Bidevind
Utsjånad
Ein bidevind er når vinden kjem skrått framanfrå ein seglbåt (framom tvers).[1] Uttrykket kjem frå nederlandsk bij de wind.
Bidevindskurs er den kursen som ein seglbåt kan halde som er nærast mogeleg vinden, medan han framleis kan fylle segla med vind. Segla må då skøytast heilt inn mot midten av båten.
Når ein seglbåt skal nå eit mål som ligg rett mot vinden, må han segle bidevind først på den eine halsen, for deretter å stagvende (slå) over på den andre. Å segle på bidevind vert derfor òg kalla for 'å krysse'.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«bidevind» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Sleight (2009). Seiling. Cappelen Damm. ISBN 9788204113023.