iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: https://nn.wikipedia.org/wiki/Hunedoara
Hunedoara – Wikipedia Hopp til innhald

Hunedoara

Koordinatar: 45°46′11″N 22°55′13″E / 45.76972°N 22.92028°E / 45.76972; 22.92028
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hunedoara
Hunyadslottet i Hunedoara
Hunyadslottet i Hunedoara
Hunyadslottet i Hunedoara
Byvåpenet til Hunedoara
Byvåpenet til Hunedoara


Plassering
Hunedoara is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Hunedoara
Borgarmeister Dan Bobouțanu
Geografi
Flatevidd
 - By

97 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2021)
   - folketettleik

50 457
  520,2 /km²
Koordinatar 45°46′11″N 22°55′13″E / 45.76972°N 22.92028°E / 45.76972; 22.92028
Høgd over havet 278 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 331128
Retningsnummer (tlf) +40 02 54
Bilnummer HD
Nettstad: www.primariahd.ro

Hunedoara (tysk Eisenmarkt, ungarsk Vajdahunyad) er ein by i Romania i Hunedoara fylke i Transilvania. Han ligg i Cernadalen nær Poiana Ruscă-fjella i Karpatane. Byen har om lag 50 000 innbyggjarar.

I Hunedoara ligg det gotiske Hunyadslottet, som er knytt til Corvin-familien. Slottet var opphavleg ein liten kongeleg residens som vart gjeve til Vajk (rumensk Voicu) av Sigismund av Det tysk-romerske riket i 1409. Sonen til Vajk, Johannes de Hunyad, bygde ut slottet til ein gotisk residens i 1446.

I tillegg til den rumenske folkesetnaden er det òg ein del etniske ungarar og tyskarar i Hunedoara.

Byen hadde tidlegare det nest største stålverket i Romania, men dette er no nedlagt.

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]
Kommunen Hunedoara innanfor Hunedoara fylke

Hunedoara er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:

Busetnad Folketal 2011[2] Folketal 2021[1]
Hunedoara 57 885 48 097
Răcăștia 562 486
Boș 477 463
Groș 71 75
Hășdat 386 348
Peștișu Mare 1 144 988

Storbyområde

[endre | endre wikiteksten]

Det blir arbeidd med å etablere eit storbyområde som er tenkt å omfatte Hunedoara, fylkeshovudstaden Deva, bykommunane Simeria og Călan (oraș) og dei tre mindre kommunane (comună) Băcia, Cârjiți, Pestișu Mic.[3]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]