Ólafur Örn Bjarnason
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Olafur Örn Bjarnason | ||
Kallenamn | Örn 1 | ||
Fødd | 15. mai 1975 | ||
Fødestad | Grindavík | ||
Høgd | 188 cm | ||
Posisjon | Midtstoppar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Grindavík | ||
Nummer | 18 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1994 | Grindavík | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1995-1997 1998-2000 2001-2003 2004-10 2010- |
Grindavík Malmö FF Grindavík SK Brann Grindavík |
51 (2) 22 (2) 54 (10) 151 (11) 0 (0) | |
Landslag | |||
1996 1998-2007 |
Island U21 Island |
4 (1) 28 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 3. mai 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 9. juni 2007 |
Ólafur Örn Bjarnason (fødd 16. mai 1975) er ein islandsk fotballspelar. Frå 2004 til 2010 spelte han for Brann, som midtstoppar. I 2010 byrja han spela for Grindavík.
Bjarnason sin karriere starta i den islandske klubben Grindavik, der han debuterte i 1995. I 1998 gjekk turen til den svenske klubben Malmö FF. Der blei han tidvis flytta opp på midtbanen med vekslande hell. Difor reiste han attende til Grindavik i 2000, der han for alvor begynte å markera seg som ein god midtstoppar.
Då han blei klar for Brann hausten 2003 hadde han òg etablert seg på det islandske landslaget. Han var òg aktuell for den engelske klubben Stoke City, men valde Brann. Han hadde ei god innleiing på karrieren i Brann, og spelte alle seriekampane i 2004-sesongen.
I 2005 fekk han kritikk for ikkje å ha vore like stødig i forsvarsspelet, og på seinsommaren pådrog han seg òg ein skade som gjorde at han mista resten av sesongen for Brann.
I 2006 har Bjarnasson forsvart plassen sin i Brann sitt midtforsvar. Saman med landsmannen Kristján Örn Sigurðsson har han vore førsteval heile sesongen igjennom. Bjarnason signerte ny kontrakt med SK Brann sommaren 2006. Han er no kontraktbunden til klubben ut sesongen 2007.
Bjarnason blir rekna som ein stor og sterk midstoppar som er flink til å tima hovudduellar.