Bacoli
Utsjånad
Bacoli er ein by og ein kommune i provinsen Napoli i regionen Campania i Italia. Kommunen har ikring 27 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 13,3 km². Bacoli ligg på ei halvøy ut mot Tyrrenhavet og Napolibukta, 15 kilometer på vest for provinshovudstaden Napoli. Øyane Procida og Ischia ligg i havet utanfor Bacoli.
Ruinane av oldtidsbyen Cumae, grunnlagd av grekarar i det åttande hundreåret før Kristi fødsel, er å sjå ved landsbyen Cuma i Bacoli kommune.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bacoli» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mai 2015.