iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: https://nn.wikipedia.org/wiki/Svartehavsflåten
Svartehavsflåten – Wikipedia Hopp til innhald

Svartehavsflåten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svartehavsflåtens armemblem

Svartehavsflåten (russisk: Черноморский флот) er ein del av den russiske marinen som er stasjonert i Svartehavet og opererer der, i Azovhavet og Middelhavet. Flåtens hovedkvarter ligger i Sevastopol.[1]

Flåten vart etablert 13. mai 1783 av Grigorij Potemkin, samstundes med at byen og flåtebasen Sevastopol vart etablerte. Desse tiltaka var ein del av konsolideringa og utviklinga av dei nye store områda som Det russiske keiserriket hadde sikra seg langs Svartehavet etter Küçük Kaynarca-traktaten og overtaking av Krim-khanatet under ledelse av Potemkin, same året som flåten vart etablert.

Svartehavsflåten etter sjøslaget ved Sinope i 1853

Keisardømet

[endre | endre wikiteksten]

Flåten har sidan den vart etablert, hatt ein stor politisk og militær verdi for Russland. Allereie de første åra var den viktig i å sikre russisk innflyting og kontroll i det søraustlege Europa, og vann i 1790 ein viktig sjømilitær siger over Det osmanske riket i slaget ved Kertsjsundet under den russisk-tyrkiske krig (1787–1792).

Trass at fredsavtalen frå Paris etter Krimkrigen slo fast at Svartehavet skulle vere demilitarisert, vart området fort russisk militært ansvarsområde.

Etter det smertelige nederlaget i den russisk-japanske krig, kor store delar av den russiske marine vart utsletta, braut det ut eit opprør på panserkryssaren «Potemkin» i 1905, noko som seinare viste seg å vere ein viktig gneiste både i forhold til 1905-revolusjonen og den seinare revolusjonen i 1917.

Under første verdskrigen var det ei rekke samanstøytar mellom Svartehavsflåten og fartøy frå Det osmanske riket.

Sovjettiden

[endre | endre wikiteksten]

Under den russiske borgarkrigen vart store deler av flåten konfiskert av vestmaktene. Nokre av desse vart overleverte på 1920-tallet, men dei fleste vart erstatta av ein storstilt nybygging og modernisering.

Etter det tyske angrepet på Sovjetunionen under andre verdskrig vart aktiviteten til flåten koordinert med Den raude armeen, særleg under beleiringen av Odessa og slaget om Sevastopol.

Under Yom Kippur-krigen i 1973 vart flåten sendt ut i Middelhavet for å balansere nærværet frå United States Navy.

Deling med Ukraina

[endre | endre wikiteksten]

Flåten i 2016

[endre | endre wikiteksten]

I 2016 er flåten styrt av Søre militærdistrikt.

Kystforsvarsavdelingar

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Black Sea Fleet (BSF) Morskoyo Flota (Naval Force). Globalsecurity.org.