iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: https://nn.wikipedia.org/wiki/2012-fenomenet
2012-fenomenet – Wikipedia Hopp til innhald

2012-fenomenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Datoinnskrift i den lange mesoamerikanske kalenderen på Estela 1 de La Mojarra

2012-fenomenet var ei rekkje eskatologiske syn om at transformative eller katastrofale hendingar ville henda på eller kring den 21. desember 2012.[1] Dette vart sett på som sluttdatoen for ein 5126 år lang syklus i den lange mesoamerikanske kalenderen,[2] og høgtidelege tilstellingar fann stad 21. desember 2012 for å høgtida hendinga i landa som var del av mayasivilisasjonen (Mexico, Guatemala, Honduras og El Salvador), med hovudarrangement på Chichen Itza i Mexico og Tikal i Guatemala.[3][4][5]

Ulike astronomiske formasjonar og numerologiske formlar vart føreslått for denne datoen. Ei new age-tolking meinte at han markerte starten på ein periode der jorda og innbyggjarane der ville gå gjennom ein positiv fysisk eller åndeleg transformasjon, og at 21. desember 2012 ville markera byrjinga på ein ny æra.[6] Andre meinte at datoen markerte verdas undergang eller ein liknande katastrofe. Scenario som vart føreslått for verdas ende inkluderte framkoma av det neste solmaksimumet, ein interaksjon mellom jorda og det supermassive svarte hòlet i sentrum av galaksen,[7] eller at jorda ville kollidera med ein mytisk planet kalla Nibiru.

Forskarar frå ulike disiplinar avfeia raskt spådommar om katastrofale hendingar etter kvart som dei oppstod. Mayanske lærde uttalte at ingen klassiske mayakodeksar føreseier snarleg undergang, og at ideen om at den lange kalenderen sluttar i 2012 gav ei feilaktig framstilling av mayahistorie og -kultur.[8][9][10] Astronomar avviste dei ulike framlagde dommedagsscenarioa som pseudovitskap[11][12] tilbakevist av elementære astronomiske observasjonar.[13]

Den lange mesoamerikanske kalenderen

[endre | endre wikiteksten]

Desember 2012 markerte avslutninga på ein b'ak'tun - ein tidsperiode i den lange mesoamerikanske kalenderen, brukt i Mellom-Amerika før europearane kom dit. Sjølv om den lange kalenderen mest sannsynleg vart funnen opp av olmekarane,[14] har han vorte nært forbunden med mayasivilisasjonen, som hadde sin klassiske periode frå 250 til 900 e.Kr.[15] Skriftsystemet i klassisk maya har vorte vesentleg dechiffrert,[16] noko som tyder at eit korpus av deira skrivne og innskrivne materiale har overlevd frå før den europeiske erobringa.

I motsetnad til 260-dagar-tzolk'in som framleis er brukt i dag hjå mayaene, var den lange kalenderen lineær i staden for syklisk, og heldt tida omtrent i einingar på 20: 20 dagar utgjorde ein uinal, 18 uinalar (360 dagar) utgjorde ein tun, 20 tunar utgjorde ein k'atun, og 20 k'atunar (144 000 dagar eller om lag 394 år) utgjorde ein b'ak'tun. Maya-datoen 8.3.2.10.15 representerer såleis 8 b'ak'tunar, 3 k'atunar, 2 tunar, 10 uinalar og 15 dagar.[17][18]

Apokalypse

[endre | endre wikiteksten]
Det eldste overlevande manuskriptet til Popol Vuh, datert til 1701

Det er ein sterk tradisjon for «verdstidsaldrar» i mayalitteraturen, men oppteikninga har vorte forvrengd, og etterlét fleire voner opne for tolking.[19] Ifølgje Popol Vuh, ei samling av skapingsforteljingar etter k'iche'-mayaene frå høglandet i kolonitida, lever vi i den fjerde verda.[20] Popol Vuh omtalar at gudane først skapte tre mislukka verder, etterfølgt av ei vellukka fjerde verd der menneskja vart plassert. I den lange mayakalenderen enda den førre verda etter 13 b'ak'tunar, eller om lag 5125 år.[21][a] «Nulldatoen» i den lange kalenderen[b][c] vart sett til eit tidlegare tidspunkt som markerte slutten på den tredje verda og starten av den noverande, som svarar til 11. august 3114 f.Kr. i den proleptiske gregorianske kalenderen.[25][2] Dette tyder at den fjerde verda nådde slutten av sin trettande b'ak'tun, eller Maya-dato 13.0.0.0.0, den 21. desember 2012. I 1957 skreiv mayanisten og astronomen Maud Worcester Makemson at «fullføringa av ein lang periode på 13 b'ak'tunar ville ha vore ytst signifikant for mayaene.»[26] I 1966 skreiv Michael D. Coe i The Maya at «det er eit framlegg ... at dommedag ville overta dei degenererte folka i verda og heile skapinga på den endelege dagen av den trettande [b'ak'tunen]. Dermed ... [ville] det noverande universet vårt verta gjort til inkjes ... når den store syklusen til den lange kalenderen er fullført.»[27][d]

Innvendingar

[endre | endre wikiteksten]

Tolkinga til Coe vart gjenteken av andre forskarar gjennom byrjinga av 1990-talet.[30] I kontrast sa seinare forskarar at sjølv om slutten på den trettande b'ak'tunen kanskje ville vera ein grunn til å feira,[8] markerte han ikkje slutten på kalenderen.[31] «Det er ingenting i maya- eller aztekar-profetiane eller eldgamle mesoamerikanske profetiar som tyder på at dei profeterte ei plutseleg eller større endring av noko slag i 2012,» sa mayanistforskaren Mark Van Stone. «Førestillinga om at ein 'stor syklus' nærmar seg slutten er ei moderne oppfinning.»[32] I 1990 hevda dei mayanistiske lærde Linda Schele og David Freidel at mayaene «ikkje oppfatta dette som slutten på skaparverket, som mange har føreslått».[33] Susan Milbrath, kurator for latinamerikansk kunst og arkeologi ved Florida Museum of Natural History, uttalte at «Vi har inga registrering eller kunnskap om at [mayaer] ville tru at verda ville koma til ein ende» i 2012.[8] Sandra Noble, administrerande direktør for Foundation for the Advancement of Mesoamerican Studies, sa: «For dei gamle mayaene var det ei stor feiring å koma til slutten av ein heil syklus,» og «2012-fenomenet er ein total fabrikasjon og ein sjanse for mange menneske til å tena pengar.»[8] «Det kjem ein ny syklus,» sa E. Wyllys Andrews V, direktør for Tulane University Middle American Research Institute. «Vi veit at mayaene trudde det var ein før dette, og det tyder at dei var komfortable med ideen om ein annan etter dette.»[34] I ein kommentar til den nye kalenderen funnen i Xultún, sa ein arkeolog: «Dei gamle mayaene spådde at verda ville halda fram - at 7000 år frå no, ville ting vera akkurat slik. Vi held fram med å leita etter endar. Mayaene leitte etter ein garanti for at ingenting ville endra seg. Det er ein heilt annan tankegang.»[35]

Fleire framståande personar som representerte mayaene i Guatemala avviste framlegget om at verda ville enda med den trettande b'ak'tunen. Ricardo Cajas, president for Colectivo de Organizaciones Indígenas de Guatemala, sa at datoen ikkje representerte ein slutt på menneskja, men at den nye syklusen «føreset endringar i menneskeleg medvit». Martín Sacalxot, ved kontoret til Guatemalas menneskerettsombudsmann (Procurador de los Derechos Humanos), sa at slutten på kalenderen ikkje har noko å gjera med verdas undergang eller året 2012.[36]

Tidlegare assosiasjonar

[endre | endre wikiteksten]

Den europeiske sameininga til mayaene med eskatologi stammar frå tida til Christopher Columbus, som kompilerte eit verk kalla Libro de las profecías under reisa i 1502 då han første gong høyrde om «maia» på Guanaja, ei øy utanfor nordkysten av Honduras.[37] Påverka av skriftene til biskop Pierre d'Ailly, trudde Columbus at oppdaginga hans av «dei fjernaste» land (og vidare mayaene sjølve) vart profetert og ville føra til dommedag. Frykt for endetida var utbreidd i dei første åra av den spanske erobringa som eit resultat av populære astrologiske spådommar i Europa om ein andre storflaum i året 1524.[37]

På 1900-talet tolka den tyske lærde Ernst Förstemann den siste sida av Dresden Codex som ein representasjon av verdas ende i ein katastrofal flaum. Han refererte til øydelegginga av verda og ein apokalypse, sjølv om han ikkje refererte til den trettande b'ak'tunen eller 2012, og det var ikkje klårt om han refererte til ei framtidig storhending.[38] Ideane hans vart gjentekne av arkeologen Sylvanus Morley,[39] som direkte parafraserte Förstemann og la til sine eigne utbroderingar, og skreiv: «Til slutt, på den siste sida av manuskriptet, er øydelegginga av verda avbilda ... Her er det faktisk skildra med eit grafisk preg den siste altoppslukande katastrofen» i form av ein stor flaum. Desse kommentarane vart seinare gjentekne i Morley-boka, The Ancient Maya, som hadde sitt første opplag utgjeve i 1946.[37]

Maya-referansar til b'ak'tun 13

[endre | endre wikiteksten]
Ei datoinnskrift i den lange mesoamerikanske kalenderen på austsida av Stele C frå Quirigua som syner datoen for den siste skapinga. Ho er lesen som 13.0.0.0.0 4 Ahau 8 Kumku og er vanlegvis korrelert med 11. eller 13. august 3114 f.Kr. på den proleptiske gregorianske kalenderen. Datoen for 13.0.0.0.0 4 Ahau 3 Kʼankʼin er vanlegvis korrelert med 21. eller 23. desember 2012.

Det er uvisst kva tyding klassisk maya gav den trettande b'akʼtunen.[40] Dei fleste klassiske mayainskripsjonane er i grunnen historiske og gjev ingen profetiske erklæringar.[40] To element i den klassiske mayakorpusen nemner likevel slutten av den trettande b'akʼtunen: det sjette Tortuguero-monumentet og den tolvte hieroglyfiske trappeoppgangen i La Corona.

