Torino FC
Fullt namn | Torino Football Club S.p.A. | |||
---|---|---|---|---|
Kallenamn | Il Toro (oksen) Il Granata (dei raudbrune) | |||
Grunnlagd | 3. desember 1906 som Foot-ball Club Torino 1. september 2005 som Torino Football Club | |||
Heimebane | Stadio Olimpico Grande Torino | |||
Styreleiar | Urbano Cairo | |||
Hovudtrenar | Walter Mazzarri | |||
Liga | Serie A | |||
2018/19 | 7. plass i Serie A | |||
Nettstad | Heimeside | |||
| ||||
Noverande sesong |
Torino Football Club er ein fotballklubb i Torino i Italia. Klubben vart stifta i 2005 og vert rekna som ein direkte etterfylgjar av Torino Calcio, ein klubb som vart skipa i 1906. Torino FC spelar i Serie A, det høgste nivået i italiensk fotball.
Torino hadde si stordomstid i 1940-åra, då Grande Torino i perioden 1943-49 vann fem seriemeisterskap, mellom anna fire på rad. Den 4. mai 1949 omkom så godt som heile laget i ein flystyrt straks aust for Torino. Sidan den tid har Torino vunne Serie A ved eitt høve, i 1975/76-sesongen. Klubben har fem nasjonale cupfinale-sigrar, den fyrste kom i 1935 og den siste i 1993. I 1992 tok laget seg fram til finalespel i UEFA-cupen, der det etter dei to kampane mot Ajax Amsterdam samanlagt stod 2-2, og det nederlandske laget vann turneringa på regelen om bortemål.
Forgjengaren Torino Calcio vart slegen konkurs i 2005. Dette førte til at ein ny klubb vart stifta, og denne fekk overta den konkursråka klubben sin plass i seriesystemet. Torino FC har sidan 2006 spela heimekampane sine på Stadio Olimpico, eit stadion som opphavleg vart bygt til VM i fotball 1934. Heile anlegget vart nybygd for bruk under opnings- og avslutningsseremonien til vinter-OL 2006. Klubblaget Torino spelar i burgunderraude trøyer og kvite bukser.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Torino F.C.» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2013.