Petrellar
Utsjånad
Petrellar er ei gruppe av sjøfuglar innanfor ordenen stormfuglar, Procellariiformes. Definisjonen er omdiskutert, gruppa er ikkje rekna som eit takson, jamvel om somme avgrensar petrellane til slekta Pterodroma av stormfuglfamilien.
Petrellar kan ha fleire tydingar:
- Sjøfuglane i den biologiske slekta Pterodroma, - eller
- Pterodroma utvida med alle artar i stormfuglfamilien som ikkje er kvalfuglar eller lirer, - eller
- Vidare utvida med artane frå to familiar: dukkpetrellar og stormsvaler.
I vidaste tyding er petrellar då ei samling av artar frå tre grupper:
- Den største gruppa er frå stormfuglfamilien:
- Havhestar femnar om slektene Macronectes og Fulmarus, antarktispetrell, flekkpetrell og snøpetrell.
- Pterodroma, «eigentleg petrellar»
- Aphrodroma, sølvvengpetrell
- Halobaena, blåpetrell, ofte rekna som medlem av gruppa kvalfuglar
- Bulweria, spisshalepetrell og arabarpetrell
- Procellaria, 5 store artar med 'petrell' i namnet, men tradisjonelt rekna som lirer
- Den minste gruppa er dei fire artane i familien dukkpetrellar.
- Den siste gruppa er stormsvaler, 'storm-petrels' på engelsk språk.