Etter at Yellowstone nasjonalpark vart oppretta i 1872, vart det oppretta nasjonalparkar i mellom anna Australia (1879) og Canada (1887). Europas første nasjonalparkar vart oppretta i Sverige i 1909. Dei største samla verna areala finst i Canada (229 000 km2), USA og Australia. Den største nasjonalparken i verda, Nordøstgrønland, har eit areal på cirka 700 000 km2.
Afrika er den verdsdelen der arbeidet med nasjonalparkar har kome lengst. Seks av dei ti største nasjonalparkane i verda ligg i Afrika, og av dei ti landa som har verna mest i forhold til landarealet, er sju afrikanske. Taloppgåver om nasjonalparkar i ulike land kan elles vera misvisande, mellom anna fordi definisjonar og heimlar varierer.
Medan dei nordiske landa legg vekt på at nasjonalparkane skal vera prega av urørt natur, er det eit typisk trekk at nasjonalparkar i meir industrialiserte og folkerike land har sterkare preg av kulturlandskap og parkar. I USA og i fleire europeiske land blir det ofte laga til bilvegar gjennom områda for å gjera det lettare for besøkjande å koma til. Dette må mellom anna sjåast i samanheng med at det i mange land ikkje eksisterer nokon rett til fri ferdsel i utmark som er i privat eige. I nasjonalparkar med rikt dyreliv, som i Afrika, kan også biltrafikk i mange tilfelle verke mindre forstyrrande enn ferdsel til fots.
Dei store afrikanske nasjonalparkane har truleg vore med på å redde mange afrikanske dyreartar frå utrydding, særleg dei store pattedyra. Europeisk bison (Polen) og alpesteinbukk (Italia) er døme på europeiske artar som truleg er redda ved at det vart oppretta nasjonalparkar.
USA har også ein annan kategori av større verneområde utanom nasjonalparkane, dei såkalla villmarksområda (wilderness areas). Det finst 756 villmarksområde i USA, med eit samla areal på vel 443 000 km2. I dei amerikanske nasjonalparkane kan det vera både busetnad (byar), veg, jernbane og annan infrastruktur, men i villmarksområda er det ingen eller nesten ingen tekniske inngrep. Det er lov å ferdast i villmarksområda, men det er ingen organiserte hjelpeapparat å søkje hjelp hos om behov for assistanse skulle oppstå.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.