Janis Ian
Janis Ian | |||
| |||
Fødd | 7. april 1951 (73 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bronx, Farmingdale | ||
Fødenamn | Janis Eddy Fink | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1965– | ||
Sjanger | pop, folkemusikk | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Plateselskap | Columbia Records, Atlantic Records, Verve Records, Windham Hill Records | ||
Verka som | songar, songar-låtskrivar, skribent, komponist, låtskrivar, sjølvbiograf, gitarist, lyrikar, science fiction-forfattar, journalist, romanforfattar, plateartist, magazine writer | ||
Prisar | Grammy Award for beste talte innspilling, Audie Award for Narration by the Author or Authors |
Janis Eddy Fink (fødd 7. april 1951) er ein amerikansk artist og låtskrivar kjend som Janis Ian. Ho var på sitt mest aktive i 1960- og 70-åra. Ho slo gjennom med låten «At Seventeen» frå 1975-albumet Between the Lines, som nådde til topps på billboard-lista.
I tillegg til musikarkarrieren er Janis Ian òg spaltist og science fiction-forfattar.[1]
Ian har vore ein kritikar av musikk- og copyrightindustrien, som ho meiner ikkje ivaretar rettane til opphavspersonane. Blant anna av denne grunnen har ho offentleggjort fleire av songane sine til gratis nedlasting.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Ian blei fødd i ein jødisk familie i New York by.[2] Ho voks opp i New Jersey, først på ein gard, og gjekk på East Orange High School i East Orange i New Jersey.[3]
Som barn beundra ho Joan Baez og Odetta. Ho starta med pianotimar då ho var seks år gammal. Då Ian var ungdom hadde ho lært seg å spela orgel, cembalo, fransk horn, fløyte og gitar. I ein alder av 12 skrev ho sin første låt, «Hair of Spun Gold», som seinare blei publisert i musikkmagasinet Broadside, og sidan blei spelt på debutalbumet hennar. I 1964 endra ho offisielt namnet sitt til Janis Ian, med broren Eric sitt mellomnamn som sitt nye etternamn.[2]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- 1967 – Janis Ian (Now Sounds)
- 1967 – For All the Seasons of Your Mind
- 1968 – The Secret Life of J. Eddy Fink (Verve)
- 1969 – Who Really Cares (Verve)
- 1971 – Present Company (Beat Goes On)
- 1974 – Stars (Festival Records)
- 1975 – Between the Lines (Columbia / Sony Music Distribution)
- 1975 – Aftertones (Festival Records / Mushroom Records)
- 1977 – Miracle Row (Festival Records)
- 1978 – Janis Ian (1978) (Festival Records)
- 1978 – Remember... (Sony Music Japan International)
- 1979 – Night Rains (BMG International)
- 1981 – Restless Eyes (Sony Japan / Sony Music / Sony Music Distribution)
- 1983 – Uncle Wonderful (Audio & Video Labs Inc. / Cooking Vinyl)
- 1993 – Breaking Silence (Morgan Creek)
- 1995 – Revenge (Beacon Records – Rock)
- 1997 – Hunger (Windham Hill Records)
- 2000 – God & the FBI (Windham Hill Records / BMG International)
- 2004 – Billie's Bones (Oh Boy)
- 2006 – Folk Is the New Black (Cooking Vinyl /Rude Girl Records)
- 2006 – Unreleased 2: Take No Prisoners
- 2014 – Strictly Solo (Rude Girl)
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]Ian har vunne to Grammyprisar. Den første fekk ho i 1975 for At Seventeen, og den andre i 2013 i kategorien «Best Spoken Word Album», for sjølvbiografien Society's Child
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Janis Ian: A Life in Song» (PDF). Janis Ian Website. 2006. Arkivert frå originalen (PDF) 7. mai 2007. Henta 9. juni 2007.
- ↑ 2,0 2,1 Ankeny, Jason (2003). Bogdanov, Vladimir; Woodstra, Chris; Erlewine, Stephen Thomas, red. All Music Guide to the Blues: The Definitive Guide to the Blues. Backbeat Books. ISBN 0-87930-736-6.
- ↑ Nash, Margo. "JERSEY FOOTLIGHTS", The New York Times, 16. mars 2003; Henta 19. desember 2007.
- Denne artikkelen bygger på «Janis Ian» frå Wikipedia på bokmål, den 3. oktober 2020.