Guingamp
Guingamp | ||
---|---|---|
| ||
Styresmakter | ||
Land Region Departement |
Frankrike Bretagne Côtes-d'Armor | |
Geografi | ||
Flatevidd | 3,41 km² | |
Flatevidd - By |
3,41 km² | |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
8 008 2 348/km² | |
Koordinatar | 48°33′N 03°09′W / 48.550°N 3.150°W | |
Høgd over havet | 93 m | |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | |
Diverse anna | ||
Postnummer | 22200 | |
Heimeside: https://www.villeguingamp.bzh/ | ||
Nettstad: www.ville-guingamp.fr |
Guingamp (bretonsk Gwengamp) er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Côtes-d'Armor i regionen Bretagne og har om lag 8 000 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Guingamp var ein kjøpstad i romartida mellom Normandie og nordvestlege delar av Bretagne. På 800-talet vart det bygd ei festning her, som dei bretonske troppane til Charles de Blois under leiing av Bertrand du Guesclin i 1364 samla seg ved før slaget ved Auray.
Seinare utvikla Guingamp seg til eit regionssenter for veving.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Historiske bygg
[endre | endre wikiteksten]I byen finst mellom anna basilikaen Notre-Dame de Bon Secours frå 1000- til 1500-talet, som er eit pilgrimsmål, klosteret Sainte-Croix de Guingamp, grunnlagd rundt 1135 og slotta Château de Pierre II og Château des Salles frå 1400-talet.
Musikk og dans
[endre | endre wikiteksten]Guingamp er rekna som hovudstad for bretonsk dans. Byen arrangerer årleg Festival de la Saint-Loup, ein internasjonal festival med særleg vekt på dans. Festivalen omfattar ei tevling i bretonsk dans, og blir tradisjonelt avslutta med folkedansen Dérobée de Guingamp. Byen har eit sekkepipekorps, Bagad Gwengamp, og eit lag for folkedans og -musikk, Kroaz Hent Gwengamp.[1]
Idrett
[endre | endre wikiteksten]Den lokale fotballklubben er En Avant de Guingamp, som har spelt i den lokale eliteserien.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ La culture Bretonne. ved ville-guingamp.fr
- Delar av denne artikkelen bygger på «Guingamp» frå Wikipedia på fransk, den 28. juni 2012.