iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: https://nn.wikipedia.org/wiki/Carl_Larsson
Carl Larsson – Wikipedia Hopp til innhald

Carl Larsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Larsson

Sjølvportrett av Carl Larsson med dottera Brita.
Statsborgarskap Sverige
Fødd 28. mai 1853
Storkyrkoförsamlingen, Stockholm
Død

22. januar 1919 (65 år)
Sundborns församling, Falun

Yrke akvarellmaler, illustratør, kunstmålar, grafikar, grafikar, teiknar, skribent, bygningstegner
Sjanger portrettmåleri, sjangermåleri, landskapsmåleri, akt, figurmåleri
Medlem av Grezkolonien
Far Olof Larsson
Mor Johanna Carolina Erika Larsson
Ektefelle Karin Larsson
Born Brita Larsson, Suzanne Larsson, Ulf Larsson, Pontus Larsson, Lisbeth Larsson, Mats Larsson, Esbjörn Larsson, Kersti Larsson
Signatur
Carl Larsson på Commons

Carl Larsson (28. mai 185322. januar 1919) var ein svensk kunstmålar og heiminnreiar.

Larsson var fødd i Stockholm og voks opp i ein fattig familie, men då han var 13 oppmuntra læraren hans guten om å søka seg til Konstakademien. For å betala for dette og forsørga seg sjølv måtte han arbeida, mellom anna som retusjør for ein fotograf, samstundes som han studerte.

Atelje-idyll, 1885

I 1877 hadde han spara nok pengar til å kunne dra til Paris, målarhovudstaden, som han vende tilbake til i 1880. Sommaren 1881 vitja han kunstnarkolonien Grèz-sur-Loing nær Fontainebleu der han byrja å måla akvarellar av naturen rundt seg. Deretter såg han etter motiv i nærleiken sin, til dømes kona Karin Larsson-Bergöö og den nyfødde dottera deira i Ateljéidyll.

Larsson vann tevlinga om å dekorera det svenske nasjonalmuseet i 1891, og måla fresker på dei seks veggane, mellom anna Gustaf Wasas intåg i Stockholm Midsommarafton 1523 og Gustav II Adolf landstiger i Tyskland. Seinare dekorerte han mellom anna òg det nye Operahuset og Kungliga dramaten.

Familien flytta til Sundborn i 1888, til eit hus far til Karin hadde gjeve dei, og som paret innreidde på kunstnerisk vis. Larsson tok til å måla familielivet igjen, og kona, Suzanne, Lisbeth, Kersti og resten av dei åtte barna er å sjå i talrike daglegdagse situasjonar. Desse blei samla i firfargeverket Ett hem i Dalarne (1897) som kom ut i store opplag og påverka både innreiing og handverk i Sverige.

Lisbeth metar, 1898
Blomsterfönstret, 1894

Carl Larsson døydde i Falun.

Kjende måleri

[endre | endre wikiteksten]
  • 1883 - I köksträdgården
  • 1883 - Gubben och nyplanteringen
  • 1884 - Lilla Suzanne
  • 1886 - Friluftsmålaren
  • 1888-89 - Rokoko-Renässans-Nutida konst
  • 1890-1891 - Svenska kvinnan genom seklen
  • 1905 - Potatisplockning
  • 1908 - Selma Lagerlöf
  • 1891-1908 - Gustaf Wasas intåg i Stockholm Midsommarafton 1523
  • 1910-1915 - Midvinterblot

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 1895 - De mina. Gammalt krafs av C.L.
  • 1899 - Ett hem
  • 1902 - Larssons
  • 1906 - Spadarvet. Mitt lilla lantbruk.
  • 1910 - Åt solsidan
  • 1913 - Andras barn
  • 1931 - Jag (självbiografi)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Carl Larsson