iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: https://nn.wiktionary.org/wiki/w:Gabon
Gabon – Wikipedia Hopp til innhald

Gabon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
République Gabonaise

(norsk: Gabon, gabonsk)

Det gabonske flagget Det gabonske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «La Concorde»
Motto Union, Travail, Justice
Geografisk plassering av Gabon
Offisielle språk Fransk
Hovudstad Libreville
Styresett
Republikk under militærstyre
Brice Oligui
Raymond Ndong Sima
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
267 667 km² (76.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
1 772 255 (150.)
6,6 /km² (186.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Frankrike
17. august 1960
Nasjonaldag 17. august
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
34 410 mill. USD (118.)
22 400 USD (62.)
Valuta CFA-franc
Tidssone UTC +1
Telefonkode +241
Toppnivådomene .ga


Gabon, offisielt Republikken Gabon, er ein republikk ved ekvator i vestre Sentral-Afrika. Landet grensar til Kamerun, Republikken Kongo, Ekvatorial-Guinea og Atlanterhavet. Hovudstaden er Libreville. Namnet på landet er ei fransk avleiing av Rio de Gabão, eit namn portugisiske utforskarar gav til Gabonelva fordi forma hennar minna om ei kappe med hette, portugisisk gabão.[1]

Frå sjølvstendet i 1960 og fram til 1990-talet var Gabon styrt av eineveldige presidentar. Omar Bongo Ondimba hadde makta frå 1967 til han døydde i 2009. I 1991 blei ein ny konstitusjon teken i bruk, der ulike parti blei tillatne og meir demokratiske val kunne haldast. Bongo heldt likevel fram som president, og han blei etterfølgd av sonen Ali Bongo Ondimba. Denne blei avsett gjennom eit militærkupp i 2023. Gabon er eit av dei meir utvikla landa i Afrika, takka vere ei lita folkemengd, rike naturtilgangar og støtte frå utlandet.

Kart over Gabon med større byar avmerkte.
Topografisk kart over Gabon.

Geografisk sett er landet ei kystslette karakterisert av sandbankar og laguner som blir avbrotne av den breie elvemunningen til Ogooué. Gabon er dominert av det skogkledde elvbekkenet til dette store vassfaret, som i lag med bielvar renn gjennom 60 % av landet. Bielvane flyt ned frå det afrikanske sentralplatået nordover mot Ekvatorial-Guinea og Kamerun og frå Kongo-Brazzaville mot aust og sør.[2]

Dei austlege delane av landet er dominert av eit breitt innlandsplatå på 500–1 000 meter over havet, der elva Ogooué og bielvar har grave ut basseng og dalar. Platået er bygd opp av prekambriske bergartar som granitt, gneis, sandstein og skifer. Det høgaste fjellet på platået er Mont Iboundji (972 moh.) i midten av Gabon.[3]

I vest ligg det ei kystslette som er 20–40 kilometer brei i sør. Mot nord utvidar ho seg til å blir 120–140 kilometer brei, og ved utløpet til Ogooué ved Kapp Lopez er ho oppimot 200 kilometer brei. Cirka 80 kilometer sør for den nordre grensa i landet skjer Gabonelva djupt inn i landet, nesten til foten av fjella. Langs kystlinja finst det fleire lagunar.[3]

Klima og miljø

[endre | endre wikiteksten]
Elefantar i Lopé nasjonalpark.

Gabon har eit typisk ekvatorialt klima, tropisk regnklima, som inneber at det heile året er vått, varmt og fuktig med mykje skyer. Den årlege nedbørsnormalen ligg mellom 1250 og 2000 mm dei fleste stader, men stig til rundt 2500 mm nær kysten og i høgareliggande område. Den tørraste tida på året er juni til august då den intertropiske konvergenssona er lengst mot nord. Temperaturane vert sjeldan lågare enn 20 °C eller høgare enn 32 °C.

