Moses Kiptanui
Moses Kiptanui | |
Statsborgarskap | Kenya |
Fødd | 1. oktober 1970 (54 år) Rift Valley-provinsen |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1996 |
Moses Kipkore Kiptanui (fødd 1. juli 1970) er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar som vart verdsmeister på 3000 meter hinder tre gongar på rad; 1991, 1993 og 1995. Han sette to verdsrekordar i 3000 m hinder og ein på 5000 meter.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Kiptanui slo gjennom i 1991 då han vann hinderløpet ved fleire såkalla Grand-Prix-stemne. Han toppa sesongen med å verte verdsmeister i øvinga under friidretts-VM i Tokyo, eit lite sekund føre landsmannen Patrick Sang. Året etter lukkast Kiptanui ikkje å kvalifisere seg til Sommar-OL 1992. Derimot sette han i Köln kort etter sommarleikane verdsrekord på 3000 meter med tida 7,28,9, ei rekordtid som stod til Noureddine Morceli slo den i 1994. Tre dagar etter rekordløpet i Köln forbetra Kiptanui verdsrekorden på 3000 m hinder til 8.02,0 under eit stemne i Zürich.
Ved verdsmeisterskapen 1993 i Stuttgart stod gullstriden i 3000 m hinder på ny mellom Kiptanui og Sang, og atter viste Kiptanui seg som ein langt betre spurtar. To år seinare var han aldri truga på sisterunden av hinderløpet under VM 1995 i Göteborg og tok sitt tredje rake gull i øvinga. Tidlegare i 1995-sesongen sette han verdsrekord på 5000 m med tida 12.55,3, og den 16. august 1995 vart han fyrstemann under åtte minuttar på 3000 m hinder, då han i Zürich vann på tida 7.59,1.
Både under Sommar-OL 1996 og VM 1997 kom Kiptanui i mål til sølvmedaljar. I Atlanta-OL hadde han lite å stille opp mot landsmannen Joseph Keter. Ved friidretts-VM 1997 i Aten berga han sølvmedaljen på nøyaktig same tid som bronsevinnar Bernard Barmasai, begge to passerte målstreken 0,2 sekundar etter gullmedaljøren, Wilson Boit Kipketer.
Kiptanui la opp i 2001.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 1991 i Tokyo: Gullmedalje – 8,12,5, framom Patrick Sang (8.13,4)
- VM 1993 i Stuttgart: Gullmedalje – 8,06,3, framom Patrick Sang (8.07,5)
- VM 1995 i Göteborg:Gullmedalje – 8,04,1, framom Christopher Kosgei (8.09,0)
- OL 1996 i Atlanta: Sølvmedalje – 8,08,3, bakom Joseph Keter (8.07,1)
- VM 1997 i Aten: Sølvmedalje – 8,06,0, bakom Wilson Boit Kipketer (8.05,8)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Moses Kiptanui» frå Wikipedia på tysk, den 19. september 2016.