iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: https://snl.no/Torgeir_Knag_Fylkesnes
Torgeir Knag Fylkesnes – Store norske leksikon

Faktaboks

Torgeir Knag Fylkesnes
Fødd
4. juni 1975, Tromsø, Troms
Torgeir Knag Fylkesnes.

Torgeir Knag Fylkesnes er ein norsk politikar for Sosialistisk Venstreparti (SV), som er stortingsrepresentant frå Troms sidan 2013. Han er nestleiar i SV sidan 2019.

Bakgrunn

Torgeir Knag Fylkesnes er fødd i Tromsø. Etter å ha fullført Kongsbakken videregående skole i 1994 utdanna han seg som cand.philol. i filosofi ved Universitetet i Tromsø i 2002. Fylkesnes dreiv i perioden 1999–2013 teknologi- og reklameselskapet Arc Giraff. Han har vore kommunikasjonsrådgivar i Sjukepleiarforbundet 2007–2010 og i Teknologirådet 2010–2013.

Politisk karriere

Fylkesnes var leiar av Sosialistisk Studentlag Tromsø 1997–2001 og var medlem av kommunestyret i Tromsø 1999–2002. Han var rådgivar i SV 2002–2007. Sidan då har han hatt fleire verv i SV, mellom anna som fylkesleiar i Troms 2011–2012 og som sentralstyremedlem 2012–2015. 2001–2005 var han vararepresentantStortinget for SV frå Troms.

Fylkesnes har vore fast stortingsrepresentant på Stortinget sidan 2013. Han var medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen 2013–2015, av kontroll- og konstitusjonskomiteen 2017–2019 og av næringskomiteen sidan 2015. Sidan 2017 har han vore første nestleiar i næringskomiteen. Frå 2021 er han og parlamentarisk nestleiar.

Politisk ståstad

Torgeir Knag Fylkesnes har vore ein viktig talsperson for eit kystopprør i Nord-Noreg mot sentralisering, både når det gjeld fiskeripolitikk og for offentlege tenester.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg