Monica Sandve
Monica Sandve | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. desember 1973 (51 år) Stavanger kommune |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 2000 |
Monica Sandve (fødd 3. desember 1973) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Vigrestad i Rogaland. Åra 2000-02 var ho som venstreveng med om å vinne OL-bronse, VM-sølv og EM-sølv for Noreg.
Sandve spelte på tredjedivisjonslaget Bryne i 1990/91-sesongen. Deretter var ho aktiv på Hinna IL i 2. divisjon i tre år. Frå 1994 til 2005 bidrog ho for Nordstrand IF i toppserien, eit lag ho vart seriemeister med i 200?.
Sandve fekk sin landslagsdebut 15. juni 1995, den neste landskampen kom fyrst 10. mars 2000. Dei neste åra fram til og med Handball-VM 2003 var ho fast i den norske landslagstroppa. I denne perioden deltok ho i alle dei internasjonale meisterskapsturneringane med Noreg, noko som resulterte i OL-bronse i Sydney hausten 2000, og sølvmedaljar etter finaletap mot Danmark både under VM 2001 og EM 2002. Sandve enda opp med 94 landskampar og 245 landslagsmål.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- OL 2000: Bronsemedalje etter 22–21 mot Sør-Korea
- EM 2000: Nr 6 med Noreg
- VM 2001: Sølvmedalje etter 25–30 mot Russland
- EM 2002: Sølvmedalje etter 22–25 mot Danmark
- VM 2003: Nr 6 med Noreg