Solvang i California
Utsjånad
34°35′38″N 120°08′23″W / 34.59389°N 120.13972°W
Solvang | |
---|---|
Dansk-inspirerte hus i Solvang | |
Styresmakter | |
Delstat Fylke |
California Santa Barbara County |
Geografi | |
Flatevidd | 6 km² |
Innbyggjarar - By (1. april 2020) - folketettleik |
6 126[1] 834,66/km² |
Høgd over havet | 154 m |
Tidssone | PT (UTC-8) |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.cityofsolvang.com/ | |
Plassering | |
Solvang er ein by i Santa Barbara County i delstaten California i USA. Solvang er ein av stadene som i Santa Ynez Valley. Solvang ligg 74 km nordvest for Santa Barbara og 35 km aust for Lompoc. Folketalet i Solvang i 2010 var 5 245 innbygjarar.
Eit stykke Danmark i USA
[endre | endre wikiteksten]Byen vart grunnlagd av ei gruppe danske lærarar som reiste lengre vest frå Midt-Vesten for å kome seg bort ifrå den kalde vinteren der. Her vart det skapt eit lite stykke Danmark. Dei fleste namna er danske og husa er bygd i tradisjonell dansk stil. Her finst «danske» restaurantar, bakeri, butikkar, vindmøller og til og med kopier av Den lille havfrue og Rundetårn i København. Mange av dei bufaste i Solvang snakker dansk.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Statue av Hans Christian Andersen i Solvang
-
Bakeri/konditori i Solvang som sel danske bakervarer
-
Rundetårn i Solvang
-
Tivolitorvet i Solvang
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad (engelsk)
- ↑ 1,0 1,1 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.