Tortuguero

[endre | endre wikiteksten]

Tortuguero-området, som ligg sørlegast i Tabasco, Mexico, stammar frå 700-talet e.Kr. og består av ein serie inskripsjonar hovudsakleg til ære for den samtidige herskaren Bahlam Ahau. Ein inskripsjon, kjend som Tortuguero Monument 6, er den einaste inskripsjonen som er kjend for å referera til bʼakʼtun 13 i nokon detalj. Han har vorte delvis øydelagd; Sven Gronemeyer og Barbara MacLeod har gjeve denne omsetjinga:

tzuhtzjo꞉m uy-u꞉xlaju꞉n pik
chan ajaw u꞉x uni꞉w
uhto꞉m il[?]
yeʼni/ye꞉n bolon yokte'
ta chak joyaj

Det vill fulbyrdast den 13. bʼakʼtun.
Det er 4 Ajaw 3 Kʼankʼin
og ei syning vil skje[?].
Det er syninga av Bʼolon-Yokte'
under ein stor «investitur».[41]

Svært lite er kjent om guden B'olon Yokte'. Ifølgje ein artikkel av mayanistane Markus Eberl og Christian Prager i British Anthropological Reports, er namnet hans samansett av elementa «ni», 'OK-te' (med ukjend tyding) og «gud». Forvirring i klassiske inskripsjonar tyder på at namnet allereie var gamalt og ukjent for samtidige skriftlærde.[42] Han dukkar også opp i inskripsjonar frå Palenque, Usumacinta og La Mar som ein gud for krig, konflikt og underverda. I ein stele er han framstilt med eit tau knytt rundt halsen, og i ei anna med ein røykelsespose, som saman uttrykker eit offer for å avslutta ein syklus av år.[43]

Basert på observasjonar av moderne Maya-ritual, hevdar Gronemeyer og MacLeod at stelen refererer til ei feiring der ein person som portretterer Bolon Yokteʼ Kʼuh var pakka inn i seremonielle plagg og gjekk i parade rundt på staden.[44][45] Dei uttalte at assosiasjonen til Bolon Yokteʼ Kʼuh med bʼakʼtun 13 ser ut til å vera så viktig på denne inskripsjonen at han erstattar meir typiske feiringar som «oppføring av stelar, spreiing av røykelse» og så bortetter. Vidare hevdar dei at denne storhendinga faktisk var planlagd for 2012 og ikkje på 600-talet.[46] Mayanistforskaren Stephen Houston seier seg usamd i dette synet ved å hevda at framtidige datoar på mayainskripsjonar ganske enkelt var meint å trekka parallellar med samtidige hendingar, og at orda på stelen skildrar ei samtidig scene i staden for ei framtidig ei.[47]

Datoar utover b'ak'tun 13

[endre | endre wikiteksten]

Mayainskripsjonar nemner av og til spådde framtidige storhendingar eller minnesmerke som ville skje på datoar langt utover fullføringa av den 13. b'ak'tunen. Dei fleste av desse er i form av «distansedatoar»; datoar i den lange kalenderen saman med eit tilleggsnummer, kjent som eit avstandsnummer, som når det er lagt til datoane gjev ein framtidig dato. På vestpanelet ved inskripsjonstempelet i Palenque projiserer ein tekstdel fram til den åttiande 52-årige kalendersyklusen frå kroninga av herskaren K'inich Janaab' Pakal. Tiltredinga til Pakal hende den 9.9.2.4.8, tilsvarande 27. juli 615 e.Kr. i den proleptiske gregorianske kalenderen. Inskripsjonen byrjar med fødselsdatoen til Pakal den 9.8.9.13.0 (24. mars 603 e.Kr. gregoriansk) og legg deretter til avstandsnummeret 10.11.10.5.8 til datoen,[48] og fører til ein dato 21. oktober 4772 e.Kr., meir enn 4000 år etter tida til Pakal.[32][48][49]

Eit anna døme er Stele 1 på Coba som markerer skapingsdatoen som 13.13.13.13.13.13.13.13.13.13.13.13.13.13.13.13.13.13.13.13.0.0.0.0, eller nitten einingar over b'ak'tunen. Ifølgje Linda Schele representerer desse 13-talla «startpunktet for ein enorm kilometerteljar av tid», der kvar fungerer som ein null og er tilbakestilt til 1 etter kvart som tala aukar.[33] Denne inskripsjonen føreser derfor at det noverande universet varer minst 2021×13×360 dagar[24] eller om lag 2.687×1028 år; eit tidsrom lik 2 kvintillionar gonger alderen på universet som bestemt av kosmologar. Andre har likevel føreslått at denne datoen markerer skapinga for å ha hend etter dette tidsrommet.[24][50]

I 2012 kunngjorde forskarar oppdaginga av ein serie maya-astronomiske tabellar i Xultún, Guatemala som viser rørslebanene til månen og andre astronomiske lekamar i løpet av 17 b'ak'tunar.[35][51][52]

New age-tru

[endre | endre wikiteksten]

Mange påstandar om året 2012 utgjer ein del av mayanismen, ei ikkje-kodifisert samling av new age-tru om gamal mayavisdom og spiritualitet.[53] Omgrepet er ulikt frå «mayanist», som er brukt til å referera til ein akademisk lærd om mayaene.[54][55] Arkeoastronomen Anthony Aveni seier at sjølv om ideen om å «balansera kosmos» var framståande i gamal mayalitteratur, henta ikkje 2012-fenomenet frå desse tradisjonane. I staden vart det knytt til amerikanske konsept som new age-rørsla, 2012-millenarisme og trua på løynd kunnskap frå fjerne tider og stader.[56] Tema funne i litteratur frå 2012 femner «mistru mot hovudstraums vestleg kultur», ideen om åndeleg evolusjon og vona for å leia verda inn i ein ny alder (new age) ved individuelt eksempel eller gjennom det samla medvitet til ei gruppe. Det generelle siktemålet med denne litteraturen var ikkje å åtvara om føreståande undergang, men «å fremja motkulturelle sympatiar og til slutt sosiopolitisk og 'åndeleg' aktivisme».[57] Aveni, som har studert fellesskap innan new age og søk etter utanomjordisk intelligens, skildrar 2012-narrativ som eit produkt av eit «fråkopla» samfunn: «Ute av stand til å finna andelege svar på dei store spørsmåla om livet i oss sjølv, vendar vi oss utover til førestilte entitetar som ligg langt unna i rom eller tid – entitetar som kan sitja på overlegen kunnskap.»[58]

I 1975 vart avslutninga på bʼakʼtun 13 eit tema for spekulasjonar av fleire new age-forfattarar, som hevda at det ville samsvara med ein global «transformasjon av medvit». I boka Mexico Mystique: The Coming Sixth Age of Consciousness, knytte Frank Waters den opphavlege datoen til Coe, 24. desember 2011, til astrologi og profetiane til hopiane,[59] medan både José Argüelles (i The Transformative Vision)[60] og Terence McKenna (i The Invisible Landscape)[61][62] diskuterte signifikansen av året 2012 utan å nemna ein særskild dag. Noko forsking[63] tyder på at både Argüelles og McKenna var her sterkt påverka av mayanismen til den amerikanske forfattaren William S. Burroughs, som først framstilte slutten av den lange mayakalenderen som eit apokalyptisk skifte av menneskeleg medvit The Exterminator frå 1960-tallet.[64]

I 1983, med publiseringa av den reviderte tabellen over datokorrelasjonar av Robert J. Sharers i den 4. utgåva av The Ancient Maya av Morley, vart kvar overtyda om at 21. desember 2012 hadde signifikant meining. I 1987, året då han arrangerte Harmonic Convergence-arrangementet, brukte Argüelles datoen 21. desember 2012 i The Mayan Factor: Path Beyond Technology.[65][66] Han hevda at den 13. august 3113 f.Kr. byrja jorda på ein passasje gjennom ein «galaktisk synkroniseringsstråle» som kom frå sentrum av galaksen vår, at ho ville passera gjennom denne strålen i løpet av ein periode på 5200 tunar (Maya-syklusar på 360 dagar kvar), og at denne strålen ville resultera i «total synkronisering» og «galaktisk inndraging» av individ «plugga inn i det elektromagnetiske batteriet på jorda» innan 13.0.0.0.0 (21. desember 2012). Han meinte at mayaene justerte kalenderen sin for å samsvara med dette fenomenet.[67] Anthony Aveni har avvist alle desse ideane.[68]

I 2001 skreiv Robert Bast dei første nettartiklane om vona for ein dommedag i 2012.[69] I 2006 populariserte forfattaren Daniel Pinchbeck new age-konsept om denne datoen i boka 2012: The Return of Quetzalcoatl, og kopla b'akʼtun 13 til tru på kornsirklar, bortføring av romvesen og personlege avsløringar basert på bruk av hallusinogene stoff og mediumskap.[70][71] Pinchbeck hevdar å skjelna ei «vaksande erkjenning om at materialisme og det rasjonelle, empiriske verdsbildet som følgjer med han har nådd sin utløpsdato ... [vi] er på randen av å gå over til ein medvitsdispensasjon som er meir intuitiv, mystisk og sjamanisk».[6]

Galaktisk formasjon

[endre | endre wikiteksten]

Det er inga signifikant astronomisk hending knytt til startdatoen av den lange mayakalenderen.[72] Den antekne sluttdatoen var derimot knytt til astronomiske fenomen av esoterisme, marginalvitskap og new age-litteratur som la stor vekt på astrologi, særleg astrologiske tolkingar assosierte med fenomenet aksial presesjon.[73][74] Den viktigaste av desse ideane er det astrologiske konseptet om ei «galaktisk justering».

