Denver Art Museum
Denver Art Museum | |||
| |||
| |||
Stad | Denver, Denver County, Colorado | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1893 | ||
Denver Art Museum 39°44′14″N 104°59′22″W / 39.737188°N 104.989345°W |
Denver Art Museum er eit kunstmuseum i Denver i Colorado i USA. Det har over 70 000 gjenstandar i 12 ulike samlingar. Samlingane til museet omfattar ei stor samling indiansk handverk.[1]
Denver Art Museum blei grunnlagt i 1893 i Civic Center Park i sentrum av Denver.
Det opphavlege namnet på skipinga var Denver Artists Club.[1] Ho bytta namn til Denver Art Association i 1916. Museet fekk det noverande namnet sitt 1932. Det fekk ein egen bygning, Chappell House, gjennom ein donasjon i 1922. og kjøpte ein større eigedom, Schleir Gallery, 1948 ved sørsida av Vivic Center Park. I 1954 opna den sørlege fløya Morgan Wing, for å gje museet høve til å ta imot ein større donasjon.
I 1971 blei det opna eit stort tilbygg, den borgliknande Martin Building (tidlegare North Building), som var teikna av Gio Ponti.[1] Vidare utbygging fann stad i 2006, dels med Frederic C. Hamilton Building teikna av av Daniel Libeskind og med Duncan Pavillion, som bind saman Morgan Wing med Hamilton Building.
Utval frå samlingane
[endre | endre wikiteksten]-
Camille Pissarro
-
Claude Monet
-
Claude Monet
-
Charles Marion Russell
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «About | Denver Art Museum». denverartmuseum.org. Henta 28. februar 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Denver Art Museum» frå Wikipedia på svensk, den 28. februar 2024.