Onegaelva
Onega | |||
elv | |||
Satellittbilete av Onega
| |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 56 900 km² | ||
Lengd | 416 km | ||
Middelvassføring | 505 m³/s | ||
Kjelde | Latsja | ||
Munning | Onegabukta | ||
Onegaelva 63°53′06″N 37°59′17″E / 63.885°N 37.988055555556°E | |||
Wikimedia Commons: Onega River |
Onega (russisk Онега) er ei elv i Arkhangelsk oblast i Russland. Ho er 416 km lang og renn frå Latsja til Onegabukta i Kvitsjøen.
75 km før munningen delar ho seg i Store Onega og Vesle Onega, som dannar eit lite delta. Desse renn saman igjen før ho munnar ut i sjøen. Ved munningen deler ho seg i dei to greinene Dvinskij og Karelskij på kvar side av øya Kij.
Elva har eit fall på 118 meter frå kjelda til munningen, der ho har ei middelvassføring på 505 m³/s. Elva frys til mellom seint i oktober og tidleg i desember og vert isfri att i midten av april eller i mai.
Dei største sideelvane hennar er Kena, Iksa og Kozja frå venstre, og Volosjka, Mosja og Kodina frå høgre.
Byane Kargopol og Onega ligg ved Onegaelva. Langs breidda ligg og bevarte monument av gammal trearkitektur.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Онега (река)» frå Wikipedia på russisk, den 16. oktober 2008.