I solsystemet ligg planetane og sola omtrent innanfor det same flate planet, kjent som det ekliptikkske planet. Frå perspektivet på jorda er ekliptikken banen som sola tar over himmelen i laupet av året. Dei tolv stjernebilda som langs ekliptikken er kjende som dyrekrinsen, og årleg passerer sola gjennom dei alle etter tur. I tillegg, over tid, ser det ut til at den årlege syklusen til sola går veldig sakte tilbake med éin grad kvart 72. år, eller med eitt stjernebilde om lag kvart 2160. år. Denne bakoverrørsla, kalla «presesjon», kjem av ei lita slingring i jordaksen når ho snurrar, og kan samanliknast med måten ein snurrebass slingrar når han bremsar farten.[75] I laupet av 25 800 år, ein periode ofte kalla eit platonisk år, fullfører banen til sola ein heil 360-graders rotasjon bakover gjennom dyrekrinsen.[75] I vestlege astrologiske tradisjonar måler ein presesjon frå vårjamdøgn, eitt av dei to årlege punkta der sola er nøyaktig halvvegs mellom sitt lågaste og høgaste punkt på himmelen. På slutten av det 1900-talet og starten på 2000-talet var jamdøgnet til sola i stjernebildet Fiskane som flytte seg tilbake til Vassmannen. Dette signaliserte slutten på ein astrologisk tidsalder (tidsalderen til fiskane) og byrjinga på ein annan (tidsalderen til vassmannen).[76]

På same måte var desembersolkvervposisjonen til sola (på den nordlege halvkula, det lågaste punktet på den årlege solbanen; på den sørlege halvkula, det høgaste) i stjernebildet Skytten, eitt av to stjernebilde der dyrekrinsen kryssar Mjølkevegen.[77] Kvart år, på desembersolkverv, ser det ut til at sola og Mjølkevegen (frå jordoverflata) kjem på linje, og kvart år forårsaka presesjon ei lita endring i posisjonen til sola i Mjølkevegen. Gjeve at Mjølkevegen er mellom 10° og 20° brei, tar det mellom 700 og 1400 år før desembersolkverv-posisjonen til sola går gjennom han.[78] I 2012 var sola omtrent halvvegs gjennom Mjølkevegen, og kryssa den galaktiske ekvatoren.[79] I 2012 falt solens desembersolverv den 21. desember.[80]

Mystisisme

[endre | endre wikiteksten]
Mjølkevegen nær Svana som viser banen til det mørke bandet danna av interstellare skyer, som mayaene kalla Xibalba be eller «den svarte vegen»

Mystiske spekulasjonar om presesjonen av jamdøgn og nærleiken sola har til sentrum av Mjølkevegen dukket opp i Hamlet's Mill (1969) av Giorgio de Santillana og Hertha von Deschend. Desse vart siterte og utvida av Terence og Dennis McKenna i The Invisible Landscape (1975).

Tilhengarar av ideen, etter ein teori først føreslått av Munro Edmonson,[81] påstod at mayaene baserte sin kalender på observasjonar av eit band med mørke støvskyer i Mjølkevegen, som ifølge nokre lærde, mayaene kalla Xibalba be eller «den svarte vegen».[82] John Major Jenkins hevdar at mayaene var klar over kvar ekliptikken kryssa dette bandet og gav denne posisjonen på himmelen ei spesiell tyding i kosmologien deira.[83] Han sa at presesjon ville justera sola nøyaktig med den galaktiske ekvatoren ved vintersolkverv i 2012.[83] Jenkins hevda at den klassiske mayaen føresåg denne konjunksjonen og feira han som varselet om ein djup åndeleg overgang for menneskja.[84] New age-tilhengarar av hypotesen om galaktisk justering hevda at akkurat som astrologi bruker posisjonane til stjerner og planetar for å setta fram påstandar om framtidige hendingar, plotta mayaene sine kalendrar med føremål om å førebu seg på viktige verdshendingar.[85] Jenkins tilskreiv innsikta til gamle maya-sjamanar om det galaktiske senteret til deira bruk av psilocybinsoppar, psykoaktive padder og andre psykedeliske stoff.[86] Jenkins assosierte også Xibalba be med eit «verdstre», og bygde på studiar av samtidig (ikkje eldgamal) maya-kosmologi.[87]

Astronomar som David Morrison hevdar at den galaktiske ekvator er ei heilt vilkårleg linje og aldri kan trekkast nøyaktig, av di det er umogeleg å bestemma dei eksakte grensene i Mjølkevegen, som varierer avhengig av klårleiken. Jenkins hevda at han trekte sine konklusjonar om plasseringa av den galaktiske ekvatoren frå observasjonar tatt på over 11 000 fot (3400 m), ei høgd som gjev eit klårare bilde av Mjølkevegen enn kva mayaene hadde tilgang til.[67] Vidare, sidan sola er ein halv grad brei, tar det 36 år før solkverv-posisjonen forsterkar den fulle breidda til sola. Jenkins tilføydde at sjølv gjeve hans bestemte plassering for linja til den galaktiske ekvatoren, skjedde den mest nøyaktige konvergensen til han med sentrum av sola allereie i 1998, og hevdar derfor at den galaktiske justeringa i staden fokuserer på ein fleirårsperiode sentrert i 1998.[88][89][90]

Det er ingen klåre bevis på at dei klassiske mayaene visste om presesjon. Nokre maya-forskarar, som Barbara MacLeod,[45] Michael Grofe,[91] Eva Hunt, Gordon Brotherston og Anthony Aveni,[92] har ymta om at nokre heilage mayadatoar vart tidsbestemte til presesjonelle syklusar, men vitskaplege meiningar om emnet er framleis delte.[32] Det er også lite bevis, arkeologisk eller historisk, for at mayaene la noka betydning på solkverv eller jamdøgn.[32][93] Det er mogeleg at berre dei tidlegaste blant mesoamerikanarar observerte solkverv,[94] men dette er også eit omstridd spørsmål blant mayanistar.[32][93] Det er heller ingen bevis for at den klassiske mayaen knytte signifikans til Mjølkevegen; det er ingen glyf i deira skriftsystem som representerer han, og ingen astronomisk eller kronologisk tabell knytt til han.[95]

Dommedagsteoriar

[endre | endre wikiteksten]

Ideen om at året 2012 føresa ein verdskatastrofe, verdas undergang, eller slutten på den menneskelege sivilisasjonen, gav inspirasjon til populære mediespekulasjonar då datoen 21. desember 2012 nærma seg. Denne ideen vart kunngjort av mange sider på internett, særleg på YouTube.[96] Discovery Channel vart kritisert for sine «kvasi-dokumentarar» om emnet som «ofrar nøyaktigheit for underhaldning».[97]

Andre formasjonar

[endre | endre wikiteksten]
Sagittarius A*, teke med Chandra-teleskopet

Nokre menneske tolka den galaktiske justeringa apokalyptisk, og hevda at hendinga på ein eller annan måte ville skapa ein kombinert gravitasjonseffekt mellom Sola og det supermassive svarte holet i sentrum av galaksen (kjent som Sagittarius A*), og skapa kaos på jorda.[98] Sett bort frå den «galaktiske justeringa» som allereie hende i 1998, tok ikkje den tilsynelatande vegen Sola hadde gjennom dyrekrinsen sett frå jorda den som gjekk nær det sanne galaktiske senteret, men fleire grader over det.[79] Sjølv om dette ikkje var tilfelle, er Sagittarius A* 30 000 lysår frå Jorda; det måtte ha vore meir enn 6 millionar gonger nærmare for å forårsaka gravitasjonsavbrot i solsystemet til jorda.[99][100] Denne lesinga av justeringa var inkludert i History Channel-dokumentaren Decoding the Past. John Major Jenkins klaga over at ein science fiction-forfattar var medforfattar av dokumentaren, og han heldt fram med å karakterisera han som «45 minutt med uforskamma dommedagshype og den verste typen sinnsjuk sensasjonisme».[101]

Nokre truande på ein dommedag i 2012 brukte omgrepet «galaktisk justering» for å skildra eit anna fenomen føreslått av nokre forskarar for å forklara eit mønster i masseutryddingar som visstnok er observert i fossilregistera.[102] Ifølgje Shiva-hypotesen er masseutryddingar ikkje tilfeldige, men gjentar seg kvart 26. million år. For å gjera greie for dette vart det ymta at vertikale svingingar danna av Sola på sin 250 millionar år lange bane rundt det galaktiske senteret fører til at ho regelmessig passerer gjennom det galaktiske planet. Når solbanen tar vegen utanfor det galaktiske planet som halverer den galaktiske skiva, er innverknaden frå det galaktiske tidvatnet svakare. Men når ho går inn i den galaktiske plata att – slik ho gjer kvart 20.–25. millionar år – kjem ho under påverknad av dei langt sterkare «platetidvatna», som ifølgje matematiske modellar aukar fluksen av Oort-skykometer inn i det indre solsystemet med ein faktor på 4, noko som fører til ein massiv auke i sannsynet for eit øydeleggande kometnedslag.[103] Likevel går denne «justeringa» føre seg over titals millionar år, og kunne aldri tidsbestemmast til ein eksakt dato.[104] Bevis syner at solen passerte gjennom planet som halverte den galaktiske skiva for tre millionar år sida og i 2012 flytte seg lenger over henne.[105]

Ei tredje føreslått justering var ein slags planetarisk konjunksjon som skjedde 21. desember 2012; det var likevel ingen konjunksjon på den datoen.[12] Multi-planetformasjonar skjedde i både 2000 og 2010, kvar utan dårlege resultat for jorda.[106] Jupiter er den største planeten i solsystemet; større enn alle andre planetar til saman. Når Jupiter er nær motstand, er skilnaden i gravitasjonskraft som jorda opplever mindre enn 1 % av krafta som jorda kjenner dagleg frå Månen.[107]

Geomagnetisk reversering

[endre | endre wikiteksten]
NASA-simulering av eit reverseringsfenomen

Ein annan idé knytt til 2012 involverte ei geomagnetisk reversering (ofte referert til som eit polskifte av tilhengarar), mogelegvis utløyst av ein massiv solflamme, som ville frigjera ein energi tilsvarande 100 milliardar atombomber.[108] Denne trua vart visstnok støtta av observasjonar om at magnetfeltet til jorda vart svekka,[109] som kunne gå føre ei reversering av nord- og sørmagnetpolane, og framkoma av neste solmaksimum, som var venta ein gong rundt 2012.[110]

