iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: https://nn.wikipedia.org/wiki/Klype
Klype – Wikipedia Hopp til innhald

Klype

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reagensrøyrhaldar.

Klemme eller klype er ulike reiskapar som kan brukast til å klemma noko fast eller saman med, eller til å halda noko med utan å ta på det. Klyper har typisk to armar som kan vera festa i ein ende, eller i midten som ei tong. Ulike klyper kan lett opnast og lukkast eller kunna skifta mellom ulike faste posisjonar som er opne eller lukka. Andre typar kan ha ei fast klemmande stilling som ein stikk noko fast i, eller ein kan skru dei fast som ei tvinge.

Bruk av smedtong ca. 1900.

Klyper kan brukast til å ta eller halda ting som er vanskelege eller farlege å ta i, som gloklype (eldtong), vaskeklype, smedtong og andre klyper brukt til laboratorieverksemd og industri.

Klemmer med ein fast lukka posisjon kan brukast til å festa noko med over kortare eller lengre tid innan ei rekkje felt, som hårklemmer til hårfrisyrar, klesklyper til klesvask, papirklyper til å halda saman papir med, poseklemme til å halda posar og liknande forsegla og ledningsklemmer og røyrklemmer som kan sitja fast på eller halda fast røyr, slangar og ledningar (som jordingsklemme eller slangeklemme).

Matklype brukt til å halda grilla kylling.
Ved hjelp av ei klype kan ein trygt halda syltetøyglas oppi kokande vatn.

Grillklype, pølseklype og liknande blir brukt ved laging og servering av varm mat. Andre matklyper kan brukast til å servera ulike typar mat på hygienisk vis, utan å ta på han. Døme på mat som kan serverast med klype, og som kan finnast særskild utforma klyper for, er sukkerbitar, godteri, bakverk, salat, og spagetti. Slike klyper må utformast slik at maten ein tek blir halden fast, men ikkje blir øydelagd. Dei kan til dømes ha takkar eller rifler som gjer dette enklare.

Innan medisin bruker ein klemmer til mange ulike føremål, som arterieklemme, bulldoggklemme og forceps. Klemmene kan brukast til å stoppa blødningar, halda fast vev eller styra objekt gjennom kroppen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  • Klype. Søk i Digitalt Museum
  • Klemme. Søk i Digitalt Museum