Chocó-departementet
Utsjånad
Chocó | |||
Departement | |||
Land | Colombia | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Quibdó | ||
Areal | 46 530 km² | ||
Folketal | 544 767 (2021)[1] | ||
Grunnlagd | 1947 | ||
Chocó-departementet 6°19′00″N 77°00′00″W / 6.3166666666667°N 77°W | |||
Kart som viser Chocó-departementet.
| |||
Wikimedia Commons: Chocó Department |
Chocó er eit departement nordvest i Colombia. Dette er han einaste departementet som grensar både til Stillehavet og Atlanterhavet. Chocó er òg Colombias einaste grensedepartement mot Panama. I aust grensar han mot departementa Antioquia og Risaralda medan han grensar mot departementet Valle del Cauca i sør. Hovudstaden i departementet ligg i Quibdó. Andre byar er Istmina og Riosucio.
Innanfor jordbruk er blant anna ris, bananar og mais viktige produkt. Tømmerhogst og gruvedrift er andre næringsvegar. Ein vinn ut gull, platina og sølv i departementet. Chocó har fleire nasjonalparkar: Parque Nacional Los Katíosar (grensar opp mot nasjonalparken Parque Darién i Panama), Parque Nacional Utría og Parque Nacional Tatamá.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «PROYECCIONES DE POBLACIÓN». Departamento Administrativo Nacional de Estadística.
- Denne artikkelen er ei omsetjing av samsvarande artikkel på Wikipedia på bokmål, den 1. mars 2015.