I landet er det regnskog og ein rik flora og fauna. Nokre av Gabon sine største miljøproblem er for stor skogshogst og tjuvjakt. Det største helseproblemet er hiv og aids. I 2001 var 9 % av den vaksne befolkninga smitta eller sjuke av hiv/aids.

65 % av landet sin elektrisitet vert produsert av vasskraft og resten med fossile brensel, som olje.

Nokre av dei største miljøproblema til Gabon på byrjinga av 2020-talet var for stor skoghogst, som leia til avskoging, og tjuvjakt.[4] I tillegg kjem ein oljeindustri som bidrar til vassforureiningar og dessutan søppelfjell forårsaka av ei veksande befolkning. Landet har gjort ein innsats for å verna skogane sine, med bruk av digital sporing av trevirke for å sikra at det er lovleg felt og satellittovervaking mot ulovleg trefelling.[5] Mellom 2010 og 2020 tapte det berre 0,1 skog per år.[5]

Hellerissingar i Lopé nasjonalpark.

Gabon før sjølvstendet

[endre | endre wikiteksten]
Lokale folk med kokebananar og bambus til sals kring 1900.

Beltet av frodig grasmark som går gjennom Gabon har i fleire hundreår vore eit gjennomfartsområde for stammar frå Vest-Afrika til område sør om ekvator. Nokre bantutalande folkeslag slo seg ned der for godt. Frå det indre av noverande Kamerun kom seinare fangfolket, eit krigersk folk som hadde rykte på seg om å vera kannibalar. Dei selde elfenbein til europeiske kjøpmenn, som hadde nyskipa handelsplassar ute ved kysten, og fekk i bytte skytevåpen og andre varer. Portugisarane var dei fyrste som, kring 1470, slo seg ned ved kysten. Engelskmenn, nederlendarar, franskmenn og spanjolar følgde etter, mange av dei for å kjøpa slavar.

I 1849 skipa derimot franskmennene Libreville som ein koloni for frigitte slavar, etter same mønster som engelskmennene sin Freetown i Sierra Leone. Frankrike annekterte formelt Gabon 1885, og saman med tre andre koloniar blei landet i 1910 medlem av føderasjonen Ekvatorialafrika. Kring hundreårsskiftet leid landet under utnytting frå franske handelskompani, men etter 1910 blei dei verste forholda avskaffa. Franskmennene byrja utnytta dei rike råvaretilgangane til kolonien, og auka særleg eksporten av mahogni.

Det sjølvstendige Gabon

[endre | endre wikiteksten]
Klede til ære for Omar Bongo og den franske presidenten Georges Pompidou, som vitja Gabon i 1971.

I sluttfasen av kolonitida blei Fransk Ekvatorialafrika oppløyst, og Gabon blei sjølvstendig i 1960. Presidentane Léon M'ba og Omar Bongo (1967–2009) heldt på ein liten fransk troppestyrke i landet, som mellom anna bidrog til å avverja eit statskupp i 1964.

Den konservative, pro-franske haldninga til styresmaktene har fremja større utanlandske investeringar, dels frå private selskap og dels frå dei franske styresmaktene og frå Verdsbanken. Næringslivet i Gabon har utvikla seg raskt i samband med utnyttinga av mangan-, jernmalm-, olje- og uranressursane i landet. Gabon var ein eittpartistat der president Omar Bongo, fram til han døydde i 2009, hadde ei sterk stilling. Fram til 1990-talet blei Gabon styrt av eineveldige presidentar. I 1991 blei det vedtatt ein ny grunnlov som opna for fleire parti og meir demokratiske val. Gabon er eit av dei meir utvikla landa i Afrika, takka vera eit lite folketal, rike naturresursar og støtte frå utlandet.

