Hovefestivalen
Utsjånad
Hovefestivalen er ein musikkfestival som blir arrangert på Hove på Tromøy i Arendal kommune. Festivalen vart skipa i 2007 og har vore arangert årleg sidan då.
Det første året besøkte 72 000 festivalen over fem dagar. Festivalen vart skipa av Morten Sandberg og tidlegare leiar for Quart-festivalen Toffen Gunnufsen. Musikkfestivalen vart erklært konkurs i desember 2008, men er i ettertid vorte drive vidare av det britiske selskapet Festival Republic. Jay-Z, Muse, Slipknot, Snoop Dogg, Beck og The Prodigy er nokre av dei største namna som har gjesta festivalen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Hovefestivalen» i Store norske leksikon, snl.no.