Dragon
Utsjånad
Dragon (fransk dragon, ‘soldat med drake som feltteikn’) er opphavleg ein soldat som bevegar seg til slagmarka til hest, men stig av for å slåst.[1] I Noreg skulle ein eller fleire gardar, kalla dragonkvarter eller utrederkvarter, stille ein ryttar med hest og utrusting til kavaleriteneste. Ein dragon var altså ein kavalerist som var utstyrt for å kjempe til fots, som ein infanterist.
Frå 1768 hadde Noreg 4 regiment bygd opp med dragonar: 1., 2. og 3. Søndenfjelske dragonregiment og Nordenfjelske dragonregiment.
Seinare blei dragon brukt om ein soldat i middelstungt kavaleri.
I Noreg i dag er ein dragon ein meinig i kavaleriet.
Dragonar ber ein svart beret.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «dragon» i Store norske leksikon, snl.no.