Kuk på Ny-Guinea
| |||
Land | Papua Ny-Guinea | ||
---|---|---|---|
Innskriven ved UNESCOs 32. sesjon i 2008. Referansenr. 887. | |||
Kriterium: | III, IV | ||
Sjå òg | Verdsarvstader i Asia og Oseania | ||
Bakgrunnsstoff | Kuk tidlege jordbruksområde ved unesco.org |
Kuk er ein arkeologisk funnstad på Papua Ny-Guinea. Han er ein av stadene der jordbruk utvikla seg, og det er funne spor etter grøfter her laga for 9000 år sidan. Ein dyrka taro, jams og seinare banan og sukkerrøyr her. Kuk blei teken med på UNESCO si verdsarvliste i 2008.
Jordbruk på Ny-Guinea
[endre | endre wikiteksten]Etterkvart som arkeologar utvida utgravinange sine til område utanfor Europa og Midtausten er det gjort funn som på mange måtar har endret tidlegare aksepterte syn. iEt døme er 5000-6000 år gamle dreneringskanaler i myrområdet Kuk i høglandet på Ny-Guinea. I ca. 4000 år, fram til ca. 800 e.Kr., blei det drive intensivt og arbeidskrevande jordbruk i dette området, trulig med dyrking av taro og jams. Korleis og kvifor dette jordbruket utvikla seg, og kvifor det ikkje utvikla seg vidare, er ukjent. Det ser ut til at grisen blei introdusert til Ny-Guinea som husdyr så tidleg som for rundt 10 000 år sidan, og då truleg i samanamde med eit omfattende svibruk. For rundt 9000 år sidan blei skjel og sniglar frakta frå kysten i vareutveksling opp til høglandet, truleg som ledd i ei viss politisk sentralisering rundt ein «stor mann». Innføringa av taro auka høvet for politisk sentralisering ettersom ho tillet ein mykje tettare folkesetnad, særleg når dyrking fann stad gjennom intensiv hagebruk. Dette var truleg bakgrunnen for jordbruket i Kukmyra. Då det blei gitt opp rundt 800 e.Kr. kan det ha samanheng med introduksjonen av søtpotet frå Amerika over Stillehavet. Med sin større motstand mot kulde gjorde søtpoteta det meir fordelaktig å drive med ekstensivt svibruk i høgareliggende strøk enn å fortsetta med det intensive jordbruket i sumpområda.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kuk, Papua Nya Guinea» frå Wikipedia på svensk, den 9. mai 2022.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Bra böckers världshistoria, 1 (1983)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Litteratur
- Golson, J., T.P. Denham, P.J. Hughes, P. Swadling and J. Muke (red.) 2017. Ten Thousand Years of Cultivation at Kuk Swamp in the Highlands of Papua New Guinea. Terra Australis 46. Canberra: ANU E Press (available online)
- Bayliss-Smith, T, Golson, J, Hughes, P et al 2005, 'Archaeological evidence for the Ipomoean Revolution at Kuk swamp, upper Wahgi Valley, Papua New Guinea', i Chris Ballard, Paula Brown, R. Michael Bourke and Tracy Harwood (ed.), The Sweet Potato in Oceania: a reappraisal, Oceania Publications and University of Pittsburgh, Rosebery, NSW, Australia, s. 109-120.
- Denham, T, Golson, J & Hughes, P 2004, 'Reading early agriculture at Kuk Swamp, Wahgi Valley, Papua New Guinea: the archaeological features (phases 1-3)', Proceedings of the Prehistoric Society, vol. 70, s. 259-97.
- Muke, J. Mandui, H. Oct 2003. "In the shadows of Kuk: Evidence of prehistoric agriculture at Kana, Wahgi Valley, Papua New Guinea," Archaeology in Oceania. 38, 3, s. 177–185.
- Bayliss-Smith, T. Golson, J. April 1992. "A colocasian revolution in the New Guinea highlands? Insights from phase 4 at Kuk," Archaeology in Oceania. 27,1, s. 1–22.