BCS-teorien
Utsjånad
BCS-teorien er ein kvantemekanisk teori for superleiing, framsett av John Bardeen, Leon Cooper og John Robert Schrieffer (B,C,S) i 1957. I følgje BCS-teorien vil vekselverknaden mellom metallatomgitteret og elektrona leie til svak tiltrekking mellom elektrona, og føre til at desse flyttar seg parvis (Cooper-par). Dei tre forskarane fekk Nobelprisen i fysikk i 1972 for BCS-teorien.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- BCS-teorien. () I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/BCS-teorien