Volda er ein tettstad i Volda kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,8 km², og har 7033 innbyggjarar (2023).
Volda er administrasjonssenter i Volda kommune. Høgskulen i Volda ligg her, og tilbyr mellom anna lærarutdanning, mediefag og andre fag. Volda sjukehus og Søre Sunnmøre tingrett ligg òg i tettstaden.
Tettstaden heitte tidlegare Halkjelsvik, opprinneleg eit gardsnamn. Tunet på garden Halkjelsvik er bevart inne i tettstaden; Halkjelsvika i Voldsfjorden ligg like nedanfor garden.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.