İzmir
Izmir | |||
İzmir | |||
by | |||
Konakplassen i sentrum av Izmir
| |||
Kallenamn: Egearhavet si perle | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Egearregionen | ||
Provins | Provinsen Izmir | ||
Høgd | 2 moh. | ||
Koordinatar | 38°26′N 27°09′E / 38.433°N 27.150°E | ||
Areal | 855,00 km² | ||
Folketal | 2 783 866 [1][2] | ||
- storby | 3 366 947 | ||
Folketettleik | 3 256 / km² | ||
Borgarmeister | Aziz Kocaoğlu | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 35xxx | ||
Retningsnummer | (+90) 232 | ||
İzmir 38°24′46″N 27°08′18″E / 38.41273°N 27.13838°E | |||
Kart som viser İzmir.
| |||
Wikimedia Commons: İzmir | |||
Nettstad: www.izmir.bel.tr |
Izmir (tyrkisk İzmir, fram til 1929 Smyrna) er ein stor by heilt vest i Anatolia og den tredje største byen i Tyrkia med 2 783 866 innbyggjarar. Storbyområdet kring Izmir strekkjer seg langs İzmirbukta og innover i landet til nordsida av elva Gediz og aust langs ei elveslette danna av fleire småelvar til meir kupert terreng i sør. I storbyområdet bur kring 3,4 millionar innbyggjarar.[3][4] Den antikke byen vart kalla Smyrna, (Σμύρνη, Smyrne på gresk).
Byen Izmir består av fleire bydelar. Av desse samsvarar Konak med den historiske Izmir, og Konakplassen er framleis sentrum i byen. Dei andre bydelane som utgjer Izmir er Balçova, Bayraklı, Bornova, Buca, Çiğli, Gaziemir, Güzelbahçe, Karabağlar, Karşıyaka og Narlıdere. Nesten alle desse har vore eigne byar og landsbyar i tidlegare tider.
Han er den største eksporthamna og den nest største importhamna i Tyrkia med utførsel av fiken, tobakk, rosiner, bomull og anna. Byen er sete for ei stor årleg internasjonal handelsmesse. Byen har universitet frå 1955. Søraustkommandoen til NATO har hovudkvarteret sitt i İzmir. Her er stor turisttrafikk, mellom anna til dei nærliggande ruinbyane Efesos og Pergamon. Byen har eit arkeologisk museum og Atatürk-museum. Av dei historiske minnesmerka i byen finn ein mellom andre Hisar-moskeen frå 1375, klokketårnet Saat Kulesi oppført til minne om sultanen Abdülhamit, og det romerske teatret frå 54 e.Kr med ei scene i tre etasjar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Smyrna vart grunnlagt som gresk koloni 1100 fvt. og meinast å ha vore heimbyen til Homer. 575 fvt. øydela lydarane byen, som vart gjenoppbygd kring 300 fvt. Smyrna hadde ei blomstringstid under romarane, særleg på 100-talet, med rik byggekunst og vitskap. Byen var bysantinsk til 1000-talet, då han vart erobra av seldsjukkane og gjenerobra 1097 under det første krosstoget. Han kom så under sterk genovesisk innverknad. I 1320 vart han igjen erobra av seldsjukkane, men på ny gjenerobra 1344 av krossfararane. Mongolane tok byen i 1403, og han vart så innlema i Det osmanske riket. Smyrna vart herja av jordskjelv og brannar på 1600–1800-talet, men stadig gjenoppbygd. Under den tyrkisken-greske krigen vart Smyrna erobra av grekarane i 1919 og tilfall Hellas ved freden i Sèvres i 1920. Tyrkarane erobra byen i 1922, og gjennomførte ein særs omfattande massakre. Ulike kjelder reknar at mellom 10 000 og 400 000 mista livet. Byen har vore tyrkisk sidan 1923.
Klima
[endre | endre wikiteksten]İzmir har eit typisk middelhavsklima med lange, varme og tørre somrar, og milde til kjølige, våte vintrar. Den normale årsnedbøren for Izmir er 706 mm, men 77 % av dette kjem frå november til mars. Det er nesten ingen nedbør i det heile frå juni til august.
Vêrdata for İzmir | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 13 | 14 | 17 | 21 | 26 | 31 | 33 | 33 | 29 | 24 | 19 | 14 | 23 |
Gjennomsnittleg min °C | 4 | 4 | 6 | 9 | 13 | 17 | 21 | 21 | 17 | 13 | 9 | 6 | 12 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 112 | 84 | 76 | 43 | 33 | 15 | 5 | 5 | 20 | 53 | 84 | 122 | 652 |
Gns. luftfukt (%) | 72 | 69 | 65 | 63 | 60 | 52 | 49 | 49 | 55 | 64 | 70 | 72 | 62 |
Gns. solskinstimar i månaden | 124 | 168 | 186 | 240 | 310 | 360 | 403 | 372 | 300 | 248 | 180 | 124 | 3 015 |
Kjelde: BBC Weather[5]Klima og temperatur[6] |
Folk frå Izmir
[endre | endre wikiteksten]- Ece Temelkuran (f. 1973), forfattar, journalist[7][8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Izmir» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ - 2011
- ↑ Büyükşehir belediyeleri ve bağlı belediyelerin nüfusları - 2011, arkivert frå originalen 6. oktober 2014, henta 21. august 2012
- ↑ - 2011
- ↑ Büyükşehir belediyeleri ve bağlı belediyelerin nüfusları - 2011, arkivert frå originalen 6. oktober 2014, henta 21. august 2012
- ↑ «İzmir». BBC News.
- ↑ http://www.climatetemp.info/turkey/izmir.html
- ↑ "About", ecetemelkuran.com Arkivert 2016-04-21 ved Wayback Machine.
- ↑ "Ece Temelkuran"", haberler.com
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- EXPO 2020 İZMİR Arkivert 2011-07-04 ved Wayback Machine.
- Izmir byportal Arkivert 2013-02-04 ved Wayback Machine.
- Gamle bilete av Izmir Arkivert 2012-08-09 ved Wayback Machine.