Abelmoskusslekta
Utsjånad
Abelmoskusslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Kattostordenen Malvales |
Familie: | Kattostfamilien Malvaceae |
Underfamilie: | Malvoideae |
Stamme: | Hibisceae |
Slekt: | Abelmoskusslekta Abelmoschus Medik., 1787 |
Abelmoskusslekta (Abelmoschus) er ei planteslekt i kattostfamilien (Malvaceae) som omfattar 15 eittårige artar i tropane.
Slekta stammar opphavlegg frå tropisk Asia. Abelmoskus (Abelmoschus moschatus) blir dyrka som prydplante i tropiske og subtropiske strøk på grunn av sine vakre blomar som kan bli opptil 10 cm i diameter. Dei er oftast gule med rosa midtparti. Frøa av abelmoskus blir kalla bisam- eller moskuskorn. Dei blei tidlegare brukt til medisinen, men no berre som tilsetjing til tobakk og parfyme.
Ein nær slektning, okra (A. esculentus), har kapselfrukter og blad ein kan eta. Flerie Abelmoschus-artar har seige bastfiber og har derfor blitt brukt til tauverk og spinnemateriale.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Abelmoskus» (20. desember 2013) i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) abelmoskusslekta i Encyclopedia of Life
- (en) abelmoskusslekta i Global Biodiversity Information Facility
- (en) abelmoskusslekta hos ITIS
- (en) abelmoskusslekta hos NCBI
- (en) abelmoskusslekta hos The International Plant Names Index
- (en) abelmoskusslekta hos Tropicos
- (en) Kategori:Abelmoschus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Abelmoschus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Abelmoschus – detaljert informasjon på Wikispecies