Kuppforsøk 2019

[endre | endre wikiteksten]

7. januar 2019 blei det rapportert om eit militærkupp i Gabon.[6] Seinare same dagen meldte styresmaktene at situasjonen var under kontroll og 4 av 5 kuppmakarar var arresterte. Kuppmakarane blei oppgitt å vera offiserar av lågare rang.[7] Den siste blei arrestert seinare same dagen.[8]

Kuppforsøk 2023

[endre | endre wikiteksten]

30. august 2023 kom det opplysingar om at militæret i Gabon hadde tatt over makta og oppløyst regjeringa. Militæret meldte at grensene i landet var stengde og at alle institusjonar i republikken var oppløyst.[9] Militærkuppet fann stad etter at presidenten Ali Bongo var blitt gjenvald til ein tredje mandatperiode.[10] Militæret valde seinare generalen Brice Oligui Nguema – ein fetter av Ali Bongo – til mellombels leiar.[11][12]

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]
Kvinne i ipepe, tradisjonell klesdrakt for punufolk (ei eshiragruppe).

I 2010 var Gabon eitt av dei minst tett folkesette landa i Afrika med cirka 5 innbyggarar per km². Den høgaste folketettleiken var langs kysten og langs dei store elvane. Dei største byane i landet var hovudstaden Libreville og hamnebyen Port-Gentil. Til saman utgjorde innbyggarane i desse kring 35 % av befolkninga.[13]

Folkegrupper

[endre | endre wikiteksten]

Befolkninga er inndelt i cirka 40 folkegrupper. Den største gruppa på 2010-talet var fangfolk, som hovudsakleg var busette nord for elva Ogooué i dei nordre og nordvestlege delane av landet. Folkegruppa finst òg i nabolanda Ekvatorial-Guinea og Kamerun.[13][14]

I sør- og midtdelane av landet levde hovudsakleg andre bantutalande folk, som eshira, okandé, adoum og bakota. I skogområda lever òg eit par tusen babingafolk (pygmear) som nomadiske jegerar og samlarar.[13]

I tillegg til dei ulike folkegruppene som er fødde i Gabon så har 20 % av borgarane i landet tileigna seg statsborgarskapet etter fødselen. Desse var i 2012 hovudsakleg frå nærliggande afrikanske land.

Mange er arbeidskraftinnvandrar som har kome til Gabon i håp om eit betre liv, ofte busette i slumområde i Libreville. Andre er flyktningar frå mellom anna Kongo. I 2011 erklærte styresmaktene at flyktningstatusen for kongolesarar skulle opphøyra.

Det offisielle språket i Gabon er fransk. Dei rundt 40 ulike folkegruppene har alle sine eigne språk, medrekna fleire bantuspråk. Andre større språk er fang,[13] mbere, myene, nzebi, punu og sira.[15]

Ein utøvar av animistreligionen bwiti.

I 2012 var 82 % av befolkninga rekna for å vera kristna (42,3 % katolikkar, 12,3 % protestantar og 27,4 % andre kristne). Dessutan var 9,8 % muslimar og 0,6 % var animistar.

Sosiale tilhøve

[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Gabon hadde høge inntekter og høg gjennomsnittleg BNP per innbyggar i 2010, var rundt ein fjerdedel av befolkninga under fattigdomsgrensa. Gabon hadde likevel eit betre utvikla sosialt støttesystem enn dei fleste afrikanske landa, med alderspensjon, sjukepensjon og arbeidsskadeforsikringar og dessutan fordelar til familiar med barn. Sjølv om helsestellet var betre enn i dei fleste andre landa i regionen, var barnedøyelegheita enno ganske høg.[13] For år 2015 blei spedbarnsdøyelegheita rekna til å vera 4,61 %.

I 2020 var nesten 60 % av befolkninga under 25 år. Dette kan forklarast med dei høge fertilitetstala på cirka 4 barn per kvinne, eit tal som hadde gått ned frå 4,46 i 2015. Sidan 2015 har barnedøyelegheita gått ned, og 2021 var ho rekna til 2,95 %. Befolkningstilveksten for 2021 var rekna til 2,41 %. På same tid har medianalderen til befolkninga gått opp. I 2015 var han rekna til 18,6 år, og i 2021 til 21 år.[14]

Helse og andre befolkningsdata

[endre | endre wikiteksten]

Det største helseproblemet er HIV/AIDS. I 2014 var 3,91 % av den vaksne befolkninga smitta eller sjuk med HIV/AIDS. Fram til 2020 hadde delen av befolkninga som var smitta gått ned til 3 %, totalt 46 000 personar. Talet på dødsfall i 2020 var færre enn 1000 personar.

