iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: https://nn.wikipedia.org/wiki/Mango
Mango – Wikipedia Hopp til innhald

Mango

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå sebramangust.
Mango
Mango
Mango
Status
Status i verda: Datamangel
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Sapindales
Familie: Anacardiaceae
Slekt: Mangifera
Art: Mango M. indica
Vitskapleg namn
Mangifera indica

Mango (Mangifera indica) er eit tre i familien Anacardiaceae som vert opptil 30 meter høgt. Det stammar frå Sør-Asia, der det er ein av dei eldste kulturvekstane, men vert i dag dyrka i dei fleste områda med tropisk klima.

Det finst over 1000 ulike fruktsortar med varierande storleik, utsjånad og bruk. Frukta er generelt saftig, velsmakande og haldbar. Fasongen er rund, oval eller hjarteforma, og skalet kan vere gult, grønt eller raudt. Fruktkjøtet er gult og saftig, med ein godt festa, stor, flat stein. Frukta inneheld mykje vitamin A (meir enn 200 μg retinolekvivalentar per 100 g), og elles om lag 30 mg vitamin C, 156 mg kalium, 82 % vatn og 258 kJ tilført energi per 100 gram etande vare. Ein kan ete henne rå, kokt, sylta eller som chutney, og vert mellom anna brukt som grønsak og frukt.

Heil og oppdelt mangofrukt

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]