iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: https://nn.wikipedia.org/wiki/Juscelino_Kubitschek
Juscelino Kubitschek – Wikipedia Hopp til innhald

Juscelino Kubitschek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Juscelino Kubitschek

Fødd12. september 1902
Diamantina
Død22. august 1976 (73 år)
Statsborgar avBrasil
Yrkelege, politikar, skribent
Utdanna vedUniversidade Federal de Minas Gerais
MorJúlia Kubitschek
EktefelleSarah Kubitschek
BarnMaria Estela Kubitschek, Márcia Kubitschek
Alle verv
  • medlem av Brasils senat (1961–1964)
  • Brasils president (1956–1961) Sjå dette på Wikidata

Juscelino Kubitschek de Oliveira (12. september 190222. august 1976 var ein brasiliansk politikar. Han var president frå 1956 til 1961 i landet som representant for sentrumspartiet Partido Social Democrático (PSD).[1]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Kubitschek var utdanna lege. Under president-valgkampen lovde han «femti års framgang på fem». Som president vart han vidkjend for si ambisiøse byplanlegging, framom alt for vedtaket om å flytte hovudstaden i landet frå Rio de Janeiro. Den nye hovudstaden Brasília vart bygt på fire år, Kubitschek innvigde i 1960 sjølv den nye hovedstaden. Trass økonomisk og kulturell vekst gjennom presidentperioden, førte bygginga av Brasília til at inflasjonen steig frå 19 prosent i 1956 til 43 prosent i 1961.[1]

Kubitschek gjekk av som president i 1961 og var deretter senator for delstaten Goiás. Under militærdiktaturet var PSD-partiet frå 1964 forbode og Kubitschek utestengd frå all politisk aktivitet i ti år. Han omkom i ei bilulykke i 1976, men var så populær at militærregjeringa erklærte tre dagars landesorg.[1]

  1. 1,0 1,1 1,2 Store norske leksikon (2005-2007); Skatvik, Frida: Juscelino Kubitschek i Store norske leksikon på snl.no. Henta 1. oktober 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Juscelino Kubitschek