iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: https://nn.wikipedia.org/wiki/Empoli
Empoli – Wikipedia Hopp til innhald

Empoli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bytorget i Empoli

Empoli er ein by og ein kommune i provinsen Firenze i Toscana-regionen i Italia. Kommunen har 48 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 62,3 km². Byen ligg 20 kilometer sørvest for provinshovudstaden Firenze, 28 meter over havet.

Byen ligg på ei elveslette, på sørsida av Arno. Kommunen strekker seg vidare inn i eit åslandskap lengre vekk frå Arno. Elvesletta har vore nytta til av landbruksprodukt. Empoli er framleis eit senter for avl av og handel med landbruksvarer. Byen har gjeve namn til ein lokal variant av artisjokk.

Empoli er ein stasjon på jarnvegen mellom Firenze-Pisa.