Ved folketeljinga 22. mai 2013 blei det funne at den faktisk befolkninga som var i Gabon (de facto) var 1 811 079 innbyggarar, av dei 934 072 menn og 877 007 kvinner.[16] Ein hadde tidlegare halde folketeljingar i 2003, 1993 og 1960.[17] I juli 2018 rekna The World Factbook innbyggartalet i Gabon til å vera 2 119 036 innbyggarar, medan Dei sameinte nasjonane rekna befolkninga 1. juli 2016 til 1 763 000.

Utsyn over hovudstaden Libreville, som er det finansielle sentrumet i landet.

Det blei oppdaga olje i havbotnen på 1970-talet, og no svarar oljebransjen for halvparten av landet sin BNP. Trass naturtilgangane sine har Gabon hatt problem med økonomien, fremst grunna ein dårleg finansøkonomi. Ei stor devaluering på midten av 1990-talet leidde til ein inflasjon på 35 %, men finansiell hjelp frå Verdsbanken og Frankrike stoppa den negative utviklinga.

På byrjinga av 1970-talet, før produksjonen av olje og mangan hadde komme i gang på alvor, var trevirke av høg kvalitet ei av dei viktigaste eksportvarene. Desse kom frå tre som gabon, ibenholt og valnøtt. På byrjinga av 2000-talet var to tredelar av den totale yta i Gabon urørt regnskog, men ferdigstillinga av den transgabonske jernbana frå hamnebyen Owendo ved Libreville til sentrale Masuku i 1986 blir rekna for å ha ført til auka utvinning av treråvarene.[2]

På byrjinga av 2000-talet kom halvparten av bruttonasjonalproduktet i landet frå olje. Om ein ser dette talet og jamfører med det vesle folketalet i Gabon får ein eit feilaktig inntrykk av BNP (PPP) per kapita i landet, som skjuler det eigentlege faktumet at meir enn halvparten av befolkninga i landet stadig var sjølvbergande bønder. Ei stor sosial kløft skilde landsbybuarane frå eliten i byane, og landet sleit med økonomiske problem.[2]

På byrjinga av 2020-talet var inntekta per kapita i Gabon kring fire gangar så høg som motsvarande tal i andre land i Afrika sør for Sahara. Inntektsskilnadene var likevel framleis store. Dette kan hovudsakleg stamma frå utvinninga av olje, men òg andre viktige råvarer som mangan og tømmer.

Den kraftige økonomiske ekspansjonen til Gabon på 1960- og 1970-talet bygde fyrst og fremst på ei rask utvikling av den utanlandskdominerte gruve- og oljeindustrien. På slutten av 1990-talet vann ein hovudsakleg ut olje ved kysten. Mangan- og jernmalmtilgangane var blant dei rikaste i verda, og Gabon hadde store reservar av uran.[18] På trass av naturresursane sine har Gabon hatt problem med økonomien, som dels kan stamma frå dårleg finanspolitikk og dels på at økonomien har vore for avhengig av oljeeksport. Dette siste har gjort landet sårbart for prisendringar på olje.

På 2000-talet har Gabon gått inn for å tena på miljøvern. Landet har negative karbonutslepp, sidan regnskogen tek opp mykje av karbon (ca. 140 millionar tonn per år), og har gjort framlegg om å selja karbonkreditt til andre land.[5] I 2023 skreiv landet under på ein nyskapande avtale med Bank of America om å få betre lånevilkår mot å innføra miljøverntiltak.[19]

Næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Jordbruk, skogbruk og fiske

[endre | endre wikiteksten]
Nkembo marknad i Libreville.
Lastebil med trestammar i 1979.

