Flamsk
Utsjånad
Flamsk er ein nederlandsk dialekt som vert tala i Belgia. Flamsk vert ofte delt inn i aust- og vestflamsk. Flamsk er eit talespråk; skriftspråket er nederlandsk.
Døme på flamsk
[endre | endre wikiteksten]Flamsk skil seg ikkje så mykje frå «vanleg» nederlandsk, men det finst fleire låneord frå fransk og engelsk. Nokre døme på flamsk, nederlandsk og norsk:
- patat - aardappel - potet
- friet(en) - patat - pommes frites
- jeans(broek) - spijkerbroek - dongeribukse (nordmøring: dongribrok)
- schoonbroer - zwager - svoger
- hesp - ham - skinke
- regering - kabinet - regjering
- fruitsap - vruchtensap - jus (fruktjus)
- microgolfoven - magnetron - mikrobølgjeomnDenne språkartikkelen som har med Belgia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.