Xylose
Utsjånad
Xylose eller tresukker er ein sukkerart (monosakkarid, sjå aldopentose) som er særs vanleg i plantemateriale, særleg i tre. I form av polysakkaridet xylan, som er det viktigaste av hemicellulosene, utgjer xylose om lag 30 % av veden i lauvtre. Xylose finst òg i naturgummien tragant og i visse glykosid. Xylolose vert framstilt ved hydrolyse av tre, strå og liknande. Xylose og den tilsvarande alkoholen, xylitol, vert mellom anna nytta som kunstig søtstoff.
-
D-xylopyranose
-
Xylofuranose
-
D-xylose, stolkonformasjon
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«xylose» i Store norske leksikon, snl.no.