Dei fleste vitskaplege estimata seier likevel at geomagnetiske reverseringar tar mellom 1000 og 10.000 år å fullføra,[111] og startar ikkje på nokon bestemt dato.[112] U.S. National Oceanic and Atmospheric Administration spådde at solmaksimumet ville toppa seg i slutten av 2013 eller 2014, og at det ville vera ganske svakt, med eit under gjennomsnittet tal på solflekker.[113] Det var ingen vitskaplege bevis som kopla eit solmaksimum til ei geomagnetisk reversering, som er driven av krefter heilt inne i jorda.[114]

Eit solmaksimum påverkar satellitt- og mobiltelefonkommunikasjon.[115] David Morrison tilskreiv framveksten av solstorm-ideen til fysikaren og den vitskaplege popularisatoren Michio Kaku, som hevda i eit intervju med Fox News at ein soltopp i 2012 kan verta katastrofal for satellittar i bane, og til overskrifta « Solar Storm Warning» frå NASA på ein nettstad frå 2006, eit omgrep som seinare vart gjenteke på fleire dommedagssider.[96]

Den 23. juli 2012 kom ein massiv, potensielt skadeleg, solstorm i laupet av ni dagar etter å ha råka jorda.[116][117]

Planet X/Nibiru

[endre | endre wikiteksten]

Nokre som trudde på ein dommedag i 2012 hevda at ein planet kalla Planet X, eller Nibiru, ville kollidera med eller passera jorda. Denne ideen, som dukka opp i ulike former sidan 1995, spådde opphavleg dommedag i mai 2003, men talsmenn forlét denne datoen etter at han passerte utan hendingar.[118] Ideen stamma frå påstandar om kanalisering av framande vesen, og vert mykje låtteleggjord.[118][119] Astronomar rekna ut at eit slikt objekt så nær jorda ville vera synleg for alle som ser opp på nattehimmelen.[118]

Andre katastrofar

[endre | endre wikiteksten]
Pleiadane, eller sjustjernene, ein stjernehop somme trur verka inn på hendingane i 2012

Forfattaren Graham Hancock i boka si Fingerprints of the Gods, tolka ytringane til Coe i Breaking the Maya Code[120] som bevis for profetien om ein global katastrofe.[121] Filmskaparen Roland Emmerich krediterte seinare boka med å inspirera katastrofefilmen 2012 frå 2009.

Andre spekulasjonar når det gjeld dommedag i 2012 inkluderte spådommar frå Web Bot-prosjektet, eit dataprogram som hevdar å føreseia framtida ved å analysera samtalar på internettet. Kommentatorar har avvist påstandar om at roboten er i stand til å føreseia naturkatastrofar, i motsetnad til menneskeskapte katastrofar som børskrasj.[122]

2012-datoen var også laust knytt til det langvarige konseptet med Fotonbeltet, som spådde ei form for interaksjon mellom jorda og Alkyone, den største stjerna i Pleiadane.[123] Kritikarar hevda at foton ikkje kan danna belte, at Pleiadane, som ligg meir enn 400 lysår unna, ikkje kunne ha nokon effekt på jorda, og at solsystemet, i staden for å koma nærmare Pleiadane, faktisk flytte seg lenger bort.[124]

Nokre medium knytte det at den raude superkjempestjerna Betelgeuse ville gå gjennom ei supernova på eit framtidig tidspunkt til 2012-fenomenet.[125] Men medan Betelgeuse absolutt var i sluttfasen av sitt liv, og ville døy som ei supernova, var det ingen måte å føreseia tidspunktet for hendinga innan 100 000 år.[126] For å vera ein trugsel mot jorda, kan ei supernova ikkje vera lenger enn 25 lysår frå solsystemet. Betelgeuse er omkring 600 lysår unna, og derfor ville supernovaa til stjerna ikkje påverka jorda.[127] I desember 2011 gav Francis Reddy i NASA ut ei pressemelding som avkreftar vona for at ei supernova skal oppstå i 2012.[128]

Ein annan påstand involverte utanomjordisk invasjon. I desember 2010 hevda ein artikkel, først publisert i examiner.com og seinare referert til i den engelskspråklege utgåva av Pravda,[129] med sitering av eit andre Digitized Sky Survey-fotografi som bevis, at SETI hadde oppdaga tre store romfartøy som skulle koma til jorda i 2012.[130] Astronomen Phil Plait uttalte at ved å bruka småvinkelformelen kunne ein slå fast at dersom objektet på bildet var så stort som påstått, ville det ha måtte vera nærmare jorda enn månen, noko som ville tyda at det allereie ville har kome hit.[130] I januar 2011 gav Seth Shostak, sjefastronom ved SETI, ut ei pressemelding som avkreftar påstandane.[129]

Allmenn reaksjon

[endre | endre wikiteksten]

Fenomenet spreidde seg vidt etter at det vart kjent offentleg, særleg på internettet. Hundretusenvis av nettsider vart lagde ut om emnet.[96] «Ask an Astrobiologist», ein offentleg oppsøkande nettstad av NASA, mottok over 5000 spørsmål frå publikum om emnet frå 2007,[123] der nokre spurde om dei skulle ta livet av seg sjølv, barna eller kjæledyra sine.[96] I mai 2012 fann ei Ipsos-undersøking av 16 000 vaksne i 21 land at 8 prosent hadde opplevd frykt eller angst for vona for at verda skulle enda i desember 2012, medan gjennomsnittleg 10 prosent var samde i utsegna «Maya-kalenderen, som nokon seier 'sluttar' i 2012, markerer verdas undergang», med svar så høge som 20 prosent i Kina, 13 prosent i Russland, Tyrkia, Japan og Korea, og 12 prosent i USA.[131] Minst eitt sjølvmord var direkte knytt til frykt for ein 2012-apokalypse,[132] i tillegg til andre som var anekdotisk rapportert.[133] Jared Lee Loughner, gjerningsmannen bak Tucson-skytinga i 2011, følgde 2012-relaterte spådommar.[134] Eit panel av forskarar som vart stilte spørsmål om emnet på ein plenumssesjon ved Astronomical Society of the Pacific, hevda at internettet spelte ei vesentleg rolle i å la denne dommedagsdatoen få meir trekkraft enn tidlegare liknande panikkar.[133]

Pic de Bugarach, Camps-sur-l'Agly, Frankrike; eit mål for «esoterikarar» som trudde at ein stor overgang ville skje i 2012
Şirince, İzmir-provinsen, Tyrkia, ein landsby med kring 560 innbyggjarar, har ein «positiv energi» ifølgje nokre dommedagskultistar, som seier at det er nært eit område der romerske katolikkar trudde at jomfru Maria steig opp til himmelen.

Frå og med 2000 byrja den vesle franske landsbyen Bugarach, med 189 innbyggjarar, å få besøk frå «esoterikarar» – mystiske truande som hadde konkludert med at det lokale fjellet, Pic de Bugarach, var den ideelle staden for å klara dei transformative hendingane i 2012. I 2011, byrja den lokale ordføraren, Jean-Pierre Delord, å uttrykka frykt til internasjonal presse om at den vesle byen ville verta overvelda av ei tilstrøyming av tusenvis av vitjande i 2012, og ymta til og med om at han kunne måtta kalla inn hæren.[135][136] «Vi har sett ein enorm auke i vitjande,» sa Delord til The Independent i mars 2012. «Allereie i år har meir enn 20 000 menneske klatra rett til toppen, og i fjor hadde vi 10 000 fotturistar, noko som var ein monnaleg auke frå dei førre tolv månadene. Dei trur at Pic de Bugarach er 'un garage à ovnis' [ein garasje for UFOar]. Innbyggjarane i landsbyen er opprørte: den overdrivne betydninga av noko dei reknar som fullstendig fjernt frå røynda er forvirrande. Etter 21. desember vil dette sikkert gå attende til normalen.»[137] I desember 2012 plasserte den franske regjeringa 100 politi- og brannmenn rundt både Bugarach og Pic de Bugarach, noko som avgrensa tilgangen til potensielle vitjande.[138] Til sjuande og sist dukka berre rundt 1000 vitjande opp på høgda av «arrangementet». To raveparty vart hindra, 12 personar måtte vendast bort frå toppen og 5 personar vart arresterte for å bera våpen.[139] Jean-Pierre Delord vart kritisert av medlemmer av samfunnet for ikkje å utnytta mediemerksemda og promotera regionen.[140]

Den tyrkiske landsbyen Şirince, nær Efesos, venta å motta over 60 000 vitjande den 21. desember 2012, då new age-mystikarar trudde den «positive energien» der ville hjelpa til med å redusera omfanget av katastrofen.[141] Berre ein brøkdel av dette talet kom, og ein monnaleg del av dette var politi og journalistar.[142]

Tilsvarande vekte det pyramideliknande fjellet Rtanj i dei serbiske Karpatane merksemd, på grunn av rykte om at det ville avgi eit sterkt kraftskjold på dagen og verna dei i nærleiken. Hotella kring fjellfoten vart fulle.[143]

I Russland opplevde innsette i eit kvinnefengsel «ein kollektiv massepsykose» i vekene fram til den antekne dommedagen, medan innbyggjarar i ein fabrikkby nær Moskva skal ha tømt ein supermarknad for fyrstikker, lys, mat og andre forsyningar. Ministeren for vernebuingssituasjonar erklærte som svar at ifølgje «metodar for å overvaka kva som skjer på planeten jorda», ville det ikkje vera nokon apokalypse i desember.[144] På spørsmål om når verda ville enda i ein pressekonferanse, sa den russiske presidenten Vladimir Putin: «Om kring 4,5 milliardar år.»[145]

I desember 2012 skreiv astronomen i Vatikanet, pastor José Funes, i avisa L'Osservatore Romano at apokalyptiske teoriar rundt 2012 «ikkje eingong var verdt å diskutera».[146]

Asia og Australia

[endre | endre wikiteksten]

