Oblast
Utsjånad
Oblast (slovakisk oblasť, russisk og ukrainsk о́бласть, belarusisk во́бласьць, bulgarsk о́бласт) er eit fellesnamn for undernasjonale politiske einingar i fleire land. Mogelege norske omsetjingar av ordet er område, sone, provins, region eller fylke.
Følgjande land nyttar oblast (eller kognatord av det) som omgrep for undernasjonale einingar:
- Bulgaria; sjå oblastar i Bulgaria
- Belarus; sjå voblastar i Belarus
- Kasakhstan; sjå oblystar i Kasakhstan
- Kirgisistan; sjå oblastar i Kirigisistan
- Russland; sjå oblastar i Russland
- Ukraina; sjå oblastar i Ukraina
Oblast vart òg nytta i Sovjetunionen; sjå oblastar i Sovjetunionen.