Jordbruket stod i 2017 for cirka 5 % av BNP. Vanlege jordbruksprodukt på byrjinga av 2020-talet var bananar, kassava, sukkerroe, jams, taro, grønsaker, mais, jordnøtter, viltkjøtt og gummi.

Jordbruket sysselsette ved byrjinga på 2000-talet halve befolkninga, men gav låg avkasting, og kunne ikkje føda heile folket. Ein måtte derfor importera mange næringsmiddel. Dei viktigaste eksportavlingane var kaffi, kakao og palmeolje.[18] Jordbruksproduksjonen har vore søkkande i lang tid, sjølv om ein stor del av den arbeidande befolkninga i landet, ca. 50 % i byrjinga av 2020-talet, framleis er sysselsette innan sjølvbergingsjordbruk. Trass i dette trong ein likevel importera rundt halvparten av alle næringsmiddel. Staten har gjennom åra gjort forsøk på å stimulera jordbruket for å minska importavhengnaden.[20]

Skogbruket, som spelte ei stor rolle fram til 1999, gav tropiske treslag (mellom anna gabon).[18]

Energi og råvarer

[endre | endre wikiteksten]

I 2019 kom cirka halvparten av energien i landet frå fossile brensel og den andre halvparten frå vasskraft. Det blei også importert energi.

Gabon har rike mineralressursar. Kring ein fjerdedel av dei kjente manganreservane i verda finst her, og landet var på byrjinga av 2000-talet den fjerde største produsenten i verda av mangan.[2] Naturresursar i landet er petroleum, mangan, diamant, uran, gull, taum, jernmalm, vasskraft, naturgass og niob.

I 2017 stod industrien for cirka 44,7 % av BNP.

På slutten av 1990-talet var industrien, så vel som infrastrukturen (vegar, jernbaner), dårleg utvikla, men eksportinntektene hadde skapt relativ velstand i landet. Dei økonomiske banda med Frankrike var viktige.[18]

Industrisektoren omfattar på byrjinga av 2020-talet mellom anna utvinning og raffinering av petroleum, mangan og gull. Det blir òg tilverka kjemikaliar, mat og drikke, tekstilar, tømmer, finer, sement og blir dessutan arbeidd med fartøyreparasjonar.

Tenestenæring og turisme

[endre | endre wikiteksten]

Servicesektoren stod i 2017 for cirka 50,4 % av BNP.

På byrjinga av 2020-talet stod olja for nær 80 % av eksportinntektene.

Frankrike importerte på byrjinga av 2000-talet størstedelen av uranen sin frå Gabon.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]
Provinsar i Gabon.

Gabon er delt inn i ni provinsar:

Infrastruktur

[endre | endre wikiteksten]

Post, telefoni og Internett

[endre | endre wikiteksten]

Ein liberal og konkurranseutsett marknad har laga landet attraktivt for utvikling av mobilt breiband, datatenester og testar av 5G.

Marknaden for fast telefoni er derimot underutvikla på grunn av manglande konkurranse, som har leidd til høge prisar.

Sør-Korea har investert i fibernettverket som ein del av den sentralafrikanske ryggsøyla. Det finst tilstrekkeleg internasjonal bandbreidde gjennom undervasskabelsystem. Dessutan har styresmaktene tatt på seg ansvaret for grunnleggjande infrastruktur og e-helsetenester. Det blir òg lagt ned innsats i å innføra forbetringar av lover og reglar.

Utdanning og forsking

[endre | endre wikiteksten]
Elevar under ei feiring av ungdommen i 1979.

I 2019 motsvarte utgiftene for utdanning 2,8 % av BNP.

