iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: https://nn.wikipedia.org/wiki/Kantonen_Zug
Kantonen Zug – Wikipedia Hopp til innhald

Kantonen Zug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om kantonen i Sveits. For andre tydingar av ordet, sjå Zug (fleirtyding).
Zug
Zoug, Zugo, Zug
kanton
Symbol
Forkorting: ZG
Land  Sveits
Del av Sentral-Sveits
Hovudstad Zug
Høgaste punkt Wildspitz
 •  høgd 1 580 moh.
Areal 238,73 km²
Folketal 126 837 (31. desember 2018)[1]
Kanton sidan 1352
Språk tysk
Kart
Kantonen Zug
47°09′53″N 8°32′53″E / 47.1648°N 8.548°E / 47.1648; 8.548
Kart som viser Kantonen Zug.
Kart som viser Kantonen Zug.
Kart som viser Kantonen Zug.
Wikimedia Commons: Canton of Zug

Zug er ein av kantonane i Sveits. Han ligg i det sentrale Sveits. Kantonen har eit areal på 239 km², og hadde om lag 127 000 innbyggarar i 2018. Hovudstaden i kantonen er byen Zug.

Zug grensar til kantonane Zürich i nord, Schwyz i sør, og Luzern og Aargau i vest. Landskapet er dominert av åsar og langstrakte fjellryggar. 1 580 meter høge Wildspitz i fjellmassivet Rossberg er det høgste punktet i kantonen. Zugsjøen ligg for ein stor del i kantonen.

Språk og samfunnn

[endre | endre wikiteksten]

Tysk er skriftspråk i kantonen, talemålet høyrer til den sveitsartyske dialekta. Om lag 22% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. 62% av folket er medlemmer av den romersk-katolske kyrkja, medan 18% soknar til protestantismen.

Zug består av elleve kommunar: Baar, Cham, Hünenberg, Menzingen, Neuheim, Oberägeri, Risch, Steinhausen, Unterägeri, Walchwil og Zug.

Den eldre historia til kantonen er praktisk talt identisk med hovudstaden Zug si. I 1798 danna kantonen ein del av Tellgau, ein slags stat i det indre av Sveits. Noko etter vart Zug eit av distrikta i den vidstrakte kantonen Waldstätten i republikken Helvetia. Kantonen Waldstätten bestod også av det som i dag er kantonen Schwyz, kantonen Luzern, Unterwalden og kantonen Uri.

Gjennom meklingsavtalen av 1803 fekk kantonen Zug atter sjølvstende som ein eigen kanton. Grunnlova av 1814 avskaffa opne forsamlingar (Landsgemeinde), som hadde eksistert i kantonen sidan 1376. I 1845 slutta kantonen Zug seg til det separatistiske Sonderbund og deltok i borgarkrigen i 1847. Denne enda med tap, og den sveitsiske konføderasjonen sørgde i 1848 for at dei resterande funksjonane med opne forsamlingar vart avskaffa. Både i 1848 og i 1874 røysta kantonen mot føderale grunnlover. Grunnlova for kantonen av 1876 vart endra i 1881, og erstatta av ei ny i 1894.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kantonen Zug