iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: https://nn.wikipedia.org/wiki/Psykoanalyse
Psykoanalyse – Wikipedia Hopp til innhald

Psykoanalyse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Psykoanalyse er ein psykologisk teori og terapeutisk metode som vart utvikla av den austerrikske legen Sigmund Freud kring året 1900. Freud introduserte i 1901 teoriane om det umedvitne, det vil seie teoriar om at det i mennesket sin personlegdom finst fenomen som det ikkje er klar over, eller som det har trengt vekk frå det medvitne, og at dette pregar mennesket på ulike ofte skadeleg vis.

Psykoanalysen er både ein teori om korleis personlegdomen vert danna, ein analysemetode som får fram det umedvitne innhaldet i personlegdomen ved å gå gjennom handlingane, utsegnene og draumane til personen, og dessutan ein type terapi som går ut på å få fram sider av det umedvitne for å lindre psykisk smerte eller freiste lækje somme psykiske lidingar.

Psykoanalysen er ein vitskap som har vore i stendig endring allereie frå Freuds tid, og Freud sjølv reviderte etter kvart fleire av teoriane sine. Historisk stod fyrst driftpsykologien sterkt, det var ein biologisk orientert teori som la vekta på at driftene, særleg kjønsdrifta, var styrande for menneska. Deretter vart eg-psykologien (egopsykologien) vektlagt, det vil seie at det var lagt meir vekt på eg-et, sjølvet, enn på driftene, slik at dei psykologiske elementa kom meir i fokus. Så kom objektrelasjonsteorien til delvis å erstatte egopsykologien ved at det vart lagt større vekt på korleis tilhøva til dei tidlegaste og viktigaste personane i eit menneskets liv hadde vore. I dei seinaste åra har det vore sett på som ein særs viktig faktor å ha evne til å regulere sjøvkjensla og styrke kjærleiken til seg sjølv.