iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: https://nn.wikipedia.org/wiki/Maule-regionen
Maule-regionen – Wikipedia Hopp til innhald

Maule-regionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maule
region
Flagg
Symbol
Land  Chile
Hovudstad Talca
Areal 30 296,1 km²
Folketal 1 044 950 (2017)[1]
Språk spansk
Kart
Maule-regionen
35°25′36″S 71°40′18″W / 35.426666666667°S 71.671666666667°W / -35.426666666667; -71.671666666667
Wikimedia Commons: Maule Region

Maule-regionen (spansk Región del Maule) er ein av dei seksten regionane i den administrative inndelinga av Chile, og omfattar dei fire provinsane Curicó, Talca, Linares og Cauquenes. Han grensar til O'Higgins-regionen i nord, til Ñuble-regionen i sør og til Argentina i aust. Talca er hovudstad og største byen i regionen.

Regionen hentar namnet sitt frå elva Maule som renn vestover frå Andesfjella, og deler regionen i to og spenner over eit nedslagsfelt på omtrent 20 600 km2. Maule-elva er av historisk interesse fordi ho mellom anna markerte den sørlege grensa for inkariket.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Maule-regionen