iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: https://nn.wikipedia.org/wiki/Rotte
Rotte – Wikipedia Hopp til innhald

Rotte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rotte
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Gnagarar Rodentia
Familie: Musefamilien Muridae
Stamme: Rattini
Slekt: Rotte Rattus
Fischer von Waldheim, 1803
Brunrotte (Rattus norvegicus)

Rotter (Rattus) er ei gruppe gnagarar som ofte har spiss snute, utståande øyro og hårlaus hale. Rotter er i slekt med mus, men er vanlegvis større. Rotteslekta omfattar 65 artar, med to av dei utbreidde i Noreg, brunrotte og svartrotte. Dei fleste artane held til i den sørlege delen av Asia.[1]

«Rotte» vert brukt som samnemning for ei lang rekkje artar av gnagarar i mange familiar, først og fremst den største av alle pattedyrfamiliar, musefamilien, til dømes brunrotte (Rattus norvegicus) og svartrotte (Rattus rattus), men òg til dømes dyr i hamsterfamilien med bisamrotte, fjellrotte og jordrotte.

Rotter, særleg brunrotter, er blant dei verste skadedyra for menneske. Dei et eller øydelegg matvarer, dyrefôr, treverk, møblar, klede, emballasje, leidningar og vassrøyr, og dei overfører til dels svært alvorlege sjukdomar til både dyr og menneske. For mange symboliserer rotta vondskap, sjukdom og forrotning.

Rotter har skarpe tenner, som dei sliper kontinuerleg når dei gneg. I tillegg har dei særs sterk og rask kjevemuskulatur. Rotter kan bita omtrent seks gonger per sekund.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Rotte