I Kina vart opptil tusen medlemmer av den kristne kulten Dongfang Shandian arresterte etter å ha hevda at slutten av b'akʼtun 13 markerte verdas undergang, og at det var på tide å styrta kommunismen.[147][148] Det vart rapportert at folk som handla varer hamstra forsyningar av stearinlys medan ein forventa eit kommande mørke, samtidig som nettforhandlaren Taobao selde billettar for å gå om bord i Noahs ark til kundar.[149] Bestillingar for bryllaupsseremoniar 21. desember 2012 vart fylte i fleire byar.[149] Den 14. desember 2012 angreip og såra ein mann i Henan-provinsen tjuetre barn med ein kniv. Styresmaktene mistenkte at mannen hadde vorte «påverka» av spådommen om den kommande apokalypsen.[150] Akademikarar i Kina tilskreiv den utbreidde trua på dommedagen i 2012 i landet deira mangel på vitskapleg kompetanse og mistru til dei regjeringskontrollerte media.[150]

Den 6. desember 2012 heldt den australske statsministeren Julia Gillard ein bløffetale for radiostasjonen Triple J der ho erklærte «Mine kjære attståande medaustraliarar; verdas undergang kjem. Om nådestøyten kjem frå kjøtetande zombiar, demoniske helvetesdyr eller frå den totale triumfen til K-pop, dersom du veit éin ting om meg er det dette – eg vil alltid kjempa for deg til siste slutt.»[151] Radioverten Neil Mitchell skildra bløffen som «umoden« og funderte på om det nedverdiga embetet hennar.[152]

Mexico og Mellom-Amerika

[endre | endre wikiteksten]
Mayaruinane av Iximche i Tecpán Guatemala den 21. desember 2012

Dei mesoamerikanske landa som ein gong utgjorde ein del av mayasivilisasjonen – Mexico, Guatemala, Honduras og El Salvador – organiserte alle tilstellingar for å høgtida slutten av b'ak'tun 13 på dei største mayastadene. Den 21. desember 2011 aktiverte mayabyen Tapachula i Chiapas ei åtte fot stor digital klokke som talde ned dagane til enden av b'ak'tun 13.[153] Den 21. desember 2012 gjekk store hendingar føre seg ved Chichén Itzá i Mexico og Tikal i Guatemala.[3][4][5] I El Salvador vart det største arrangementet halde på Tazumal, og i Honduras, på Copán. På alle desse arkeologiske stadene vart mayaritual haldne ved daggry leidd av sjamanar og mayaprestar.[154][155][156]

Mayabrannseremonien som vart halden ved daggry i Tikal den 21. desember 2012, fann stad på hovudplassen føre det store jaguartempelet.

På den siste dagen av b'ak'tun 13 feira innbyggjarane i Yucatán og andre regionar som tidlegare var dominert av dei gamle mayaene det dei såg som byrjinga på ein ny, betre æra.[157] Ifølgje offisielle tal frå det meksikanske nasjonale instituttet for antropologi og historie (INAH), vitja kring 50 000 menneske meksikanske arkeologiske stader 21. desember 2012. Av desse vitja 10 000 Chichén Itzá i Yucatán, 9900 besøkte Tulum i Quintana Roo og 8000 vitja Palenque i Chiapas. Ytterlegare 10 000 menneske vitja Teotihuacán nær Mexico by, som ikkje er eit mayaområde.[158] Hovudseremonien i Chichén Itzá vart halden ved daggry på plassen til Kukulkanpyramiden, eit av dei viktigaste symbola for mayakulturen. Det arkeologiske området vart opna to timar for tidleg for å ta imot tusenvis av turistar, for det meste utlendingar som kom for å delta i arrangement planlagde til slutten av b'ak'tun 13.[3][158]

Ein brannseremoni og møte for borgarrettane til urfolk i Iximche den 21. desember 2012

Brannseremonien i Tikal vart halden ved daggry på hovudplassen til tempelet for den store jaguaren. Seremonien vart leidd av guatemalanske og utanlandske prestar. Presidenten i Guatemala, Otto Pérez, og presidenten i Costa Rica, Laura Chinchilla, deltok på arrangementet som spesielle gjester. Under seremonien bad prestane om sameining, fred og slutt på diskriminering og rasisme, med håp om at starten på ein ny syklus vil vera ein «ny daggry». Kring 3000 menneske deltok i arrangementet.[154][159]

Dei fleste av desse arrangementa vart organiserte av byrå for dei meksikanske og sentralamerikanske styresmaktene, og deira respektive reiselivsnæringar venta å tiltrekka seg tusenvis av vitjande.[4][154] Mexico er vitja av kring 22 millionar utlendingar i løpet av eit typisk år. I 2012 venta det nasjonale turistbyrået derimot å tiltrekka seg 52 millionar vitjande berre til regionane Chiapas, Yucatán, Quintana Roo, Tabasco og Campeche.[153] Ei maya-aktivistgruppe i Guatemala, Oxlaljuj Ajpop, protesterte mot kommersialiseringa av datoen. Ein talsmann frå maya-ministerkonferansen kommenterte at for dei er ikkje Tikal-seremonien ei framsyning for turistar, men noko åndeleg og personleg. Sekretæren for rådet av styresmaktene til forfedrane (Great Council of Ancestral Authorities) kommenterte at levande mayaer følte at dei var ekskluderte frå aktivitetane i Tikal. Denne gruppa heldt ein parallell seremoni, og klaga over at datoen har vorte brukt til kommersiell vinning. I tillegg, før den viktigaste Tikal-seremonien, protesterte rundt 200 mayaer mot feiringa av di dei kjende seg ekskluderte. Dei fleste moderne mayaer var likegyldige til seremoniane, og det vesle talet menneske som framleis praktiserte eldgamle ritual heldt høgtidelege, meir private seremoniar.[4][154]

Osvaldo Gomez, ein teknisk rådgjevar for Tikal-området, klaga over at mange vitjande under feiringa ulovleg hadde klatra opp trappene til Masketempelet, og forårsaka «uoppretteleg» skade.[160]

Sør-Amerika

[endre | endre wikiteksten]

I Brasil mobiliserte Décio Colla, borgarmeisteren i byen São Francisco de Paula, Rio Grande do Sul, innbyggjarane til å førebu seg på verdas undergang ved å skaffa mat og forsyningar.[161][162] I byen Corguinho i Mato Grosso do Sul, vart det bygd ein koloni for overlevande frå den venta undergangen.[163] I Alto Paraíso de Goiás tilbydde hotella også spesifikke reservasjonar for profetiske datoar.[164]

I Bolivia deltok president Evo Morales i Quechua- og Aymara-ritual, organisert med statleg stønad, for å feira den sørlege solkverven som fann stad på Isla del Sol, i den sørlege delen av Titicacasjøen. Under arrangementet proklamerte Morales byrjinga på «Pachakuti», som tyder verdas oppvakning til ein livskultur og starten på slutten av verdskapitalismen, og han føreslo å avvikla det internasjonale pengefondet og Verdsbanken[5][154][165]

Den 21. desember 2012 vart fjellet Uritorco i Córdoba, Argentina stengt, etter at eit massesjølvmord der hadde vorte føreslått på Facebook.[166]

I USA auka salet av private underjordiske sprengingsskjul monnaleg etter 2009, der fleire byggefirma hadde annonsar som gjorde merksam på apokalypsen i 2012.[167] I Michigan stengde skulane for juleferien to dagar for tidleg, delvis av di rykta om 2012-apokalypsen vekte frykt for gjentekne skytingar som likna Sandy Hook-massakren.[168] Dei amerikanske realitystjernene Heidi Montag og Spencer Pratt avslørte at dei hadde brukt mesteparten av sine akkumulerte inntekter på 10 millionar dollar innan 2010 av di dei trudde at verda ville enda i 2012.[169]

Kulturell innverknad

[endre | endre wikiteksten]

2012-fenomenet vart diskutert eller referert til i fleire medium. Fleire fjernsynsdokumentarar, i tillegg til nokre samtidige fiktive referansar til året 2012, omtalte 21. desember som dagen for ei katastrofal storhending.

UFO-konspirasjonsserien The X-Files siterte 22. desember 2012 som datoen for ei framand kolonisering av jorda, og nemnde at mayakalenderen «stoppar» på denne datoen.[57] History Channel sende ei handfull spesialseriar på dommedag som inkluderte analyse av 2012-teoriar, som Decoding the Past (2005–2007), 2012, End of Days (2006), Last Days on Earth (2006), Seven Signs of the Apocalypse (2009) og Nostradamus 2012 (2008).[170] Discovery Channel sende også 2012 Apocalypse i 2009, som antyda at massive solstormar, magnetisk polomvending, jordskjelv, supervulkanar og andre drastiske naturhendingar kunne skje i 2012.[171] I 2012 lanserte National Geographic Channel eit program kalla Doomsday Preppers, ein dokuserie om folk som vernebur seg for ulike katastrofar, inkludert dommedagen i 2012.[172]

Hundrevis av bøker vart utgjevne om emnet.[96] Den bestseljande boka frå 2009,[173] The Lost Symbol av Dan Brown, inneheldt eit koda falskt e-postnummer (2456282.5) som vart avkoda til den julianske datoen for 21. desember 2012.[174]

På kino var science fiction-katastrofefilmen 2012 av Roland Emmerich frå 2009 inspirert av fenomenet, og førehandspromotering før utgjevinga inkluderte ein skjult marknadsføringskampanje der reklamar og nettstader frå det fiktive «Institute for Human Continuity» bad folk førebu seg på verdas undergang. Sidan desse kampanjane ikkje nemnde sjølve filmen, trudde mange sjåarar at dei var ekte og kontakta astronomar i panikk.[175][176] Sjølv om kampanjen fekk sterk kritikk,[96] vart filmen ein av dei mest suksessrike i 2009, og tente inn nesten 770 millionar US-dollar verda over.[177] Ein artikkel i The Daily Telegraph klandra filmen for den utbreidde frykta for fenomenet i Kina, som var ein kjempehit i det landet fordi han viste kinesarane som bygger «overlevingsarker».[178] Lars von Trier-filmen Melancholia frå 2011 inneheldt ei handling der ein planet dukkar opp bak sola på kollisjonskurs med jorda.[179]

Fenomenet inspirerte også fleire rocke- og popmusikkslagerar. Så tidleg som i 1997 refererte «A Certain Shade of Green» av Incubus til den mystiske trua på at eit skifte i persepsjon ville koma i 2012 («Are you gonna stand around till 2012 A.D.? / What are you waiting for, a certain shade of green?»). Nyare slagerar inkluderer «2012 (It Ain't the End)» (2010) av Jay Sean og «Till the World Ends» (2011) framført av Britney Spears. Mot midten av desember 2012 vart ein internettbløff relatert til at den sørkoreanske songaren Psy var ein av dei fire apokalyptiske ryttarane spreidd rundt på sosiale medieplattformer. Bløffen påstod at når YouTube-videoen «Gangnam Style» nådde ein milliard visningar, ville verda gå under.[180] Den indiske komponisten A. R. Rahman, kjent for Slumdog Millionaire, gav ut singelen «Infinite Love» for å «poda inn tru og optimisme blant folk» før den antekne dommedagen.[181] Coveret til 2012-albumet Don't Panic av All Time Low satiriserer ulike katastrofale hendingar assosierte med fenomenet.

