iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.
iBet uBet web content aggregator. Adding the entire web to your favor.



Link to original content: http://ordbokene.no/nob/contact
Kontakt oss - ordbøkene.no

Kontakt oss

Ofte stilte spørsmål:

Kvifor fungerer ikkje appen?

Appen Ordbøkene og innhaldet i han blir ikkje lenger oppdatert, og du bør derfor bruke denne nettsida i staden. Les meir på hjelp-sida om korleis du kan opprette snarveg til ordbøkene på startskjermen.

Kvifor manglar somme ord i ordbøkene?

Det finst mange ord, både gamle og nye, som ikkje er med i ordbøkene, men som du gjerne kan bruke likevel. Normalt kjem ikkje nye ord inn i ordbøkene før dei har vore i bruk ei stund og er etablerte i språket. I Revisjonsprosjektet legg vi inn nye ord og fjernar umotiverte hol i ordutvalet i dei to ordbøkene, men ein del av desse hola kjem av skilnader mellom dei to skriftspråka. Les meir på informasjonssida

Kan eg sleppe å trykkje «vis bøying»?

Ja, du kan endre dette i innstillingane, som du finn øvst og nedst på sida. Hak av for «Vis alltid bøyingstabellane».

Kva sider må vere opne for at ordbøkene skal fungere på eksamen?

Sjå kva domene som må vere opne.

Kontaktinformasjon

Innhaldet i ordbøkene

Spørsmål og tilbakemeldingar med omsyn til ord, bøyingsformer og anna innhald i ordbøkene: ordbok@uib.no

Funksjonalitet og tekniske feil

Rapporter tekniske feil og gje tilbakemeldingar på brukargrensesnittet: ordbok-teknisk@uib.no