iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: https://nn.wikipedia.org/wiki/Anarkafeminisme
Anarkafeminisme – Wikipedia Hopp til innhald

Anarkafeminisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Symbol for anarkafeminisme

Anarkafeminismen er ein politisk filosofi som kombinerer anarkisme og feminisme. Sjølv om kampen mot staten og andre former for autoritetar stod sterkt hos tidlegare feminister av 1900-talet, var det dei nyare feministgruppene frå 1960-åra som bygde på ein anarkistisk praksis.

Anarkafeministar peikar på at autoritative vegar og verdiar, slik som dominans, utbytting, aggresjon, konkurranse osv., er høgt verdsett i hierarkiske samfunn, og er tradisjonelt sett på som «maskuline». I kontrast til dette er anti-autoritære verdiar, som kooperasjonar, deling, medkjensle, sensitivitet, varme osv., sett på som «feminine» verdiar og er dermed mindre verdsette. Feminine vitskapskvinner har følgt dette fenomenet tilbake til framveksten av patriarkalske samfunn under den tidlege bronsealderen, og sigeren deira over det kooperativt oppbygde samfunnet kor «feminine» verdiar var rådande og respekterte. Etter sigeren over desse samfunna blei slike verdiar sett på som «dårlege», særleg for menn, sidan menn var ansvarlege for dominering og utbytting. Derfor har anarkafeministar referert til skipinga av eit ikkje-autoritært anarkistisk samfunn bygd på kooperasjon, deling, gjensidig hjelp osv. som feminisering av samfunnet. Anarkafeministane meiner at det ikkje er mogeleg å «feminisere» samfunnet utan sjølvstyring og desentralisering. Dette fordi dei patriarkalske verdiane dei ønskjer å styrte er innebygd i hierarki.

Som alle andre anarkistar meiner anarkafeministar at personleg frigjering er nøkkelen til likskap og fridom. Emma Goldman skreiv: «- Utvikling hennar, fridomen og sjølvstendet hennar må komme frå og gjennom henne sjølv. Først gjennom å hevde seg sjølv som eit individ, og ikkje eit sexobjekt. Så ved å nekte andre retten over kroppen hennar; nekte å bere barn om ho ikkje ønskjer det sjølv, nekte å vere ein tenar av Gud, staten, samfunnet, ektemannen, familien osv., ved å gjere livet lettare, men djupare og rikare. Ved å forsøke å lære meininga med livet i all kompleksitet, ved å fri seg frå frykta for samfunnet sine meiningar og samfunnet sine fordømmingar.»[1]

Anarkafeministar freistar å passe på at feminismen ikkje blir influert og dominert av autoritære ideologiar, enten frå venstre eller høyre. Dei rår til direkte aksjon og sjølvhjelp framfor reformistiske kampanjar som den «offisielle» feministrørsla favoriserer når ho lagar hierarkiske og sentraliserte organisasjonar.

Anarkafeministar går også imot den «offisielle» feministrørsla i synet på kjønnskvotering. Dei meiner at det å få fleire kvinnelege leiarar, politikarar og soldatar ikkje er eit skritt i rett retning. Leiareigenskapane ei kvinne treng å lære seg for å leie kapitalistiske selskap er teknikar for å kontrollere og utnytte arbeidskraft, medan «feminisering» av samfunnet betyr å avskaffe leiarar og kapitalistisk lønsslaveri. «- Vi ønskjer ikkje å byte eit maskulint hierarki med eit feminint hierarki.»[2]

Det skjer ofte at mannlege anarkistar, fordi dei i teorien er imot kjønnsdiskriminering, trur at dei ikkje er «sexistar» i praksis. Anarkafeministar meiner dette er feil, og har alltid fått fram spørsmålet om samsvar mellom teori og praksis fram i lyset.

Anarkisme og feminisme har alltid vore nært relaterte. Mange framståande feministar har også vore anarkistar, inkludert pioneren Mary Wollstonecraft, Louise Michel, Voltairine de Cleyre og sjølvsagt Emma Goldman. Freedom, verdas eldste anarkistavis, blei grunnlagt av Charlotte Wilson i 1886. I tillegg, alle dei store anarkistiske tenkarane, bortsett frå Proudhon, stødde jamstellingskampen. Frie kvinner rørsla i Spania under den spanske revolusjonen er eit klassisk eksempel på kvinnelege anarkistar som organiserer seg sjølv for å forsvare fridomen sin og å byggje eit samfunn tufta på like rettar mellom kjønna. Marilyn French meinte at den første lagdelinga i samfunnet kom då menn starta med å herske over kvinner, slik at kvinnene blei ein lågare sosial klasse.

  1. Emma Goldman, Anarchism and Other Essays, s. 211
  2. Free Women of Spain, s.2
Bibliografi

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Nettstader
Litteratur