iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: https://nn.wikipedia.org/wiki/Identitetselement
Identitetselement – Wikipedia Hopp til innhald

Identitetselement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit identitetselement eller nøytralt element (forkorting: identitet) er eit element som ikkje endrar andre element i ei mengd når ein binær operasjon kombinerer dei to elementa.

La (S,) vera ei mengd S med ein binær operasjon *. Då er e ein venstreidentitet dersom e * a = a for alle a i S, ein høgreidentitet dersom a * e = a for alle a i S og ein identitet dersom den er både ein venstre- og ein høgreidentitet.

0 er eit vanleg symbol for ein additiv identitet, medan 1 er eit vanleg symbol for ein multiplikativ identitet.

mengd operasjon identitet
+ (addisjon) 0
• (multiplikasjon) 1
ab 1 (høgreidentitet)
delmengder av ei mengd M ∩ (snitt) M
mengder ∪ (union) {} (den tomme mengda)
boolsk algebra ∧ (og) ⊤ (sann)
boolsk algebra ∨ (eller) ⊥ (usann)

Sjå også

[endre | endre wikiteksten]