Barry Manilow
Barry Manilow | |||
Barry Manilow i 2008. | |||
Fødd | 17. juni 1943 (81 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Brooklyn i New York City | ||
Fødenamn | Barry Alan Pincus | ||
Alias | Barry Manilow | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1973 - i dag | ||
Sjanger | Pop, softrock | ||
Instrument | Vokalist, klaverinstrument, trekkspel | ||
Stemmetype | Baryton | ||
Plateselskap | Arista Records, Bell Records, Concord Records | ||
Verka som | skodespelar, songar, songar-låtskrivar, komponist, dirigent, låtskrivar, pianist, songtekstforfattar, teaterskodespelar, manusforfattar | ||
Prisar | Primetime Emmy Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Barry Manilow (fødd 17. juni 1943 som Barry Alan Pincus)[1] er ein amerikansk songar, komponist og produsent mest kjend for låtane «I Write the Songs», «Weekend in New England», «Mandy» og «Copacabana». Han spelar òg klaverinstrument og trekkspel.
I 1978 var fem av albuma hans på salslista samstundes. Denne rekorden har berre blitt tangert av Herb Alpert, Frank Sinatra, Michael Jackson, Bruce Springsteen og Johnny Mathis. Mellom 1974 og 1983 hadde Manilow tre singlar på toppen av Billboard-lista i USA og 25 singlar som nådde Topp 40. I 1988 skal Bob Dylan ha stoppa Barry Manilow på ein fest og sagt «Don't stop what you're doing, man. We're all inspired by you.»[2] (Ikkje stopp med det du driv med. Du er ein inspirasjon for oss alle.)
Han har òg produsert og arrangert songar og plater for andre artistar, som Bette Midler, Dionne Warwick og Rosemary Clooney, i tillegg til at han har skrive songar for film, musikalar og reklamar. Frå februar 2005 til 30. desember 2009 spelte han fast på Las Vegas Hilton, og spelte fleire hundre show før han gav seg ved hotellet. Sidan mars 2010 har han halde show ved Paris hotel i Las Vegas. Han har selt meir enn 80 millionar plater verda over.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Barry Manilow» frå Wikipedia på engelsk, og «Barry Manilow» frå Wikipedia på bokmål den 18. august 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Biografi på Music Artists Biography, arkivert frå originalen 31. oktober 2010, henta 18. august 2013
- ↑ Patricia Butler, Barry Manilow, Omnibus Press, 2002. side 223.
- ↑ «Barry Manilow | VEGAS.com». Shop.vegas.com. Henta 18. august 2013.
- Einskildmenn
- Fødde i 1943
- Barry Manilow
- USA-amerikanske songarar
- USA-amerikanske låtskrivarar
- USA-amerikanske plateprodusentar
- Folk frå New York City
- USA-amerikanske dirigentar
- Croonerar
- USA-amerikanske dansemusikarar
- USA-amerikanske discoartistar
- USA-amerikanske musikalartistar
- USA-amerikanske softrockartistar
- Emmy-vinnarar
- Grammy-vinnarar
- USA-amerikanske jødar
- Jødiske musikarar
- Songwriters Hall of Fame
- Tony Award-vinnarar
- Plystrarar