Freie Demokratische Partei
Freie Demokratische Partei | |||
| |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Christian Lindner | ||
Generalsekretær | Volker Wissing | ||
Grunnlagt | 12. desember 1948 | ||
Hovudkvarter | Berlin[1] | ||
Medlemstal | 76 100 (31. desember 2022)[2] | ||
Ideologi | klassisk liberalisme, marknadsliberalisme | ||
Politisk posisjon | sentrum-høgre, sentrisme | ||
Farge | gul[3] |
Freie Demokratische Partei (FDP), på norsk Det frie demokratiske partiet, er eit liberalt politisk parti i Tyskland. Det er medlem av Den liberale internasjonale, og kan soleis sjåast som eit systerparti til Venstre i Noreg. Leiaren, sidan 2013, er Christian Lindner.
Partiet var i den tyske forbundsregjeringen frå 1949 til 1956, frå 1961 til 1966, frå 1969 til 1998 og frå oktober 2009 til 2013.
FDP var representert i Forbundsdagen ved alle val frå det første i 1949 til 2009. Ved valet i 2013 klarte partiet ikkje å overskride sperregrensen på 5% landsdekkjande oppslutning og falle dermed ut av Forbundsdagen. Det same skjedde ved valet i Bayern ei veke tidlegare.
Partiet er meir marknadsliberalt orientert enn sitt norske søsterparti. Det er svært positivt til EU og går inn for tettare europeisk integrasjon og felles utanriks- og tryggjingspolitikk.
Partiet si ungdomsrørsle heiter Junge Liberale (Julis).
Historie
[endre | endre wikiteksten]FDP har røtene sine i tidlegare liberale parti i tysk historie. Under Weimar-republikken i mellomkrigstida eksisterte mellom anna dei to partia Deutsche Demokratische Partei (Det tyske demokratiske partiet) og Deutsche Volkspartei (Det tyske folkepartiet). Desse partia oppløyste seg under press frå nazistane i 1933. Etter den andre verdskrigen vart fleire liberale parti grunnlagde i den vestlege okkupasjonssona av Tyskland. Die Freie Demokratische Partei vart grunnlagd 11. desember 1948 i Heppenheim an der Bergstraße, som ei samanslutning av alle liberale parti i den vestlege okkupasjonssona. Første formann var Theodor Heuss. Staden for partigrunnleggjinga vart vald, fordi det 10. oktober 1847 fann stad eit møte der i forkant av den liberale marsrevolusjonen i 1848. Ved dei første forbundsdagsvala i Vest-Tyskland 14. august 1949 fekk partiet 11,9 % av røystene. I september same år vart partileiaren Theodor Heuss vald til den første presidenten i Forbundsrepublikken Tyskland (BRD).
FDP har delteke i koalisjonsregjeringar med begge dei to store partia i Tyskland, det konservative CDU og det sosialdemokratiske SPD. Til saman har det site i forbundsregjeringa i 45 år, men alltid som det minste partiet i ei koalisjonsregjering. Oppslutninga ved forbundsdagsval har stort sett lege rundt 10 %. Partiet hadde forbundspresidenten frå 1949 - 1959 (Theodor Heuss) og frå 1974 - 1979 (Walter Scheel).
Partileiarar frå 1948
[endre | endre wikiteksten]- Theodor Heuss 1948-1949
- Franz Blücher 1949-1954
- Thomas Dehler 1954-1957
- Reinhold Maier 1957-1960
- Erich Mende 1960-1968
- Walter Scheel 1968-1974
- Hans-Dietrich Genscher 1974-1985
- Martin Bangemann 1985-1988
- Otto Graf Lambsdorff 1988-1993
- Klaus Kinkel 1993-1995
- Wolfgang Gerhardt 1995-2001
- Guido Westerwelle 2001-2011
- Philipp Rösler 2011-2013
- Christian Lindner sidan 2013
Valresultat
[endre | endre wikiteksten]Val til Forbundsdagen 1949-2013
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten] |