iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: https://snl.no/Kulturrevolusjonen
Kulturrevolusjonen – Store norske leksikon
Kulturrevolusjonen, kollektiv lesing

Partistrid var antakeleg grunnen til at Mao i 1966 lanserte Kulturrevolusjonen, som skaffa han kontroll over partiet og staten igjen. Den vesle raude boka med Maos tankar blei studert av millionar av kinesarar. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.
Kulturrevolusjonen, veggaviser

Veggaviser med propaganda for Mao og Kulturrevolusjonen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.
Firarbanden fjerna

Frå ein av minneseremoniane etter Maos død. «Firarbanden» var med på møtet, men blei styrta før biletet skulle offentleggjerast. Dei fire blei rett og slett fjerna frå biletet, noko som er grunnen til det påfallande «hòlet» i rekkja av prominensar i framgrunnen.

Av /NTB Scanpix ※.
Kulturrevolusjonen

Frå ein massedemonstrasjon utanfor porten til Himmelfredsplassen under Kulturrevolusjonen i slutten av 1960-åra.

Av /NTB Scanpix ※.

Kulturrevolusjonen var ein drastisk politisk kampanje i Kina som byrja i april 1966 og tok sikte på ei gjennomgripande endring av samfunnet. Gamle tradisjonar, gamle institusjonar og gamal kultur skulle bort for å skape eit nytt, kommunistisk samfunn. Initiativtakaren var leiaren av det kinesiske kommunistpartiet, Mao Zedong.

Faktaboks

Uttale
kultˈurrevolusjonen
Også kjend som
Den store proletære kulturrevolusjon

Kulturrevolusjonen blir rekna som avslutta i oktober 1976 då dei fremste leiarane, den såkalla «firarbanden», blei arrestert.

Bakgrunn

Mao Zedong blei president i Folkerepublikken Kina i 1949. Med støtte og inspirasjon frå Sovjetunionen ville Mao skape eit kommunistisk Kina. Mao følgde i store trekk det sovjetiske mønsteret med kollektivisering av landbruket, nasjonalisering av den beskjedne industrien og stor satsing på tungindustri. Kina prøvde å bli ei økonomisk og militær stormakt under «Det store spranget» i 1958–1961, men på grunn av urealistiske produksjonsmål og ineffektivt jordbruk, kombinert med fleire naturkatastrofar, førte kampanjen til at millionar døydde av svolt.

Tilbakeslaget under «Det store spranget» førte til motsetningar mellom leiarane. I desember 1958 trekte Mao seg tilbake som statssjef og blei erstatta av Liu Shaoqi. Forholdet mellom desse to blei stadig dårlegare, noko som var ei av fleire årsaker til at Mao etter ein roleg og politisk moderat periode utløyste kulturrevolusjonen i 1966.

Det som konkret markerte oppstarten på denne politiske perioden, var ein kritikk mot eit teaterstykke, «Hai Rui blir avsett frå embetet». Stykket blei tolka som ein kritikk av Mao og styret hans, noko som førte til ei vidare radikalisering av kunst og kultur, og det blir derfor rekna som startskotet for kulturrevolusjonen. Dei som stod bak fordømminga av teaterstykket, var Maos andre hustru, Jiang Qing, og Yao Wenyuan i Firarbanden. Med dette fekk dei radikale fraksjonane i partiet større innflytelse og avgjerande kontroll over media og propagandaapparatet, og dessutan påverknad på Raudegardistane.

Omfang

Under kulturrevolusjonen var det omfattande utreinskingar i det kinesiske kommunistpartiet, forvaltninga og kulturinstitusjonane, og universiteta blei stengde. I kampen mellom dei ulike fraksjonane innanfor partileiinga lanserte Sentralkomiteen sommaren 1966 ei ny masserørsle, dei raude gardane. Raudegardistane, som ei tid blei dei fremste forkjemparane for kulturrevolusjonen, førte kampen ut i gatene og ut til alle provinsane.

Det første angrepsmålet til Raudegardistane var dei «fire gamle»: gamle skikkar, vanar, tenkjemåtar og ideologiar. Dei gjekk laus på «dårlege» element, som tidlegare store jordeigarar, rike bønder, fabrikkeigarar og borgarlege intellektuelle. I neste omgang angreip dei medlemmer av kommunistpartiet for utruskap eller feilaktig ideologi.

Eit av dei ytre kjenneteikna til kulturrevolusjonen var kor stor vekt ein la på offentleg kritikk og audmjuking av dei personane som blei rekna som «fiendar av folket». Helst skulle offeret komme med sjølvkritikk. Eit anna typisk trekk i gatebiletet i dei kinesiske byane i denne perioden var veggavisene: store, handskrivne plakatar som blei slått opp på lett tilgjengelege stader. Dei inneheldt som oftast kritikk retta mot namngitte personar.

Leiingsfunksjonen til kulturrevolusjonen blei lagd til ei gruppe der Chen Boda var formann og mellom anna Jiang Qing medlem. Ein kamp mot alt «gammalt», massedemonstrasjonar og gruppereiser for å spreie revolusjonen prega no livet i nasjonen. I 1967 blei kulturrevolusjonen ført inn i fabrikkar og landsbyar. Mange stader sette arbeidarar og bønder seg til motverje, og det oppstod kaotiske tilstandar som hemja produksjonen.

Kulturrevolusjonen førte med seg nye økonomiske direktiv. I landbruket skulle produksjonsresultatet delast likt mellom alle brigademedlemmer, det vil seie innbyggjarar i ein landsby. Dei enkelte familiane fekk ikkje lenger behalde dei små private jordstykka sine. I industrien blei prestasjonslønn og bonusar nedkjempa. Kulturpersonlegdommar og politiske leiarar på alle plan blei forfølgde, og fysisk mishandling var utbreidd.

Konsekvensar

Sentralkomiteen vedtok i 1981 ein resolusjon om «visse spørsmål i partihistoria». Her blei det slått fast at Mao Zedong hadde hovudansvaret for kulturrevolusjonen, som blei skildra som ein katastrofe. Kinesiske styresmakter har aldri gitt noka samla oversikt over dødsoffer. Partidokument har slått fast at over 100 millionar menneske blei meir eller mindre skadelidande, særleg under den mest radikale fasen av kulturrevolusjonen, perioden 1966–1969. Blant dei var president Liu Shaoqi, som døydde i fengsel i 1969 etter mishandling.

Offisielt blei kulturrevolusjonen avslutta våren 1969, då måla hans var nådde, men mykje av politikken og retorikken – som blei skrivne inn i partigrunnlova same året – heldt fram heilt til Mao døydde hausten 1976. Det er vanleg å rekne kulturrevolusjonen fram til 6. oktober 1976, då firarbanden blei arrestert. I partihistoria blir perioden 1966–1976 kalla «den tiårige katastrofen».

Namnet kulturrevolusjon har òg blitt brukt tidlegare i nyare kinesisk historie om politiske kampanjar og endringar innan samfunnslivet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg