­re li­vet, er at Mestad er langt meir til­ba­ke­hal­den med å hop­pa på til­bod om lok­kan­de rol­ler. For pres­ta­sjon­ane hans i diverse film- og fjern­syns­pro­duk­sjon­ar er vort­ne lag­de mer­ke til - både i inn og ut­land. Sam­stun­des er også norsk film i vind­en som knapt nokon gong før.

- Men eg kjen­ner eg har tungt for å sva­ra ja til rol­ler utan­lands. Had­de det vore for 10 år sidan, had­de eg reist på dag­en!


Mestad er elles i full gang med inn­spe­lin­ga av ein ny stor norsk dra­ma­se­rie som har fått nam­net «Ok­ku­pert». Se­ri­en er lagt til ei ikkje altfor fjern fram­tid, og Mestad spe­lar rol­la som ein ide­a­lis­tisk stats­mi­nis­ter som vert sett i sto­re og vans­ke­le­ge di­lem­ma. Se­ri­en har sen­de­start til haust­en.

SKO­DE­SPE­LAR­YR­KET er krev­jan­de, og Henrik Mestad kan kjen­na seg fy­sisk og men­talt full­sten­dig ut­sli­ten.

- Men det er ikkje noko gale i å vera ær­leg og ekte sli­ten, det kje­nnest ber­re sunt og godt. Det gjev meg ener­gi.

Ofte er sjølve øv­ings- og inn­stu­de­rings­pe­ri­o­den den mest sli­tan­de. I den pe­ri­o­den yter rol­la mot­stand, og sko­de­spe­lar­en kan sli­ta med at han eller ho er i kon­flikt med rol­le­fi­gur­en sine ver­di­val. På pre­mi­e­re­dagen er det­te eit tilbakelagt sta­di­um, der alle sli­ke kjens­ler er og må vera ryd­da til si­des.

Det er dei krev­jan­de rol­le­ne som gjer det verd å stå på.

- Di meir du må gra­va, di bet­re vert det. 99 pro­sent av ar­bei­det kan vera lett, det er den sis­te pro­sent­en - der frik­sjon­en er skik­ke­leg stor - som tel.


KLAT­RING er ein av Henrik Mestad sine ynd­lings­ak­ti­vi­tet­ar - når tida til­lèt det, og han treng eit pus­te­rom.

- Eg er glad i å vera i ak­ti­vi­tet ute i na­tur­en. Eg har nok brukt i over­kant mykje tid på klat­ring, sei­er Henrik - som har klat­ra i både asi­a­tis­ke, nord­ame­ri­kans­ke og sør­ame­ri­kans­ke fjell - i til­legg til dei nors­ke.

Lange ka­jakk­tur­ar, med hav­ka­jakk, er ein annan kjær ak­ti­vi­tet. Henrik har pad­la både nord for Svalbard og langt sør i Antarktis.

Men på Voss og Ekstremsportveko har han aldri vore - til no. For­står me han rett, er det ikkje han i mot å få prø­va ut ele­men­ta her, sjølv om nett klat­rin­ga kanskje ikkje er ekst­rem nok.

«DEN AN­DRE MAN­NEN I MEG» vart til ved eit til­fel­le.

- Då dag­bø­ke­ne til Hauge skul­le gje­vast ut, kom for­la­get og spur­de om eg kun­ne lesa nokre dikt på lan­se­rin­ga. Eg har kjent til Olav H. Hauge i mange år og har lese mange av dik­ta han, men der og då opp­da­ga eg kva for ei fan­tas­tisk kraft det var i des­se tekst­ane. Det hand­lar om ein som vart kunst­nar med eller mot sin vil­je.


Sidan had­de Henrik det­te ma­te­ri­a­let lig­gjan­de, til han ein som­mar var del av Liv Bernhoft Osa sitt som­mar­prog­ram i Sævelid.

- Eg had­de med meg Ivar Kolve på vib­ra­fon, og det fun­ka utru­leg bra. Dermed var det klart at her måt­te det ver­ta ein kom­bi­na­sjon av dikt og mu­sikk.

Henrik Mestad har skri­ve ma­nus til, og re­gis­sert, «Den an­dre man­nen i meg». Opp gjennom åra har han prøvd uli­ke kons­tel­la­sjon­ar, til dø­mes har han ar­beidd saman med dan­sar­en Ingrid Lorentzen - på eit opp­legg dei tes­ta ut på Ba­ro­n­iet i Rosendal. Sei­na­re vart det ein ver­sjon saman med mu­si­kar­ane Trygve Seim og Frode Haltli.

HAUGE SINE TEKST­AR er sterk kost, også for den som skal fram­fø­ra dei.

- Utan at eg har noko vit­ska­pe­leg fors­king å slå i bor­det med, trur eg Olav aldri fekk skryt av far sin. Tvert om, fa­ren var brydd over denne gutlarven som ber­re las og skreiv, i sta­den for å gje­ra vetig ar­beid. Fyrste gong­en Olav fekk eit klapp på skul­dra hjå fa­ren var då han kom heim frå Landbrukshøgskolen på Ås med gode ka­rak­ter­ar. Men då rak­na det òg skik­ke­leg for han, så du­ge­leg at han enda på Valen. Kanskje var schi­zo­fre­ni­en hans ein måte å over­le­va på? Å kun­na slep­pa til ei anna røyst som han ikkje had­de an­svar for? Ikkje ein gong i dag­bo­ka greid­de Olav å vera ær­leg med seg sjølv. For sam­stun­des som han tyrs­ta etter ros og gode ord, ba­ga­tel­li­ser­te han all skryt og vellæte.


Mo­no­log­en er uansett ein krev­jan­de di­sip­lin.

- Du får aldri le­vert frå deg ball­en. Viss van­leg te­a­ter er ein fot­ball­kamp, er mo­no­log­en fem­mi­la. Du må hen­ta all ener­gi i deg sjølv. Og pub­li­kum vert endå vik­ti­ga­re enn elles, dei vert på ein måte part­nar­en din. Eg fø­ler at eg nest­en kjen­ner dei som sit i sal­en.

Tru om det ikkje set mange kjen­ning­ar i sal­en. Og mange vert nok kjen­de med den an­dre man­nen i meg.