Ei rekkje varemerke køyrde reklamar knytte til fenomenet i dagane og månadene som leidde inn mot datoen. I februar 2012 sende det amerikanske bilselskapet General Motors ein annonse under den årlege fotballkampen Super Bowl der ei gruppe venner køyrde Chevrolet Silveradoar gjennom ruinane av menneskeleg sivilisasjon etter apokalypsen i 2012. Den 17. desember 2012 publiserte Jell-O ein annonse som sa at å tilby Jell-O til mayagudane ville blidgjera dei til å skåna verda. John Verret, professor i reklame ved Boston University, stilte spørsmål ved nytta av å binda store pengesummar til ei så unik og kortsiktig hending.[182]

  1. Talet 13 speler ei viktig rolle i mesoamerikanske kalendrar; tzolk'inen, eller den heilage kalenderen, var delt inn i 13 månader med 20 dagar kvar. Den mayanske «mai»-sykelen bestod av 13 k'atunar. Grunnen til at talet er viktig er uviss, sjølv om korrelasjonane til månefasane og den menneskelege svangerskapsperioden har vorte føreslått.[22][23]
  2. Mayakalenderen, i motsetnad til den vestlege kalenderen, brukte ein null.[16]
  3. I staden for «0.0.0.0.0», representerte den lange mayakalenderen skapingsdatoen som «13.0.0.0.0»[24]
  4. Den første datoen til Coe var «24. desember 2011». Han reviderte datoen til «11. januar e.Kr. 2013» i den andre utgåva av boka frå 1980, [28], og landa ikkje på 23. desember 2012 før den tredje utgåva frå 1984 3.[29] Korrelasjonen av b'ak'tun 13 som 21. desember 2012 dukka først opp i tabell B.2 i 1983-revisjonen til Robert J. Sharer av den 4. utgåva av Sylvanus Morley-boka The Ancient Maya (Morley 1983, Tabell B2)
  1. Kjelder:
  2. 2,0 2,1 «2012 Maya Calendar Mystery and Math, Surviving Yucatan». Yucalandia.com. 16. november 2012. Henta 25. desember 2012. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Miles llegan a Chichén Itzá con la esperanza de una nueva era mejor» [Thousands arrive to Chichén Itzá with the hope of a new better era]. La Nación (Costa Rica) (på spansk). Agence France-Presse. 21. desember 2012. Arkivert frå originalen 21. desember 2012. Henta 22. desember 2012. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Randal C. Archibold (21. desember 2012). «As Doomsday Flops, Rites in Ruins of Mayan Empire». The New York Times. Henta 22. desember 2012. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Mark Stephenson (21. desember 2012). «End Of The World 2012? Not Just Yet». Huffington Post. Henta 22. desember 2012. 
  6. 6,0 6,1 Benjamin Anastas (1. juli 2007). «The Final Days» (reproduced online, at KSU). The New York Times Magazine (New York): Section 6, p. 48. Henta 18. mai 2009. 
  7. «2012: Shadow of the Dark Rift». NASA. 2011. Henta 28. oktober 2012. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 G. Jeffrey MacDonald (27. mars 2007). «Does Maya calendar predict 2012 apocalypse?». USA Today. Henta 14. oktober 2009. 
  9. David Stuart, The Order of Days: The Maya World and the Truth about 2012, Harmony Books, 2011
  10. David Webster (25. september 2007). «The Uses and Abuses of the Ancient Maya» (PDF). The Emergence of the Modern World Conference, Otzenhausen, Germany: Penn State University. Arkivert frå originalen (PDF) 15. februar 2010. Henta 14. oktober 2009. 
  11. Brown, Mike (2008). «SI do not ♥ pseudo-science». Henta 12. desember 2012. 
  12. 12,0 12,1 David Morrison (2012). «Nibiru and Doomsday 2012: Questions and Answers». NASA: Ask an Astrobiologist. Arkivert frå originalen 11. august 2013. Henta 12. desember 2012. 
  13. «2012: Beginning of the End or Why the World Won't End?». NASA. 2009. Arkivert frå originalen 22. februar 2011. Henta 26. februar 2011. 
  14. Jorge Pérez de Lara; John Justeson (2006). «Photographic Documentation of Monuments with Epi-Olmec Script/Imagery» (PDF). Foundation for the Advancement of Mesoamerican Studies. Henta 3. november 2009. 
  15. Andrew K. Scherer (2007). «Population structure of the classic period Maya». American Journal of Physical Anthropology 132 (3): 367–380. PMID 17205548. doi:10.1002/ajpa.20535. 
  16. 16,0 16,1 Marcus, Joyce (1976). «The Origins of Mesoamerican Writing». Annual Review of Anthropology 5: 25–67. JSTOR 2949303. doi:10.1146/annurev.an.05.100176.000343. 
  17. Schele & Freidel 1990, s. 246.
  18. Vincent H. Malmström (19. mars 2003). «The Astronomical Insignificance of Maya Date 13.0.0.0.0» (PDF). Dartmouth College. s. 2. Arkivert frå originalen (PDF) 11. juni 2009. Henta 26. mai 2009. 
  19. Severin 1981, s. 75.
  20. Schele & Freidel 1990, s. 429–430.
  21. Freidel, Schele & Parker 1993, s. 63.
  22. Rice 2007, s. 44, 59.
  23. Duncan McLean Earl; Dean R Snow. «The Origin of the 260-day calendar: the gestation hypothesis reconsidered in light of its use among the Quiche Maya» (PDF). State University of New York at Albany. Henta 20. mars 2011. 
  24. 24,0 24,1 24,2 Wagner, Elizabeth (2000). «Maya Creation Myths and Cosmography». I Grube, Nikolai. Maya: Divine Kings of the Rainforest. Konemann. s. 283. ISBN 978-3-8290-4150-8. 
  25. Aveni 2009, s. 46.
  26. Makemson 1957, p. 4
  27. Coe 1966, s. 149.
  28. Coe 1980, s. 151.
  29. Coe 1984. Denne korrelasjonen, som skil seg med to dagar frå Sharer, er gjenteken i påfølgande utgåver av boka til Coe.
  30. Carrasco 1990 p. 39; Gossen and Leventhal 1993 p. 191
  31. Milbrath 1999, p. 4
  32. 32,0 32,1 32,2 32,3 32,4 Mark Van Stone. «2012 FAQ (Frequently Asked Questions)». FAMSI. Arkivert frå originalen 10. februar 2010. Henta 2. mars 2010. 
  33. 33,0 33,1 Schele & Freidel 1990, s. 81–82, 430–431.
  34. Ryan Rivet (25. juni 2008). «The Sky Is Not Falling». Tulane University. Arkivert frå originalen 18. april 2011. Henta 26. februar 2011. 
  35. 35,0 35,1 Vance, Eric (10 May 2012). «Unprecedented Maya Mural Found, Contradicts 2012 "Doomsday" Myth». National Geographic. Henta 11 May 2012. 
  36. Àngels Maso (2010). «La controversia detrás de la profecía del 2012». Prensa Libre. Arkivert frå originalen 10. januar 2012. Henta 1. januar 2012. 
  37. 37,0 37,1 37,2 Hoopes 2011
  38. Förstemann 1906: 264
  39. Morley 1915: 32
  40. 40,0 40,1 Stephen Houston; David Stuart (1996). «Of gods, glyphs and kings: divinity and rulership among the Classic Maya». Antiquity 70 (268): 289–312. ISSN 0003-598X. OCLC 206025348. doi:10.1017/S0003598X00083289. 
  41. Gronemeyer & MacLeod 2010, s. 8.
  42. Eberl and Prager 2005, p. 28
  43. Eberl and Prager 2005, pp. 29–30, citing Hieroglyphic Stairway E7-H12 at Palenque, plate 104 in Karl Herbert Mayer, Maya Monuments: Sculptures of Unknown Provenance, Supplement 4 [in which the Sajal Niil is depicted in his costume], and Stele 1 from La Mar.
  44. Gronemeyer & MacLeod 2010, s. 11, 36–37.
  45. 45,0 45,1 MacLeod 2011.
  46. Gronemeyer & MacLeod 2010, s. 24, 35.
  47. Stephen Houston (20. desember 2008). «What Will Not Happen in 2012». Maya Decipherment. Henta 29. mai 2011. 
  48. 48,0 48,1 Schele 1992, s. 93–95.
  49. Schele & Freidel 1990, s. 430.
  50. Aveni 2009, s. 49.
  51. William A. Saturno; David Stuart; Anthony F. Aveni; Franco Rossi (11. mai 2012). «Ancient Maya Astronomical Tables from Xultun, Guatemala». Science 336 (6082): 714–717. Bibcode:2012Sci...336..714S. PMID 22582260. doi:10.1126/science.1221444. 
  52. «No hint of world's end in oldest Mayan calendar». Australian Broadcasting Corporation. 11. mai 2012. Henta 18. mai 2012. 
  53. Kjelder:
  54. Hoopes 2011b
  55. Jenkins 2009: 223–229
  56. Aveni 2009, s. 32–33, 156–157.
  57. 57,0 57,1 Sacha Defesche (2007). «'The 2012 Phenomenon': A historical and typological approach to a modern apocalyptic mythology». skepsis. Arkivert frå originalen 31. desember 2012. Henta 29. april 2011. 
  58. Aveni 2009, s. 161.
  59. See in particular, chapter 6 ("The Great Cycle: Its Projected Beginning"), chapter 7 ("The Great Cycle – Its Projected End") and the Appendix, in Waters 1975, pp. 256–264, 265–271, 285
  60. Argüelles 1975
  61. McKenna and McKenna 1975
  62. (the more specific date of 21 December appeared in the 1993 revision of The Invisible Landscape)(McKenna&McKenna 1993)
