iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: https://nn.wikipedia.org/wiki/Kuomintang
Kuomintang – Wikipedia Hopp til innhald

Kuomintang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Partiflagget til Kuomintang

Guomindang eller Kuomintang (Nasjonalistpartiet, kinesisk skrift 中國國民黨, pinyin Zhōnggúo Gúomíndăng, KMT) er eit politisk parti i Republikken Kina som var verksamt på det kinesiske fastlandet fram til 1949.

Partinamnet betyr noko slikt som «Det nasjonale folkepartiet», og partiet blei skipa i 1911 under revolusjonen mot keisardømmet det året. Xinhairevolusjonen styrta Qing-dynastiet i Kina. Formelt vart partiet skipa den 25. august 1912 i Guangdong provinsen av Sung Chiao-jen og Sun Yat-sen.

Leiaren var Sun Yat-sen, som ønskte sjølvstende, demokrati og modernisering for Kina. Etter å ha samarbeidd med dei kinesiske kommunistane og med Sovjetunionen mot korrupte regionale krigsherrar, vende den nye Guomindang-leiaren Jiang Jieshi seg plutseleg mot kommunistane og massakrerte dei i 1927. Jiang Jieshi er òg kjend som general Chiang Kai-shek.

Dette var starten på ein langvarig borgarkrig mellom Guomindang og kommunistane, som reorganiserte seg på landsbygda i innlandet. Innimellom kriga begge partar også mot krigsherrar og japanske styrkar, som angreip Kina i 1931 og på ny og i større omfang i 1937. Guomindang fekk militært utstyr frå USA, og kommunistane frå Sovjetunionen.

I 1949 slutta borgarkrigen med kommunistisk siger, og restane av Guomindang-regimet, som framleis kalla seg "Republikken Kina" reiste til øya Taiwan og installerte seg der. Guomintang var det einaste partiet i Republikken Kina (Taiwan) fram til 1991, og var i mange år synonymt med republikken.

Partiet i dag

[endre | endre wikiteksten]

Guomindang er ikkje lenger einerådande på Taiwan, mange taiwanarar vil heller ha sjølvstende utan krav på å representere fastlandet. Saman med Folket sitt fyrste parti utgjer det ein koalisjon kjend som den pan-blå koalisjonen. Dei ynskjer sameining av Kina, i motsetnad til den pan-grøne koalisjonen, som ynskjer taiwansk sjølvstende.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]