Gabon har 10 år obligatorisk skulegang, ein er seks til ein er 16. Grunnskulen varer i fem år. Sekundærskulen varer lengst i sju år, delt i to nivå på fire og tre år.[20]

Staten i Gabon har ansvar for utdanninga i landet. Det finst òg privatskular og skular drivne i samarbeid med ulike katolske misjonar. Gabon har tre universitet.[20]

Lese- og skrivekunna hjå befolkninga som er over 15 år blei i 2009 rekna til 88 %, 91 % blant menn og 84 % blant kvinner. I 2015 var 16,8 % av den vaksne befolkninga analfabetar, blant menn var talet 14,7 prosent og blant kvinner 19,0 prosent.[20]

Kring 80 % av barna byrjar i grunnskulen. Delen av jenter er like stor som delen av gutar. Skulesystemet er sterkt påverka av det franske utdanningssystemet med omsyn til struktur og innhald.[20]

Helsetenester og andre viktige samfunnstenester

[endre | endre wikiteksten]
Veggbilde mot seksuelt overførbare sjukdommar.

I 2019 motsvarte utgiftene for helsevesenet 2,8 % av BNP.

Staten står for nesten alt helsestell. På byrjinga på 2020-talet var helsestellet stadig utilstrekkeleg, særleg utanfor Libreville-området. Sidan 1970-talet har det likevel blitt lagt inn ein innsats for å betra helsestellet.[21]

I Lambaréné ligg det internasjonalt kjente sjukehuset som blei drive av Albert Schweitzer frå 1924 til 1965, og som no er kalla opp etter han.[21]

Velkomstdans frå kystområda.

Kunstartar

[endre | endre wikiteksten]

Musikk og dans

[endre | endre wikiteksten]
Afro-jazz-musikaren Pamela Badjogo i 2023.

Den gabonske folkemusikken er vokalt basert og består av korte melodiske frasar som vekslar mellom stigande og fallande rørsler, hovudsakleg med kvart-, kvint- og septimaintervall. Dei er oftast bygde på diatonale grupper av 5–6 tonar, og blir fleirstemmige gjennom ein vekselsongteknikk av rop og svar-type.[20]

Blant viktige instrument kan ein særleg merka seg ulike typar trommer, men òg strengeinstrument. Eit nemneverdig strengeinstrument er mvet, ein særeigen stokkesiter med 3–4 strenger som mellom anna blir nytta ved framføring av epos.[20] Andre folkemusikkinstrument er obala, ngombi og balafon.[22] Ved midten av 1900-talet blei vestlege instrument som piano, gitar, bass, trommesett, trompet og saksofon populære i bymiljø.[23]

Den tidlege gabonske populærmusikken var sterkt påverka av soukous, den kongolesiske varianten av rumba.[20] Under tida som eittpartistat hadde offisielle musikkgrupper ei viktig rolle, som groupes d’animation, grupper av kvinner som song og dansa til støtte for regjeringspartiet. Etter 1968 blei det skipa ei slik gruppe for kvar provins i landet. Dei song på lokale språk og på fransk.[23]

Pierre Akendengué (f. 1943) har hatt ein sentral posisjon innan musikklivet i landet. Etter å ha budd utanlands i fleire år vende han tilbake til Gabon og blei rådgjevar i kulturelle spørsmål for presidenten. Han har òg reist rundt i Gabon og spelt inn tradisjonell musikk hjå mellom anna pygmébefolkninga.[20]

Før 1990, då det var strengt diktatur i landet, søkte vanlegvis musikarar seg til korps i militæret eller politiet. Men president Omar Bongo støtta det sivile musikklivet.[20]

Frå slutten av 1980-talet blei afro-zouk populært, og seinare har òg reggae og hiphop blitt populære sjangrar i Gabon.[20]

Biletkunst

[endre | endre wikiteksten]
Belg til ein smed brukt av fangfolk.

