Concordia
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Concordia (fleirtyding).
Concordia er ei gudinne for semje i romersk mytologi. Det latinske ordet concordia tyder 'semje', 'harmoni' eller 'med hjartet'. Den tilsvarande greske gudinna er Harmonia.
Gudinna blei framstilt med overflodshorn og offerskål (patera), på romerske myntar og i tempel. Hovudtempelet til Concordia ved Forum Romanum blei truleg bygd i 367 f.Kr. Det blei fornya i 121 f.Kr. etter at Gaius Gracchus fall.
Concordia var også namnet på ein kristen martyr under keisar Decius. Ho levde i Roma rundt år 250, og er minna 18. februar, mellom anna som dansk namnedag.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Concordia» frå Wikipedia på dansk, og «Concordia» frå Wikipedia på svensk den 18. februar 2012.
gudinne «Concordia – romersk gudinne» i Store norske leksikon, snl.no.