Terra rossa
Utsjånad
Terra rossa (italiensk for «raud jord») er ei raudbrun forvitringsjord. Ho vert danna i område med kalksteinsberggrunn og middelhavsklima, mellom anna i karstområda rundt Adriahavet, men finst òg andre stader som på Prince Edward Island i Canada.
Samanlikna med anna leirhaldig jord har terra rossa-jord overraskande god drenering. Dette gjer han til ein populær jordtype for vinproduksjon. Av vinområde finn ein denne jorda i La Mancha i Spania og Coonawarra i Australia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Terra rossa. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 21. november 2013 frå http://snl.no/terra_rossa.