  63. Cowan, Tommy P (2018). «What Most People Would Call Evil: The Archontic Spirituality of William S. Burroughs». La Rosa di Paracelso: Rivista di Studi sull'Esoterismo Occidentale 2 (1–2): 83–122. Arkivert frå originalen 19. mars 2022. Henta 5. desember 2022. 
  64. Cowan, Tommy P (2018). «What Most People Would Call Evil: The Archontic Spirituality of William S. Burroughs». La Rosa di Paracelso: Rivista di Studi sull'Esoterismo Occidentale 2 (1–2): 85–93. Arkivert frå originalen 19. mars 2022. Henta 5. desember 2022. 
  65. Philip J. Hilts; Mary Battiata (16. august 1987). «Planets Won't Attend Astronomical Celebration». New York Post. Arkivert frå originalen 11 May 2011. Henta 4 November 2009. 
  66. Argüelles 1987
  67. 67,0 67,1 «The Great 2012 Doomsday Scare». NASA. 2009. Arkivert frå originalen 25 January 2010. Henta 27 January 2010. 
  68. Aveni 2009, s. 17–27.
  69. «Survive2012.com homepage». Arkivert frå originalen 15. mai 2001. Henta 15. mai 2001. 
  70. Pinchbeck 2006
  71. Kurt Andersen (24. september 2006). «The End of the World As They Know It». New York. Henta 26. februar 2011. 
  72. Aveni 2009, s. 83.
  73. Hoopes 2009
  74. Hoopes 2012
  75. 75,0 75,1 «Precession». NASA. Arkivert frå originalen 18. november 2009. Henta 3. november 2009. 
  76. Spencer 2000, s. 115–127.
  77. McClure, Bruce. «Teapot of Sagittarius points to galactic center». EarthSky. Arkivert frå originalen 18 November 2009. Henta 3 November 2009. 
  78. «What's going to happen on December 21st 2012?». Cornell University. 2006. Arkivert frå originalen 11 May 2011. Henta 9 May 2011. 
  79. 79,0 79,1 Geoff Gaherty (2008). «Starry Night looks at doomsday». Starry Night Times. Henta 23 October 2009. 
  80. Mark Van Stone. «Questions and comments». FAMSI. Henta 6 September 2010. 
  81. Edmonson 1988, s. 119.
  82. Brian Stross. «Xibalba or Xibalbe». University of Texas. Arkivert frå originalen 11 May 2011. Henta 18 May 2009. 
  83. 83,0 83,1 John Major Jenkins. «What is the Galactic Alignment?». alignment2012.com. Arkivert frå originalen 5 May 2009. Henta 11 May 2009. 
  84. John Major Jenkins (January 2005). «The Mayan Calendar and the Transformation of Consciousness». alignement2012.com. Henta 26 January 2010. 
  85. For an in-depth look at this subject, see Coe 1992, Miller 1993, Pinchbeck 2006
  86. Jenkins 1998, pp. 191–206
  87. Aveni 2009, s. 62.
  88. John Major Jenkins. «Introduction to Maya Cosmogenesis». Henta 14 October 2009. 
  89. John Major Jenkins (June 1999). «The True Alignment Zone». Arkivert frå originalen 1 October 2009. Henta 14 October 2009. 
  90. Meeus 1997, pp. 301–303
  91. Grofe 2011
  92. Jenkins 2009, p. 215
  93. 93,0 93,1 J. J. Aimers; P. M. Rice (2006). «Astronomy, ritual and the interpretation of Maya E-Group architectural assemblages» (PDF). Ancient Mesoamerica 17 (1): 79–96. doi:10.1017/S0956536106060056. 
  94. Aveni 2009, s. 54–55, citing Aveni & Hartung 2000.
  95. Aveni 2009, s. 57.
  96. 96,0 96,1 96,2 96,3 96,4 96,5 «David Morrison: Surviving 2012 and Other Cosmic Disasters». FORA.tv. Arkivert frå originalen 2. april 2013. Henta 17. juli 2010. 
  97. Nutt, D. W. «Cornell Maya expert: World probably won't end Dec. 21». Press & Sun-Bulletin (Gannet). Henta 21 December 2012. [daud lenkje]
  98. E. C. Krupp. «The Great 2012 Scare» (PDF). Sky and Telescope. Arkivert frå originalen (PDF) 12. mars 2013. Henta 11 November 2009. 
  99. Sherry Seethaler (6 December 2007). «Questions answered». U-T San Diego. Arkivert frå originalen 20 November 2010. Henta 16 October 2009. 
  100. Christopher Springob (28. mars 2003). «What would happen if a supermassive black hole came close to the Earth?». Cornell University. Arkivert frå originalen 10 October 2009. Henta 14 October 2009. 
  101. John Major Jenkins (28 July 2006). «How Not to Make a 2012 Documentary». Henta 14 October 2009. 
  102. «Questions Show: Alignment with the Galactic Plane, Destruction from Venus, and the Death of the Solar System». Universe Today. 10 October 2008. Henta 14 October 2009. 
  103. Michael Szpir. «Perturbing the Oort Cloud». American Scientist. The Scientific Research Society. Arkivert frå originalen 21. februar 2017. Henta 25. mars 2008. 
  104. Fraser Cain (11 May 2009). «Galactic Plane». Universe Today. Arkivert frå originalen 6 October 2009. Henta 29 October 2009. 
  105. John N. Bahcall; Safi Bahcall (22 August 1985). «The Sun's motion perpendicular to the galactic plane». Nature 316 (6030): 706–708. Bibcode:1985Natur.316..706B. doi:10.1038/316706a0. 
  106. Abby Cessna (5 July 2009). «Planetary Alignment». Universe Today. Henta 19 April 2011. 
  107. Phil Plait (5. mars 2011). «Good astronomy: Planetary alignments have relatively little to do with earthquakes». Bad Astronomy. Arkivert frå originalen 10 May 2011. Henta 28 April 2011. 
  108. Ian O'Neill (21 June 2008). «2012: No Killer Solar Flare». Universe Today. Arkivert frå originalen 5 August 2010. Henta 14 October 2009. 
  109. Nils Olsen; Mioara Mandea (18 May 2008). «Rapidly changing flows in the Earth's core». Nature Geoscience 1 (6): 390–394. Bibcode:2008NatGe...1..390O. doi:10.1038/ngeo203. 
  110. «Solar Storm Warning». NASA. 2006. Henta 22 December 2012. 
  111. Merrill, Ronald T.; McElhinny, Michael W.; McFadden, Philip L. (1998). The magnetic field of the earth: paleomagnetism, the core, and the deep mantle. Academic Press. ISBN 978-0-12-491246-5. 
  112. Abby Cessna (2 November 2009). «Geomagnetic Reversal». Universe Today. Henta 6. april 2011. 
  113. «Solar Maximum: Three Solar Flares And A Coronal Mass Ejection As The Sun Reaches Peak Solar Activity». NASA. 2013. Henta 14 November 2013. 
  114. O'Neill, Ian (3 October 2008). «2012: No Geomagnetic Reversal». Universe Today. Henta 27 May 2009. 
  115. Tony Phillips (10. mars 2006). «Solar Storm Warning». NASA. Arkivert frå originalen 14 October 2009. Henta 14 October 2009. 
  116. Phillips, Dr. Tony (23 July 2014). «Near Miss: The Solar Superstorm of July 2012». NASA. Henta 26 July 2014. 
  117. Staff (28 April 2014). «Video (04:03) – Carrington-class coronal mass ejection narrowly misses Earth». NASA. Arkivert frå originalen 2. november 2021. Henta 26 July 2014. 
  118. 118,0 118,1 118,2 David Morrison (October 2008). «The Myth of Nibiru and the End of the World in 2012». Skeptical Inquirer. Arkivert frå originalen 24 September 2015. Henta 2. april 2009. 
  119. Schilling 2008, s. 111.
  120. Coe 1992, s. 275–276.
  121. Hancock 1995, p. 499, ff. 27.
  122. Tom Chivers (24 September 2009). «'Web-bot project' makes prophecy of 2012 apocalypse». The Daily Telegraph (London). Henta 4 October 2009. 
  123. 123,0 123,1 David Morrison. «NASA Ask An Astrobiologist». NASA. Arkivert frå originalen 3. mai 2011. Henta 11. april 2011. 
  124. «Is the earth about to enter the Photon Belt, causing the end of life as we know it?». The Straight Dope. 13 September 1996. Arkivert frå originalen 18. mai 2009. Henta 19. april 2011. 
  125. Connelly, Claire (19 January 2011). «Tatooine's twin suns – coming to a planet near you just as soon as Betelgeuse explodes». News.com.au. Arkivert frå originalen 22 September 2012. Henta 14 September 2012. 
  126. Phil Plait (2011). «Betelgeuse and 2012». Bad Astronomy. Arkivert frå originalen 3. november 2012. Henta 1 May 2011. 
  127. Phil Plait (2011). «Is Betelgeuse about to blow?». Bad Astronomy. Arkivert frå originalen 21. april 2011. Henta 1 May 2011. 
  128. Reddy, Francis (2011). «2012: Fear No Supernova». NASA. Henta 23 January 2012. 
  129. 129,0 129,1 Seth Shostak (2011). «NO Spaceships Headed for Earth». SETI. Arkivert frå originalen 10 January 2011. Henta 7 January 2011. 
  130. 130,0 130,1 Phil Plait (2011). «Giant spaceships to attack December 2012?». Discover Magazine. Arkivert frå originalen 30 December 2010. Henta 7 January 2011. 
  131. «One in Seven (14%) Global Citizens Believe End of the World is Coming in Their Lifetime». Ipsos. 2012. Arkivert frå originalen 25. april 2018. Henta 12. februar 2022. 
