Stilksporesoppar
Stilksporesoppar | |
Systematikk | |
Rike: | Soppriket Fungi |
Underrike: | Dikarya |
Rekkje: | Stilksporesoppar Basidiomycota de Bary, 1866 |
Stilksporesoppar (Basidiomycota) er den eine av to store grupper som soppriket tradisjonelt blir delt i, den andre gruppa er sekksporesoppar. Desse to gruppene blir gjerne rekna som «høgare sopp». Nokre forskarar samlar dei i underriket Dikarya i soppriket. Felles for alle stilksporesoppar er at dei kjønna sporane blir danna utvendig på små stilkar, sterigmar, i toppen av oftast kølleforma celler som blir kalla basidiar.[1]
Stilksporesoppane omfattar dei fleste av dei velkjende soppgruppene, som skivesoppar, røyrsoppar, kjuker, gelésoppar, røyksoppar og kantarellar, men også av fleire soppgrupper som ikkje dannar store fruktlekamar, som rustsoppar og sotsoppar.
Generelt består stilksporesoppar av hyfar, og reproduserer seg seksuelt ved hjelp av klubbeforma celler i enden av hyfar som kvar har fire meiosporar festa på utsida ved hjelp av ein liten stilk. Desse seksuelt produserte sporane blir kalla basidiosporar. Nokre stilksporesoppar reproduserer seg aseksuelt.
Klassar
[endre | endre wikiteksten]Ifølgje Catalogue of Life inneheld denne divisjonen følgjande klassar.[2]
- Basidiomycota, stilksporesoppar
- Agaricomycetes, ekte hymeniesoppar
- Agaricostilbomycetes
- Atractiellomycetes
- Bartheletiomycetes
- Classiculomycetes
- Cryptomycocolacomycetes
- Cystobasidiomycetes
- Dacrymycetes, tåresopper
- Entorrhizomycetes
- Exobasidiomycetes, klumpbladsoppar
- Geminibasidiomycetes
- Malasseziomycetes
- Microbotryomycetes, uekte sotsoppar
- Mixiomycetes
- Pucciniomycetes, ekte rustsoppar
- Tremellomycetes, ekte gelésoppar
- Tritirachiomycetes
- Ustilaginomycetes, ekte sotsoppar
- Wallemiomycetes
- Slekter utan klasse
- Anastomyces
- Anguillomyces
- Anthoseptobasidium
- Arcispora
- Arrasia
- Brevicellopsis
- Capitulocladosporium
- Celatogloea
- Cystogloea
- Dacryomycetopsis
- Frantisekia
- Hallenbergia
- Kryptastrina
- Microstella
- Mycetophagites
- Neotyphula
- Nodulospora
- Paraphelaria
- Punctulariopsis
- Radulodontia
- Restilago
- Synaptomitus
- Teliosporites
- Zanchia
- Zygodesmus
- Zygogloea
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Høiland, Klaus: stilksporesopper i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 2. august 2022
- ↑ Bánki, O., Roskov, Y., Döring, M., Ower, G., Vandepitte, L., Hobern, D., Remsen, D., Schalk, P., DeWalt, R. E., Keping, M., Miller, J., Orrell, T., Aalbu, R., Adlard, R., Adriaenssens, E. M., Aedo, C., Aescht, E., Akkari, N., Alfenas-Zerbini, P., et al. (2022). Catalogue of Life Checklist (Versjon av 12. juli 2022). Catalogue of Life.
- Denne artikkelen bygger på «Stilksporesopper» frå Wikipedia på bokmål, den 4. februar 2024.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) stilksporesoppar hos Artsdatabanken
- (en) stilksporesoppar – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) stilksporesoppar i Encyclopedia of Life
- (en) stilksporesoppar i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) stilksporesoppar hos Dyntaxa
- (en) stilksporesoppar hos Fossilworks
- (en) stilksporesoppar hos Index Fungorum
- (en) stilksporesoppar hos ITIS
- (en) stilksporesoppar hos MycoBank
- (en) stilksporesoppar hos NCBI
- (en) stilksporesoppar hos Tropicos