Ein stor del av den tradisjonelle kunsten og kunsthandverket i Gabon har tilknyting til hemmelege selskap.[20]

Tilknyting til forfedrane er viktig, og er reflektert i handverket til dei ulike folkegruppene, til dømes i skulpturar, masker og relikvieskrin.[20] Relikviane til forfedrane blir tatt vare på i særskilde ilåt av mange folkegrupper. På denne behaldaren er det vanlegvis ein statuett, ein vernefigur, som viser antropomorfe figurar i eit stilisert formspråk. Desse er vanlegvis tilverka av tre og ofte dekorerte med til dømes koppar, messing og lêr.[20]

Fleire folkegrupper laga også masker. Ansiktet har då ein kvit botn og er hjarteforma, eit typisk kjenneteikn for regionen.[20]

Mange samtidskunstnarar i Gabon har ei sterk tilknyting til den tradisjonelle kunsten og kunsthandverket.[20]

  1. Thuesen, Nils Petter (24. november 2023). «Gabon». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Hudson, Ray: Geographica- Atlas och uppslagsverk över världens folk och länder, 2007. ISBN 978-3-8331-4129-4. 
  3. 3,0 3,1 «Gabon – natur». Store norske leksikon. Henta 6 september 2011. 
  4. «'Future of Gabon' at Stake in Counterpoaching Fight», VOA (på engelsk), 12. desember 2019, henta 16. oktober 2023 
  5. 5,0 5,1 5,2 Collins, Tom, «Gabon sets example of how to preserve the Congo Basin rainforest», www.aljazeera.com (på engelsk), henta 16. oktober 2023 
  6. Finsveen, Jesper Nordahl (7. januar 2019), «Militærkupp i Gabon. Nyttårstalen fikk begeret til å renne over», dagbladet.no (på norsk), henta 16. september 2023 
  7. «Gabon coup attempt: Government says situation under control» (på engelsk). 7. januar 2019. 
  8. «Gabon detains soldiers after failed coup». the Guardian (på engelsk). 7. januar 2019. Henta 20. februar 2022. 
  9. «Militärkupp i Gabon – regeringen upplöst». www.aftonbladet.se (på svensk). 30. august 2023. Henta 30. august 2023. 
  10. «Militärer i Gabon: Vi har tagit makten». Dagens Nyheter. 30 augusti 2023. Henta 31 augusti 2023. 
  11. «The coup in Gabon is part of an alarming trend”». The Economist. 30 augusti 2023. Henta 31 augusti 2023. 
  12. «Gabon får ny ledare efter militärkupp – den förre presidenten har ”pensionerats”». Yle. 30 augusti 2023. Henta 31 augusti 2023. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 «Gabon – befolkning». Store norske leksikon (på norsk). Henta 17. september 2010. 
  14. 14,0 14,1 «Gabon». The World Factbook (på engelsk) (Central Intelligence Agency). 2022-02-12. Henta 20. februar 2022. 
  15. «Languages of Gabon». ethnologue.com. Arkivert frå originalen 15. september 2008. 
  16. «3. Population by sex, annual rate of population increase, surface area and density» (PDF) (på engelsk og fransk). Dei sameinte nasjonane, United Nations Statistics Division. s. 1. Henta 15 juni 2017. 
  17. «Population by sex and urban/rural residence» (på engelsk). Dei sameinte nasjonane, United Nations Statistics Division. Henta 16. juni 2017. 
  18. 18,0 18,1 18,2 18,3 Alla Världens Länder 2000 Bonnier Lexikon
  19. Pilling, David; Bryan, Kenza; McDougall, Mary (15. august 2023). «Gabon finalises first debt-for-nature swap in Africa». Financial Times. 
  20. 20,00 20,01 20,02 20,03 20,04 20,05 20,06 20,07 20,08 20,09 20,10 20,11 20,12 20,13 20,14 20,15 «Gabon - Uppslagsverk - NE.se». www.ne.se. Henta 20. februar 2022. 
  21. 21,0 21,1 «Gabon - Government and society | Britannica». www.britannica.com (på engelsk). Henta 21. februar 2022. 
  22. «national-instrument». symbolhunt.com. 28. desember 2020. Henta 15. august 2022. 
  23. 23,0 23,1 Alice Aterianus-Owanga, «Cultural animation groups (in Gabon)» (PDF), Bloomsbury Encyclopedia of Popular Music of the World, XII. Genres: Sub-Saharan Africa, s. 124-125 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Gabon