  132. «Teenager who feared the world was about to end». Western Daily Press. 18. mai 2012. Arkivert frå originalen 5. juni 2012. Henta 22. august 2012. 
  133. 133,0 133,1 «Cosmophobia and the End of the World». NASA Lunar Science Institute. Henta 22. august 2012. 
  134. John Hudson (2011). «What We Know About Jared Lee Loughner». The Atlantic. Henta 16. desember 2019. 
  135. Maïa de la Baume (30. januar 2011). «For End of the World, a French Peak Holds Allure». The New York Times. Arkivert frå originalen 14. januar 2012. Henta 8. mars 2011. 
  136. Samuel, Henry (21. desember 2010). «French village which will 'survive 2012 Armageddon' plagued by visitors». The Daily Telegraph (London). Henta 14. september 2012. 
  137. Oliver Pickup (25. mars 2012). «Hippies head for Noah's Ark: Queue here for rescue aboard alien spaceship». The Independent (London). Henta 26. mars 2012. 
  138. Hanna Osborne. «Mayan Doomsday: French Police Block Access to Survivors' Refuge Pic de Bugarach». International Business Times. Arkivert frå originalen 29. november 2012. Henta 13. desember 2012. 
  139. Alexandra Guillet (2012). «Bugarach is slowly regaining its peace». TFI News. Arkivert frå originalen 22. desember 2012. Henta 22. desember 2012. 
  140. «Chronic end of the world: Bugarach, the Apocalypse can pay big ... or not». France 24. 2012. Henta 22. desember 2012. 
  141. Ungaro, Cosima (11. desember 2012). «Mayan Apocalypse 2012: Sirince, Turkish Village, Flooded By Doomsday Believers». Huffington Post. Agence France-Presse. Henta 13. desember 2012. 
  142. «Şirince misses crowds on Dec 21 'doomsday'». Hürriyet Daily News. 2012. Henta 22. desember 2012. 
  143. Jovanovic, Dragana (13. desember 2012). «Apocalypse Believers Flock to Pyramid Shaped Mountain Peak». ABC News. Henta 10. april 2020. 
  144. Ellen Barry (1. desember 2012). «In Panicky Russia, It's Official: End of World Is Not Near». The New York Times. Henta 13. desember 2012. 
  145. Miriam Elder (20. desember 2012). «Putin offers alternative to Mayan prophecy for date of apocalypse». The Guardian (London). Henta 21. desember 2012. 
  146. «Vatican assures world not ending». 3 News NZ. 12. desember 2012. Arkivert frå originalen 22. september 2013. Henta 11. desember 2012. 
  147. «Almost 1,000 doomsday cult members arrested in China». BBC News. 20. desember 2012. Henta 21. desember 2012. 
  148. Dunn, Emily (November 2016). «Reincarnated Religion? The Eschatology of the Church of Almighty God in Comparative Perspective». Studies in World Christianity (på engelsk) 22 (3): 216–233. doi:10.3366/swc.2016.0157. 
  149. 149,0 149,1 "大劫"将至 中国出现末日喧嚣, cn.wsj.com
  150. 150,0 150,1 Ford, Peter (December 2012). «Chinese police suspect man who stabbed 23 kids 'influenced' by doomsday rumor». The Christian Science Monitor. Henta 17. desember 2012. 
  151. «PM Julia Gillard Addresses the End of the World». Arkivert frå originalen 2. november 2021 – via www.youtube.com. 
  152. Ellen Feely (2012). «Neil Mitchell uncomfortable with 'immature' end of world video». 3AW693. Arkivert frå originalen 9. desember 2012. Henta 6. januar 2013. 
  153. 153,0 153,1 «Mayans launch apocalypse countdown». Associated Press. 21. desember 2011. Henta 30. desember 2011. 
  154. 154,0 154,1 154,2 154,3 154,4 «Mayas guatemaltecos inician ceremonia de fuego para recibir nueva era» [Guatemalan Mayans begin fire ceremony to welcome new era]. La Nación (Costa Rica) (på spansk). Agence France-Presse. 21. desember 2012. Arkivert frå originalen 21. desember 2012. Henta 22. desember 2012. 
  155. EFE (22. desember 2012). «Salvadoreños celebran el 13 Bʼaktun entre danzas, ceremonias y deseos de paz» [Salvadoreans commemorate the Bʼaktun 13 with dancing, ceremonials and wishes for peace]. Fox News Latino (på spansk). Arkivert frå originalen 20. mai 2013. Henta 22. desember 2012. 
  156. Gustavo Banegas (22. desember 2012). «Turistas invaden Copán Ruinas en cierre del 13 baktun» [Tourists invade the Copan Ruins for the end of the baktun 13]. El Heraldo (Tegucigalpa) (på spansk). Henta 22. desember 2012. 
  157. Planas, Roque (21. desember 2012). «Mayan Celebrations Held Across Latin America, As Baktun 13 Ends And New Era Begins (PHOTOS)». Huffington Post. Henta 22. desember 2012. 
  158. 158,0 158,1 Notimex (22. desember 2012). «Sin incidentes el fin del Baktún 13: INAH» [INAH: The end of Baktún 13 was without incidents]. Diario de Yucatán (på spansk). Arkivert frå originalen 30. desember 2012. Henta 22. desember 2012. 
  159. «Celebraciones marcan el cambio de era del calendario maya» [Celebrations marking the change of the Mayan calendar era]. La Nación (Costa Rica) (på spansk). Agence France-Presse. 21. desember 2012. Arkivert frå originalen 21 December 2012. Henta 22. desember 2012. 
  160. «Mayan Temple damaged at end of the world party». news.com.au. 24. desember 2012. Arkivert frå originalen 25. september 2013. Henta 27. desember 2012. 
  161. Tometto, Mauricio (14. mars 2012). «RS: prefeito orienta população a se preparar para 'fim do mundo'». Terra. Henta 16. mars 2012. 
  162. Rebello, Vinicius (2012). «Prefeito mobiliza São Francisco de Paula, RS, para 'fim do mundo'». Globo. 
  163. Assumpção, Isabela (2012). «Cidade está sendo construída para refugiar sobreviventes de 'tragédia'». Globo Reporter. Henta 16. mars 2012. 
  164. Carvalho, Versanna (2012). «Hotéis de Alto Paraíso de Goiás já fazem reservas para 'datas proféticas'». Henta 16. mars 2012. 
  165. EFE (21. desember 2012). «Evo Morales criticó al sistema capital durante celebración maya» [Evo Morales criticized capitalism during Mayan celebration]. El Tiempo (Colombia) (på spansk). Henta 22. desember 2012. 
  166. «Cerrarían el Uritorco el próximo viernes por temor a suicidio masivo». Telefe Noticias (på spansk). 17. desember 2012. Arkivert frå originalen 26. mai 2013. Henta 17. desember 2012. 
  167. Matheny, Keith (28. juli 2010). «Doomsday shelters making a comeback». USA Today. Henta 6. april 2012. 
  168. Tracy Connor; Maureen Mullen (2012). «Newtown, Mayan end-of-world rumors prompt Michigan officials to close 33 schools». NBC News. Arkivert frå originalen 2. november 2013. Henta 30. oktober 2013. 
  169. «Heidi Montag and Spencer Pratt spent fortune ahead of Mayan apocalypse prophecy». SFGate. 2013. Henta 30. oktober 2013. 
  170. «Armageddon series». The History Channel. 2008. Arkivert frå originalen 29. april 2009. Henta 1. mai 2009. 
  171. «2012 Apocalypse». The Discovery Channel. 2009. Arkivert frå originalen 11. november 2009. Henta 8. november 2009. 
  172. «Doomsday Preppers». National Geographic. Henta 6. april 2012. 
  173. «Best-Selling Books of 2009». marketingcharts.com. 4. januar 2010. Henta 10. mai 2011. 
  174. Dan Bernstein; Arne de Kiuzer (2012). Secrets of The Lost Symbol. Weidenfeld & Nicolson. ISBN 978-0-297-86060-0. Henta 19. desember 2012. 
  175. Mike Brown (7. juni 2009). «Sony Pictures and the End of the World». Mike Brown's Planets. Henta 7. juni 2009. 
  176. Connor, Steve (17. oktober 2009). «Relax, the end isn't nigh». The Independent (London). Arkivert frå originalen 20. oktober 2009. Henta 20. oktober 2009. 
  177. «2009 Worldwide Grosses». Box Office Mojo. Arkivert frå originalen 9. februar 2010. Henta 25. februar 2010. 
  178. Malcolm Moore (7. desember 2012). «China fears end of the world is nigh». The Daily Telegraph (London). Arkivert frå originalen 11. januar 2022. Henta 11. desember 2012. 
  179. Borys Kit (13. februar 2011). «Magnolia Picks Up North American Rights to Lars von Trier's 'Melancholia'». The Hollywood Reporter. Henta 27. mai 2011. 
  180. Suat Ling, Chok (20. desember 2012). «Much ado about apocalypse». New Straits Times. Arkivert frå originalen 4. november 2013. Henta 21. desember 2012. 
  181. «AR Rahman's special song for Doomsday». The Times of India. 13. desember 2012. Arkivert frå originalen 24. mai 2013. Henta 16. februar 2012. 
  182. Wong, Vanessa (19. desember 2012). «Brands Capitalize on 'Impending Apocalypse'». BusinessWeek. Henta 26. desember 2012. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: 2012-fenomenet